Bulandet Sanitet.
 

Norske Kvinners Sanitetsforening er ein partipolitisk uavhengig og frivillig organisasjon som arbeider for eit bedre samfunn både i nærmiljøet, i landet vårt og internasjonalt. Bulandet Sanitetslag vart starta i 1962. Vi støttar gode formål som organisasjonen arbeider for sentralt: Kreftsak, reumatisme, psykisk helse, kvinnehelse m.m.

I nærmiljøet har vi stått som byggherre for Bulandsheimen, med kommunen som støtte. Vi har gitt pengestøtte til Temaparken, kyrkja, veglys, symjebassenget,barnehagen og kjøpt medisinsk utstyr til utlån. Vi har og støtta Askvollheimen med pengebidrag. Vi lagar kosekveldar for eldre og deler ut frukt på skulen og i barnehagen.Alle i bygda over 70 år får ei blomsterhelsing til jul. I 2004 starta vi opp Bulandet styrketrening i Fiskarheimen. Der kan ein mot litt betaling drive generell trening og ellers trene seg opp att etter skader eller operasjoner. Vi håper fleire vil nytte seg av dette gode tilbodet slik at vi kan oppretthalde det.

Kvart år i november har vi basar, vi sel fastelavensris, kløverlodd og julemerke for å skaffe inntekter til laget. Vår og haust har vi foreining på Bulandsheimen, ca kvar 2 -3 veker.

Bli medlem i Saniteten! Så får du moglegheit til å påvirke saker du brenn for i nærmiljøet og samtidig eit fint sosialt fellesskap.

Hovudmedlemskap: Kr 325,00  pr år           Kr 100,00 går attende til lokallaget
Støttemedlem        : Kr 225,00  pr år           Kr   50,00 går attende til lokallaget

Ein får då 5 medlemsblad, Fredrikke, pr år. Bladet inneheld forskjellige interessante medisinske artikla
Saniteten sitt motto er: OMTANKE I NÆRMILJØET

Påmelding til Gunnveig Hillersøy på telefon 57732127


Da var Elisa Nikøy som starta foreninga, då tilslutta Askvoll sanitetslag, i 1936. Ho var formann til 1961.
Frå starten av var da 6 medlemmer, og på fyrste basaren i 1937 kom da inn 120 kroner. Sidan har da gått slag i slag.
I 1962 vart Bulandet sanitetslag stifta som eige lag, og Gudrun Fedøy tok over som formann fram til 1981.
Marit Grepstad tok over frå 1982- 2004, og sidan har Gunnveig Hillersøy vore formann.


Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Marit Grepstad, tidligare formann frå 1982-2004

Bulandsheimen blei bygd takka være sanitetsforeninga, og her heng skilt i inngongspartiet.

Her sit gjengen i staua på Bulandsheimen og kosa seg med kaffi og dessert etter middagen. Frå venstre Ingolf Fedøy, Arve Dan Norheim, Jostein Sandøy, Magnus Karlsen, Edvard M. Kjempenes og Anders Nikøy.

Da er ikkje løye gjengen smila og kosa seg, kokka Sissel Kalvøy Steinsvik er like fin som maten er god.Og maten var ualminnelig god let gjengen føre.

Nå da er mat på Bulandsheimen so kjem middagsgjengen i alle slags farkosta.