Alfred Bamse sine bokprosjekt.

Alfred Bamse har mykje rart på gang, men da siste er å forske på helsevesenet , og Helse Førde spesielt.
Vist alt går etter planen så vil han gje ut bok om forskninga si framunder juletider.
Lenger ned på sida her, vil han oppdatere med bilder, sånn dann og vann, om kva han har opplevd underveis med forskninga si.
Bilda og teksten som står under her, er ikkje dei same som vil verte brukt i boka. På den andre side så kan det godt hende både enkelte bilder og enkelt tekst vil dukke opp i boka. 
Sakt på ein anna måte, så er det ingen sammenheng mylja bilder og tekst på heimesida, og det som kjem i boka. Enkelte bilder og tekst som dukker opp her, vil kun være for heimesida.
Endå lenger ned på sida kan du lese om kva Alfred Bamse har putla på med tidligare.
Nye oppdateringer vil verte merka med dato.

Her vil Alfred Bamse, med sine eigne ord og bilder, fortelje litt korleis det går med bokprosjekta hans.

Vist du kom direkte til denne sida frå andre plassa, kan du komme til heimesideframsida for Bulandet og Værlandet her.

Her kan ein lese endå litt meir om Alfred Bamse.

Her er festskrifta dei ulike klassane på Bulandet Skule, laga til meg i anledning boksleppet.
 

19.05.11
Alfred Bamse har bestemt seg for å forske ut Helse Førde og ellers alt som har med helse å gjere. Litt bilder finn du lenger nede. Da vil nok komme fleire bilder etter kvart som han forska.

25.03.11
Alfred Bamse befinn seg for øyeblikket på Bali, og under her er litt bilder og tekst som fortel om forhistoria til Bali turen.

28.12.10
Har lagt inn litt bilder frå julefeiring og Floren til Liv 28. november.

30.10.10
Har vore på boksignering på Joker Værlandet, og under her kan du sjå litt bilder frå seansen.

23.10.10
I dag har eg vore på boksignering på Joker Bulandet. Under her kan du sjå litt korleis da gjekk føre seg.

20.10.10
No er bokslepp og bokmøte med bokhandlera og bibliotekara ferdig. Under her kan du sjå litt bilder frå tildragelsen.
Da er alt som gjekk føre seg 18.  og 19. oktober.

02.10.10
No er boka om Alfred til trykking borte på Otta. Vist alt går etter planen er bøkene hos Selja Forlag den 15. oktober, og så kjem Kurten til Bulandet med bilen trakkande full i bøker, på morningen tirsdag 19. oktober. Mandag 18. oktober skal Kurten og Alfreden på hotell for å skryte av seg sjølv, til bokhandlarar og bibliotekarar.
No er da ikkje alltid ting går etter planen, og det kan fort verte forsinkelsa, så bokslepp og sånt vert ikkje offisielt annonsert før alt er helt sikkert.
Men går alt etter planen vert da bokslepp på Bulandet Skule tirsdag 19. oktober, og då er alle velkomne til å komme å kikke. Verken Kurten eller Alfreden har vore på bokslepp før, så vi veit ikkje korleis sånt virka. Men vi kjem no til å sitte dar med ein bunke bøker og ei skål med kjeks.
Uansett så vert boksleppet behørlig annonsert, med program og greier, når alt er er heilt sikkert.

Under her kan ein sjå litt forskjellig om Alfred og bokprosjekta hans.

Det som er øverst viser Alfred Bamse sitt nye bokprosjekt om å sjekke helsevesenet i Sogn og Fjordane, og Helse Førde spesielt. Datoen viser når bilder og tekst blei lagt inn, og ikkje når bilda blei tekne.
Lenger ned kan ein sjå bilder og lese om stunt Alfred har gjort tidligare.

 

19.03.11 Da første eg gjorde når eg skulle sjekke sykehuset i Førde, var å kjøpe meg ei doktorveske, berre liksom for å virke litt meir autoritær og tøff på ett vis. Så var eg i kjelleren på sykehuset, hos husøkonomen, for å få sydd klær som stod i stil til både meg og doktorveska. Eg skjønna ikkje kva ordet autoritær betyr, men han manageren min sa at da var lurt å sjå sånn ut.



19.03.11 Her sit eg i resepsjonen på sykehuset for å fortelje at eg vil sjekke heile bygningen frå topp til tå, mens eg prøver å være så autoritær og bestemt som eg berre kan. Da var ikkje hjelp i å tøffe seg, skulle eg sjekke bygningen frå topp til tå, så måtte eg få nåke som heiter autorisasjon og så måtte eg få ett identifikasjonskort. Eg skjønte ikkje alt, men forstod no sopass at eg måtte gå til ein plass som heiter "Innskrivning".

19.03.11 Her er eg på "Innskrivning". Eg har allerede oppdaga at eg ikkje får sjekke sykehuset frå topp til tå med autoritær og tøff stil, så no prøver eg meg med skikkelig råsjarmering. Men da hjelper ikkje da heller, ho Tone må sjekke meg på data'n seier ho. Eg håper da ligg nåke på dinna data'n hennars, som seier at eg er snill og grei, og skikkelig autorisert til å sjekke sykehuset frå topp til tå. Så får eg berre håpe at ingen skjønna at eg ikkje forstår kva ordet autorisert betyr heller.




Du må klikke ein gong på bileta for å få dei større.

25.03.11 Reisa til Bali begynte egentlig når eg var i Førde for å hjelpe Førde Volleyballklubb til å verte norgesmester i volleyball. Eg gav treneren masse god tips om strategi og intervalltrening og sånt. Eg trimma knallhardt påska 2008, og så har eg slappa av og strekt ut etterpå, men so lange intervall trengde ikkje Førde Volleyballklubb ha, fortalte eg. Så var eg reserve vara innbyttar under Cupfinalen. Førde vant, so eg må no ha gjort en god jobb.

25.03.11 Eg blei godt kjent med den proffesjonelle sandvolleyball spelaren Geir Eithun, som spela på Førde Volleyballklubb. Vi vart no i grunn einig om at eg skulle få være med han vidare ut i verden, siden eg gjorde so god jobb under cupfinalen. Bilder er frå før kampen, alle dei andre åt kake og skrytte av seg sjølv, mens eg som vanle jobba knallhardt. Her er eg i full sving med å passe på volleyball ballen som dei brukte under cupfinalen.

25.03.11 Eg må no ærlig innrømme at det ikkje var berre Førde Volleyballklubb og Geir Eithun som fekk meg intressert i volleyball. Eg vart no einig med Geir i at han får ta seg av volleyballspeling, so skal eg ta meg av publikum og fans. Da er en jobb eg er helt sikker på at eg skal trivast godt med.

25.03.11 Her drøser eg litt med bilettøren før eg skal på cupfinale.

25.03.11 Cupfinalen er i full sving, og da ser ut som Førde Volleyballklubb og Geir Eithun har full kontroll ute på bana, og at trenaren har hørt på alle dei gode råda mine. Så då er da berre for meg å konsentrere meg om publikum og fans.

25.03.11 Å ta seg av publikum og fans er jammen en kjekk jobb, mykje bedre enn å være på tur med dinna gamle manageren min.

25.03.11 Her er eg tilbakers i Førde rett før eg skal til Bali. Ei av mine utallige gode venninner i Bulandet, Anne Marie Graarud, har sydd sånne strandløve klær til meg. Eg og Geir Eithun er klar til å reise til Bali.

25.03.11 Det er ikkje berre å reise utenlands sånn uten videre fekk eg greie på, så her er eg på politistasjonen i Førde for å ta passbilde.

25.03.11 Sjølvaste øverste sjefslensmannen i Førde sjekka om eg hadde alle papira mine iorden. Lensmannen var skikkelig fornøgd med meg, eg hadde helt plettfri vandel.

25.03.11 På politistasjonen i Førde har dei ikkje berre øverste sjefslensmanna for folk, dei har nemmeligen en øverste sjefslensmann for bamsa òg. Eg blei god venn med lensmannsbamsen, og når eg kjem tilbakers frå Bali så snakka han om å utnevne meg til bamsebetjent for heile Bulandet og Værlandet.

25.03.11 Alle papira er iorden, og eg og Geir er klar til å reise vekk frå vinter og kulde så fort vi kan.

25.03.11 Eg øvelet ingenting til tilfeldighetene og har øvd meg på å være strandløve og publikumsmagnet, heime i godstolen i lengre tid. Knallhardt arbeid, men eg føler eg har begynt å få dreisen på da no.

25.03.11 Jammen har eg da fint her på Bali. Mykje knallhardt arbeid med å smørje seg inn med solkrem og sjå på finer damer og sånt, men knallhardt arbeid er eg vant med, så det går fint. Bildet er foresten teke rett itte at eg hadde vore på kino og sett Karate Kid, så eg er litt inspirert av filmen. Eg pleier ikkje stå sånn å fekte med labbane nede på Bali, sånn til vanlig altso.

23.12.10 Her er eg og Rune, vi feirer bursdagen til Eva på vesle julafta. Rune er skipper på ferja, så han kjenner eg godt fra før. I boka om meg er da til og med bilde av han, ett kjempefint bilde av nakken hans.

24.12.10 Her har eg vore ute å spasert litt på formiddagen julafta. Nissen som er her , er berre en sånn utstoppa en, som står utfor døra til Eva og Steinar, da er ikkje den ekte altso.

24.12.10 Her slappa eg at litt før eg skal hjelpe til med å lage julemat og knipe på julepakka og sånne juleting

24.12.10 Her sjekka eg og Mary julepakkane. Vi fant ut at da var ett passelig balansert forhold mellom mjuke og harde pakka, da vil sei at da var mest harde pakka.

24.12.10 Eg har lært meg matkunst hos kokken når eg var offshore, så eg har fått ansvaret for å ta meg av kålrabistappen. Her driv eg på å overtale ho Mary til å skrelle kålrabien. En matkunstner må konsentrere seg om matlaging og heller overlate grovarbeidet til andre

24.12.10 Mens Mary skrella kålrabi så sjekka eg om han Steinar har kontroll på resten. Helt kontroll har han no ikkje, men han har i alle fall fått pinnekjøtet i vatn.

24.12.10 Kålrabien har komme på kok, mens eg passa på at det ikkje koka over og at alt ellers er under kontroll. Tid til å få på meg finstasen har eg fått òg.

24.12.10 Her er eg i full sving med kålrabistapping. Eg er skikkelig flink til å stappe og røre i grytene. Berre sjå i boka om meg, så ser dåke kem som har lært meg det.

24.12.10 Som den ekte matkunstner eg er, så lika eg å eksprimentere med ingrediensa. Men når eg skulle eksprimentere med Akevitten til Steinar, så kom han og tok den frå meg.Han har ikkje særlig greie på eksprimentering med ingrediensa han Steinar, han vil ha Akevitten for seg og kålrabistappen for seg. Han lika ikkje Akevitt med kålrabi stappe oppi seie han. Berre så det er nevnt så eksprementerte eg ikkje med flaska i bakgrunnen.

24.12.10 Då er alt nesten ferdig. Her sjekka eg endå en gang at alt er iorden, og så fortel eg Mary litt om ingrediensa og matkunst og sånt.

24.12.10 Ho Eva har dekka fint på bordet, så her er det berre å hive seg i eting.

24.12.10 Eg er ikkje berre ekspert på matkunst, eg er ekspert på eting og nemlig. Her er eg klar til å nyte julemiddagen.

24.12.10 Etter masse matkunst og eting, så er det godt med en lur. Her tek eg og Steinar oss en velfortjent julelur.

28.11.10 Her har eg rigga meg til i Floren. Nokre bamsevenna har eg med meg òg. Så studera eg boka "Jorunn i Alden" som hadde bokslepp dagen før eg var der

28.11.10 Her er ho Liv i gang med å lage masse god mat. Kakene står klar, og ser skikkelig frestande ut.

28.11.10 Av alle dei ting eg ikkje klara å motstå, så er fristelsa ein av dei tinga. Einar Magne hjelper meg i kakerua, mens Arne bak klara seg fint sjølv

28.11.10 Det som eg liker aller best med å være sånn bok kjendis er alle jentene som synes at eg er veldig søt. Dei er no jammen søte dissa jentene også, og eg trivast i grunn godt med å være bok kjendis. Her er da ho Oddbjørg som kosa med meg.

28.11.10 Dagen før eg var i Floren, så var det bokslepp for ei anna bok som heiter "Jorunn i Alden". Her er forfatterska, ho Heidi Hattestein. Eg er i grunn litt misunnelig på den boka, tenk å ha ei så flott forfatterske, mens eg må klare meg med en gammel skrukkete forfatter og manager. Livet er litt urettferdig i grunn.

28.11.10 Her er ho Kristin Nikøy som har laga alle dei flotte tegningane i boka "Jorunn i Alden". Tenk å ha ei so flott illustratørske til å lage ei bok, mens eg måtte klare meg med bilde tekne av dinna gamle skrukkete manageren min.

28.11.10 Her er da forfatterska av "Jorunn i Alden, ho Heidi Hattestein, som diskutera ett eller anna med ho Kari Helen Blikås. Kari Helen var ei av drivkreftene bak den boka. Da er berre flotte jenter som er involvert i "Jorunn i Alden" boka, ikkje løye at da vart ei flott bok. Eg hadde no nokre flotte jenter involvert i boka om meg og då, Grethe og Anne-Britt på Selja Forlag, so eg skal ikkje klage i så måte. Det er berre han der manageren min som dreg ned heilhetsintrykket.

28.11.10 Eiga fin trollkake hadde dei fått laga òg, til boksleppet for boka "Jorunn i Alden".

28.11.10 Eg fekk no tak i fin signert bok om "Jorunn i Alden", med hjerter og fine greier. Skikkelig kjekke jenter ditta der.

30.10.10 Eg er helt klar til å hjelpe manageren min med boksignering på Joker Værlandet.

30.10.10 Her er eg og ein av kompisane mine, han Audun.

30.10.10 Da var masse kjekke folk innom for å helse på, og for å kjøpe bok om meg, sjølv om ingen torde sitte ved same bord som meg. Eg ser nok sikkert litt skummel ut ved første augekast, men ellers er eg altso ein skikkelig kosete, tam og sosial bamse.

30.10.10 Jarl kjøpte boka om meg, berre for å sjå på tekniske detalja sa han. Han kikka no på masse bilde utav meg , såg eg, so eg trur nok han lika bamsa og. Men at han såg på meg kan no kanskje ha ein sammenheng med at eg er med på alle bilda med tekniske detalja då. Uansett so er no han Jarl ein utav kompisane mine òg.

30.10.10 Da er slitsomt å være med manageren min på boksignering, så litt sunt kosthold må ein få i seg underveis.

30.10.10 Her er vi ferdig med boksalg og boksignering. Den fulle øska med bøker som vi hadde med oss, har god plass til meg no.

30.10.10 Då er da berre å hive seg i bilen sånn at eg kan komme meg tilbakers til ho Maja. Da er nemlig ho Maja som passa på meg heile helga, eg er berre med manageren min sånn at han ikkje skal være heilt hjelpelaus med dinna boksigneringa si.

23.10.10 No i helga var eg egentlig på besøk hos ho Tonje Halsøy, heile tida. Men siden han der manageren min er helt hjelpelaus uten meg, så måtte eg hjelpe han nokre timer i dag. Han skulle sitte å selge bøker og signere på Joker Bulandet, og då måtte no berre eg trå til, for å hjelpe til.

23.10.10 Ho Jofrid i Melværen ser no ut til å være godt fornøgd med dei signerte bøkene ho har kjøpt.

23.10.10 Dei hadde kjøpt skikkelig god og fin kake der på Joker Bulandet. Eg smakte på kaka og den smakte like godt som den ser ut. Manageren min var veldig fornøgd med kaka han òg. Eg tipsa nemlig kakebakerane om at dei godt kunne ha litt meir hår på haue til manageren på kaka, enn kva han vanligvis har. Dei brukte sikkert masse meir tid og utstyr på å få da til, men manageren min var skikkelig fornøgd heile dagen ettter at han såg kaka, så det var nok verdt da.

23.10.10 Da var eigen krok der ein kunne sitte å fargelegge bilde av meg. Eg trivast i grunn godt med å verte fargelagt. Når han manageren min får tida på seg, så skal han legge alle dei fine fargelagde bilda av meg ut på Heimesida til Bulandet og Værlandet, og kanskje her på dinna fjesboka og.

23.10.10 Her er ho Emmy borte og gir meg ett av dei fine fargelagde bilda. Han forbaska manageren min forstyrra meg med ditta kameraet sitt, så eg viste i grunn ikkje ka vei eg skulle sjå, så eg såg berre rett fram.

23.10.10 Her er eg og ei av gamlegoetantene til manageren min, ho Anna. Eg trivdest godt i dissa armane, og eg følte meg skikkelig ekstra sjarmerande i armane på ei sånn sjarmerande dame som ho Anna. Eg trur nesten eg må høyre på skulen om eg kan få overnatte ei helg hos ho Anna.

23.10.10 Her sit manageren min å signera bøker om meg. Han ser no like slasken ut som han pleier, sjølv om han har prøvd å pynte seg litt.

23.10.10 Sånn ser i grunn ei signert bok ut. Da er manageren min som laga signatur, men han har eigen Alfred-penn som han signera med, og han har fått lov av meg å signere. Eg er ellers ikkje so flink med rettskriving og sånt, eg er no tross alt berre ein bamse. så manageren min har fått ett eige stempel som han kan signere for meg med.

19.10.10 No har eg komme fram til Bulandet Skule, tidelig på morningen, klar til bokslepp. Her sit eg på skulekjøkkenet og beundra nokre av kakene eg har kjøpt. Berre so da er sagt, så har eg ikkje bakt sjølv, eg har berre gitt god rettledning.

19.10.10 Jammen er dei flinke å bake kake dissa bakarane, når dei får god rettleiding.

19.10.10 Eg har hørt at vist ein vert sånn kjendis, so får ein alltid sånne gruppisa etter seg. I dag følte eg meg som ein skikkelig kjendis, for den første gruppisa som dukka opp var sjefs- lærerinna mi, Eva. Da var skikkele kjekt, for eg er nemlig den største gruppisen hennars og.

19.10.10 Her er signeringsbordet mitt snart klart. Torunn laga til og Heidi beundra verket.

19.10.10 Eg trivest i grunn godt på sånne signeringsbord eg.

19.10.10 Vemund, Johannes og Cris Adrian er borte og helser på meg, før dei skal synge og rappe og sånt.

19.10.10

Her har alle elevane på Bulandet Skule begynt å synge til meg. Kosebamsevenna hadde dei meg seg òg. Dei song "Teddyen min". Eg såg at manageren min hadde både vasstrukne auge og rennande nasebor, mens eg prøvde å halde ei viss verdigheit. Da var i alle fall skikkelig flott.

19.10.10 Her er resten av songerena

19.10.10 Her trur eg at eg fekk med meg alle som song, pluss nakken hans Steinar.

19.10.10 Ho Anne Britt frå Selja Forlag prata fint om meg òg.

19.10.10 Elevane hadde laga masse kjekke festskrift om meg, som dei las opp. Eg trudde ikkje eg var so populær. Festskrifta skal eg legge ut på heimesida til Bulandet og Værlandet seinare, vist manageren hjelpe meg med da då.

19.10.10 So fekk eg blomster og masse fine ord frå Selja Forlag. Her er da Grethe som gjer meg blomster, so takka ho for godt samarbeid. Da er eg helt einig med, ho Grethe er kjekk å samarbeide med, sjølv om ho ikkje er helt fornøgd med rettskrivinga mi.

19.10.10 So avslutta elevane og Tone med ein skikkelig tøff song, som heiter nåke sånt moderandes som rap.

19.10.10 Alle i salen var med på dinna rap songen, og alle var like flink til å vifte med armane. Eg er no fødd knalltøff, men eg kjente att heile mitt filt og skumgummifylte indre blei skikkelig sentimentalt, når alle såg ut til å være skikkelig frelst på meg. Sukk, so masse kjekke folk eg kjenner i grunn.

19.10.10 Jammen var da masse folk som hadde komme, berre for å treffe meg.

19.10.10 So var da kake og kaffi. Her er kakebordet rett før gjengen hiv seg i da. Etter da bildet her, så blei manageren min så oppteken med boksignering og å snakke i radio, at han fekk ikkje tid til å ta fleire bilder.

19.10.10 Da har vore nokre travle daga, så eg måtte berre gå i hi nokre timer. Eg prøvde å lese litt bøker om meg sjølv etter boksleppet, men klarte ikkje meir enn ein halv kasse før eg måtte ta meg ein lur, og endå har eg 36 kasser til å lese. Som den beskjedne bamsen eg er, så fant eg meg ein passelig nøytral plass i staua for å ta meg ei lita stund i dvale.

18.10.10 18. oktober kom alle bøkene om meg til Selja Forlag i Førde. Men jammen santen hadde dei trykt alle bøkene feil, alle bilda av meg var oppned. Her har dei trykt boka i fleire veker, og so har dei jammen lagt boka feil vei når dei trykte på ho.

18.10.10 Han manageren min er ikkje so tosken som han ser ut, han er i grunn heldig sånn. Han såg med ein gong at da var noke teknisk feil, og forklarte meg at eg måtte snu boka 180 grader, utan at eg skjønna kva da betyr. Men da virka i alle fall, og alle bilda såg helt fine ute. Eg er no berre yrkesveileder og kosolog på Bulandet Skule, så eg har ikkje greie på sånne ingeniørting, men boka virka skikkelig fint etter at manageren min ordna på dissa gradane.

18.10.10 Her er eg på Skei Hotell og helser på skikkelig kjekke bokhandlarar og biblioteksfolk. Eg følte liksom at eg glei rett inn i miljøet, og følte meg heime med ein gong.

18.10.10 Heile Skei Hotell var full i kjekke sjarmerande bokhandlera og biblioteksfolk. Eg er i grunn ein beskjeden bamsemann, som lika meg best i bakgrunnen. Men når eg ser alle dissa fine kjekke bok-jentene, so trur eg nok at eg vil trivast godt i ei bokhylle nær dei.

18.10.10 Her er eg midt oppe i ein viktig konversasjon, mens dei fleste andre rundt bordet kikka på han som står framme og prata. Heldigvis så prata han fyren, som forstyrra konversasjonen min, om skikkelig vetige ting. Da er nemlig manageren min dei høyrer på.

18.10.10 Her står manageren min og prata om meg, i grunn ein koselig kar han der manageren min

18.10.10 Her sit eg no berre å drøsa litt med bokfolk og forfattera. Ho med ryggen til har skreve ei kjekk bok, med masse bilder, som heiter "Retro".

18.10.10 Her har eg komme fram til ho Frida, seint på kvelden. For å rekke første ferga til boksleppet neste dag, fekk eg lov å overnatte hos ho Frida i Askvoll. Jammen er ho snill ho Frida.Berre so da er nevnt so er ho Frida vara-ordførar i kommunen min, så eg kjenne i grunn skikkelige berømte folk eg.Sjølv om da var rundt midnatt, så måtte eg vise henne boka om meg, og so fekk ho den første signerte boka frå meg. Eg hadde masse å fortelje, så ho Frida vart sikkert trøtt på slutten. Vart da noke surr i kommunestyret i Askvoll dagen ittepå, so var da sikkert min feil.

17.10.10 I dag har eg vore på Bulandet Skule for å teste teknikken til boksleppet på tirsdag. Alt såg ut til å virke fint. Men først skal eg reise til Førde i måra for å hente masse bøker om meg sjølv, og hente kake. Så skal eg treffe masse skumle bokhandlera på Skei Hotell om kvelden.Eg skal vist få ete så masse pizza eg berre orka, så eg skal nok ha da fint.

17.10.10 Flott reklamebanner har eg skaffa meg òg. Da skal verte løye å sjå alle 3 tusen bøkene som er trykt opp om meg. Men eg trur ikkje eg orka lese alle sammen, manageren min får få lov til å selge nokre av dei og.

17.10.10 Teknikken virka helt fint, og da kom opp ett stort bilde av ein sjarmerande bamse. Eg er ikkje den typen som lika å skryte av meg sjølv altso, men eg må no berre innrømma at eg i all beskjedenhet tek meg fint ut på storskjerm

17.10.10 Eg får no håpe da kjem litt meir folk i gymsalen under boksleppet på tirsdag. Manageren min som vistnok skal halde ei lita tale, let for at vist da ikkje kom fleire folk enn dette, så skal talen gå heilt fint. Eg vil no helst at da kjem masse folk for å helse på meg tirsdag, så får no heller manageren min være litt nervøs. Eg skal no fint klare å takle at manageren min er nervøs, eg er like avslappa uansett eg då.

11.10.10 No er eg heime hos manageren min, trygt plassert framfor TV'n i godstolen hans. Eg har gjort meg helt klar til å reise på Skei Hotell neste måndag, for å treffe bokhandlera og biblioteksfolk. Manageren min fer å surra ubarbert, ukjemba og i nokre skjitne kle enno, men eg skal nok passe på att han får pynta seg litt til neste måndag, for ikkje å snakke om til boksleppet neste tirsdag.

11.10.10 Han manageren min har kjøpt caps med Fanklubb logoen min på. Skikkelig fin caps, men den er litt for stor til meg. Den passa no helt sikkert fint på haue til manageren min, han treng nemlig nåke å ha på haue når da er mykje sol ute. Sånn oss imylja, so er da berre nokre pistrete hårstrå oppå toppen dar, så han vert fort raudsvidd i kruna uten caps.

11.10.10 Han manageren min har kjøpt masse T-skjorte òg. Dei skal lærera og eleva på Bulandet Skule få, fordi dei er so flinke å hjelpe til, og so er dei så snille å gje meg fri når eg må ut å reise med manageren min. Når ein grev djupt nok, så er han no i grunn ein snill kar han der manageren min.

No har eg fått meg eige sånt dar identitetskort som eg kan ha rundt halsen. Eg skal tross alt på hotell for å treffe masse bokhandlera og biblioteks folk, og då er da no greit å ikkje verte forveksla med andre forfattera.

Eg har fått meg eigen penn som eg kan signere i boka med. Så får eg håpe nåken vil kjøpe bok og få signatur i boka. Pennen er i grunn altfor fin til berre å sitte å krote med.

Eg er no i grunn ikkje so veldig flink å skrive. Eg er meir ein sånn stille tenkande type eg, ikkje ein sånn som kan masse praktiske ting. Difor har eg skaffa meg eit stempel som eg kan signere med, så kan manageren min få lov å låne pennen min vist nåken vil ha signaturen hans.

Eg må vel kjøpe nokre stempel til, i tilfelle ditta vert utslete. Pennen min vert no sikkert ikkje utsleten med da første.

Her kan ein lese om då Alfred Bamse var hos Selja Forlag for å lese korrektur på boka si.

Her har eg akkurat komme frem til Selja Forlag. Da sat ein fyr dar som eg ikkje har hørt om før, han hette Trond. Vi var litt skjeptiske og skjemde for kvarandre til å begynne med.

Da viste seg at han Trond leiger kontor hos Selja, og at han jobba med olje òg, han er nemlig geolog. Vi vart snart gode venner og hadde masse oljegreier å prate om. Ein støvandes kjekk kar han dar Trond i grunn.

Her er eg innom kontoret til Anne Britt, ho kjenner eg godt frå før, so ho veit eg er ei støvandes kjekk jente. Stor og fin dataskjerm, med flott bilde på, har ho òg

Han dar sjefen på Selja Forlag, Torkjell, var eg litt skjeptisk til, eg hadde ikkje nåke tru på at han hadde greie på bamsa og sånt. Her lurer eg med nett bort til glasruta, inn til kontoret hans, for å sjå korleis sånne skumle forlagsjefa ser ut. Men jammen oppdaga han meg.

Da viste seg at han dar Torkjell ein støvandes kjekk fyr han òg, han trudde til og med at bøker om koselige bamsa ikkje var da verste ein kunne ha på trykk. Ikkje nok med da, han hadde ei bamsefrøken på kontoret som eg kunne få helse på.

Her har eg, bamsefrøkna til Torkjell, og Grethe sett oss ned for å begynne å lese korrektur. Grethe har eg hørt masse fint om, so eg regna med på førehand at ho var ei støvandes kjekk jente, og da var og jammen og. Bamsefrøkna til Torkjell var foresten ei støvandes kjekk bamsefrøken ho òg.

Her er eg og manageren min, Kurten, og Grethe, heilt klare til å lese korrektur.

Ein god del tima seinare har både manageren min og Grethe begynt å henge med haue, da er i grunn slitsomt å styre med sånn korrektur. Men so snart eg hørte at manageren min blei for trøtt til å krangle med Grethe om ting ho mente burde kuttast ut, so brumma eg iltert i bakgrunnen. Då våkna manageren og begynte å krangle vidare, so da hjelpe å brumme litt.

Eg må innrømme at eg bleit litt trøtt på slutten eg òg.

Når manageren min, Kurten, og Grethe endelig vart ferdig, så tok eg eit raskt øveblikk på korrekturen for å sjå om eg kunne godkjenne da. Eg må berre innrømme at eg ikkje orka sjå øve alt, men da er no viktig å vise litt autoritet, sånn at dei som jobba for meg skjerpa seg litt.

Jammen hadde ei god venninne frå Bulandet Skule komme ned på Selja Forlag for å helse på meg. Da var godt å få kose litt med Janne etter ein lang og travel dag.