Draumen om eit badebasseng.
Her er historisk stoff om "Draumen om eit badebasseng".
Her kan ein sjå ei
PDF-fil med avis uttklypp som omhandler badebassenget.
Teksten under her viser historia frå starten i 1967 og fram til eldresenteret
blei bygd.
"Brev til Askvoll kommunestyre om symjebasseng var sendt frå Bulandet Fiskarkvinnelag v/ Rigmor Norheim den 9. juni 1967.
Brevet har vorte vidaresendt til Askvoll Skulekontor og
Idrettskonsulenten.
Svar frå skulekontoret den 8.desember 1967:
Vedtak: Symjeopplæring v/ Askvoll Ungdomsskule for alle born i kommunen, då frå
13-14 år.
I svaret som idrettskonsulenten gjev er forslag om leige av flyttbart basseng.
Nytt brev til Askvoll Skulestyre den 19. februar 1968 frå
Fiskarkvinnelaget v/ Gunnlaug om at vi vil ha eit permanent bassenv ved Bulandet
Skule. Der vart det opplyst om at det er mange vaksne i Bulandet som ikkje kan
symje.
Den 19. mars kom der svar frå skulestyret der det vart sagt at mangel på
tilfredstillande vasstilførsel hindrar vidare saksgang. Vasstilførsela må først
vurderast.
Brev til Skulestyret den 10. mai frå Fiskarkvinnelaget der ein ber kommunen halde fram med saka.
Den 10. mars 1969 sender Fiskarkvinnelaget brev til Atle Halsøy med spørsmål om han kan vere arkitekt i tilfelle vi får eit plastbasseng.
Brev frå Fiskarkvinnelaget v/ Petra Rutledal den 16. mars 1972 med vedlagt kostnadsoverslag og teikning frå Atle Halsøy sendt til Skulestyret. Ber då om at dette vert teke opp som hastesak.
Brev frå Bulandet Sanitetslag v/ Konstanse til Askvoll Kommune den 5. desember 1979. --Ikkje svar.
Den 21. mai 1986 skriv Konstanse til Sulitjelma Sanitetsforening. Det sto i Folkehelsa at dei hadde laga basseng i ein gammal fjøsbygning. --Ikkje svar.
Den 6. februar 1987 skriv Konstanse til Ragnhild Arntsen, Rødøy. Det stod et stykke og bilde i Hjemmet om at bygda hadde gitt basseng til kommunen. --Ikkje svar.
Etter 10 års purring over telefon til Idrettskonsulenten, Skulestyre og Kommune kom der svar om at dei er interessert i planane våre. Dette var eit grundig svar, og at dei var interessert i å hjelpe oss vidare.
Arbeidet har lagt nede dei siste 3 åra då bygda har samla seg om
eldresenter. Vi vonar på ein lukkeleg utgang no, og at nemda gjev full fres."
--------------------------------------------------------------------------------------
Nyheitbrev om bassenget 06.11.08
Det noverande styret i bassengnemda består av:
Leiar: Bill Steinsvik.
Medlemmar: Magni Blom, Kari Helen Blikås, Laila Blom, Gro Norheim, Tore
Hillersøy og Frank Hatlø.
Sistnemde er og sekretær i nemda.
Det noverende styret har jobba knallhardt i fleire månader no og
finansieringsplanen er på plass. Vi må vente nokre månader til før vi får
endelig svar fra kommunen, Fylkeskommunen og nokre Legat/ stiftelser, men dersom
dette går i orden kan vi starte bygging neste år.
Alle disse har vært svært positive og Det Kongelige Kultur og Kirkedepartement
har ”løyvd” en million til oss og etterspurte her i forrige veke om når vi kom i
gang.
Finansieringsplan er som sagt utarbeidd og vi ventar svar på ulike
søknader om lån og tilskot, men vi er svært takknemlege for gåver slik at vi får
redusert lånekostnadene mest mogleg. Prosjektet vil gje svært positive
ringverknader for heile øysamfunnet vårt!
Dersom enkeltpersonar eller foretak/firma med org.nr. ønskjer å nytte høvet til
skattefrådrag, så må dei gje melding til bassengnemnda om dette - slik at vi får
registrert nødvendige opplysningar som likningsmyndigheitene treng.
Når det gjeld skattefradrag er minimum pengegåver kr. 500,- Maks skattefrådrag i
2008 er kr. 12.000,- men elles så er ingen gåve for liten
eller stor.
Skattefrådraget gjeld for det året som pengegåva vert innbetalt. Det gjeld både
enkeltpersonar og foretak/firma med org.nr.
Berre gje eit hint til ein av medlemmane i nemda dersom du ynskjer å gje eit
bidrag.
Eller du kan sende ein mail til heimesida, så formidla vi da vidare til dei
rette instansar.
Det er veldig viktig at vi har heile befolkninga i Bulandet og Værlandet
med oss om bassenget, då da skal være til glede og nytte for begge øysamfunna
våre.
Som styret i Stiftelsen Alvhildes minne til Værlandet Vel, seier:
Vi ser svært positivt på dette tiltaket! Dette er veldig viktig for både små
og store fastbuande, og vil i tillegg verte endå eit godt tilbod her ute for
tilflyttarar, -- og kanskje òg turistar.
Historia bak bassenget har no runda 40 år, og det har vore lagt ned eit
stort arbeid gjennom alle desse åra. Meir om dette vil komme på heimesida
seinare.
Så nokre stemningsbilder av bassenget, innehaldande badelystne og
optimistiske bassengnemd medlemmar.
Du må klikke ein gong på bilda for å nyte dei i full størrelse.
|
|
||||
|
|
||||
|
Presentasjonen og da som er skreve under her blei laga tidlig i 2007, så det er
mogeligens nokre små justeringa sidan den tid.
Her er ei fil som presenterer badebassenget vi håper vi får til.
Fila er store, so da er ein fordel om du har god tålmodigheit eller ekstra
bredt breiband.
Du klikka på bilete i "lysbilete" presentasjonane for å få nytt bilete, og so
trykke du på "Esc"
knappen for å komme ut av presentasjonen. Lykke til.
Her er ein presentasjon av korleis bassenget vårt er tenkt å sjå ut.