Spesielle dialektord og uttrykk frå Bulandet og Værlandet.

Den første ordboka i norsk talemål blei utgiven i 1646, og kan dåke gjete kva
kva slags talemål den handla om?
Jau, da handla om dialektuttrykk i Bulandet og Værlandet blant anna.
Boka blei skriven av den dåværande presten i Askvoll, Christen Jensøn.

Boka handler om alle dialektar i dåværande Askvoll Prestegjeld, men her vert berre
Bulandske og Værlandske uttrykk gjengitt.
Boka inneheld rundt 800 uttrykk, so heimesideskrivaren har ikkje kapasitet til å gjengi
alle saman. Da er berre uttrykk som har overlevd frå 1646 og fram til no som vert sitert.

Dialekt-uttrykka blei gjennomgått av lokale folk i 1913 og 1995, og ein del eksempel på
setninger der uttrykka blei brukt vart skrive ned. Disse setningane vert gjengivne her, pluss litt nye.
Ein del setningar får og lydfiler.

Ein takk til Jardar Melvær som hadde denne boka og velvilligt lånte ho ut. Han Jardar er
og ein av dei som gjekk gjennom ordboka i 1995 og kommenterte om uttrykka er kjend enno.

Uttrykka er først skrive sånn som dei skreiv da i 1646. Sidan vert dei skrive på dialekt sånn
som da seiast i dag. Beskrivelsen av uttrykket er og den beskrivelsen dei hadde i 1646.

So oppfordra eg alle til å begynde å bruke desse uttrykka slik at dei ikkje forsvinn ut av
språket vårt.

Affkommin: Beskriv ein som er utmagra og uten krefter etter langvarig sjukdom.
1995: Fremdeles brukt, men ikkje så vanligt.
Eksempel: " Eg e so åkomminj tå dinnja sykjine"

Affdegning: Når da begynde å mørkne om kvelden. Dette uttrykket var godt kjent  i 1913
men er ikkje i bruk i dag.
1913: Eksempel: " Han kom heim tå sjøna i avdegningjinne
1995: Ikkje i bruk

Agnhald: Mothaken på ein fiskekrok.
1995: Dette er eit ord som vert brukt den dag i dag.

Aagengt: Noko som alltid vert flittigt etterspurt når man er i knipa. Beskreve i 1646 som  "det som i
trang flittigt ettersøkes"
1913: kjent og blei uttalt  "ågjengt"
1995: Ordet er høyrt men ingen eksempel på bruk. Uttrykket er nok på vei ut av ordspråket vårt.
Eg tek gjerne imot eksempel på bruk om nokon har.

Alvakien: Nokon som er årvåken dag og natt. Alvakien vind er ein vind som bles i fleire døgn.
1913: Brukt. "Vinden e aalvakjin".
1995: Fremdeles kjent, "alvakjen".

Andboeg: Forskjellige redskaper som bonden brukte i sitt daglige året rundt.
1995: Litt brukt om hjelpemiddel, men er sikkert på vei ut. "ambogar" eller "ambå".

Anmarck: Navn på alt fe som bonden har.
1913: "Ein annmarkje" var det same som eit storfe.
1995: Mykje brukt om storfe inne på fastlandet, men lite ute i øyane. Det kjem nok av at det ikkje
er so mykje storfe her ute lenger. Men det er kjent, "annmarkebest" er det same som storfe.

Atte: Tilbakers, igjen.
1995: Mykje brukt og med heilt same meining. " Kåm heim att'e te middag"  eller
" Eg lengta heim att'e i Biulanda"

Baldstyren: Urolig.
1995: Godt kjent, men ikkje so mykje brukt. "Ballstyren" . Uttrykket blei mykje brukt om undertegna
då han var ein liten truskyldig gutunge, " e du aldeles balstyren, fyr'e".

Bar-Vær: Uttrykk om regn og sludd. " Han dæse i Barvær" - Han vannsmekter og fryser i det onde været.
1995: Har høyrt ordet, men det er nok på vei ut av ordspråket.

Bæ: Sengedyne.
1913: "Ein be", også brukt om jordgolv.
1995: Kjent, men ikkje i bruk lenger.

Beel: Tid, så som middags beel, nons beel, sommars beel.
1995: Kjent og mykje brukt. " Middagsbel", " No på ditta bel e da ofte styggeveir",  "Jonsokkbel",
" Da va no på ditta bel i fjor dinnja heimesida vart starta".

Biddar: Ein tiggar.
1913: Mykje brukt. "Ein biddar'e", "ein biddars kall'e" , " ei biddars kjering".
1995: Kjent, men ikkje brukt. Forsvinn nok ut av språket da da ikkje lenger er omreisande tiggarar,
noko som var heilt vanleg før.

Bisken: Ett måltid grytidlig på morningen. Måltiden bestod som regel av flatbrød, smør og ost. Når stort
arbeid foregjekk på gardane, so hadde arbeidsfolket somme plasser rett på 4 måltid om dagen. Måltida
var bisken, morgen måltid, nons måltid og kvelds måltid.
1995. Godt kjent og brukt inne på fastlandet, men ikkje so mykje ute i øyane. Kjem seg nok av at ordet
er mest brukt i forbindelse med gardsdrift som da var mindre av her ute.
Ordet er kjent og uttalast då "åbisk" som betyr "tideleg måltid."

Bockna: Halvtørr.
1913: " Høye æ bokna" eller " fiskjen æ bokna"
1995: Vanligt brukt om "boknafisk" eller "boknasild".

Bombe: Ett rundt skrin man hadde mat og anna i når man var ute og reiste.
1995: Kjent ord. " Matbombe", " kakebomme" , " ei matabombe"

Boer: Foster, så som ein kalv som ikkje er fødd enno. Kyra har boer d.v.s. ho går med kalv.
1995: Kjent og brukt. " ei nybåra kyr" er ei kyr som nettopp har hatt besøk av oksen. "kyra har
båre" , " ei bårakyr".
Eg har og høyrt uttrykket brukt  i meir humoristisk samenheng:
 " Nei no må eg sjå te å komme meg heim å børe kjeringja" , so kan ein no tenke seg kva slags planer den
karen hadde for kvelden.

Braanck: Ein brist eller slitasje på et snøre, tau eller skipsredskap
1913: " Eit brånk" betydde gnag eller slitasje på eit tau.
1995: Ikkje kjent lenger.

Brecke: Tung bakke eller ur.
1995: Vanleg brukt på Værlandet. " Da va ei tung'e brekke å gå". Kjent men lite brukt i
Bulandet. Det kan komme av at det  ikkje er so mange "tung'e brekke" i Bulandet.

Brun: Kant eller hjørne. Brukt om skyer på himmelen, tjukke skyer med skarpe kanter som ser ut til å
innehalde regn eller snø.
1913: " Han heng'je brun inne i him'la". " Han står mæ svære brune uti luktinne" d.v.s ein ser den eine
skykanten føre og hin på himmelen.
1995: Her er eit merkelig fenomen, inne på fastlandet bruker dei fremdeles " brun" mens ute i
øyane har da endra seg til "blå". Eksempel : " Hanj e enj heil'e blåne sø i lokt'ne"

Bruse: Bunter med kornstrå som låg på åkeren om høsten.
1913: Godt kjent og brukt på Værlandet.
1995: Helt ute av språket. Det er no ein klar samenheng med at ein ikkje har noko korndyrking
lenger.

Bygde-Roep: Den tale ( her: sladder) som går i alle manns munn.
1913: " Han vart te eit bygdarop". Han kom på alle manns tunge, helst i negativ forstand. Brukt når
nokon hadde dumma seg skikkelig ut.
1995: Ordet er høyrt men lite brukt.

Cate: Ein halvvoksen dreng eller gut.
1995: Er brukt av ein del eldre enno, men er nok på vei ut av språket. So her er da berre å gjere ein
innsats og begynde å bruke ordet att. " Du e meg enj løyinj kate"

Caset: Halvsur, så som "caset fisk" som betyr sur fisk.
1995: Kjent men lite brukt, er nok på vei ut av språket. Eksempel " kasa fisk'e " d.v.s. sur fisk

Comperpøse: Ein matrett som bestod av reingjort torske-mage eller torske-haue fyllt med lever,
mjøl, løk, gryn, korender ( ein slags rosiner) og forskjellige urter.Alt saman knadd i ihop til  ei deig.
Ordet er sammensett av "compe" som betydde å kna eller elte, og "pøs" som betyr eit eller anna
ein kan ha ting oppi så som bøtte, eit binne eller i dette tilfellet vaska torske-mage eller haue.
1913. " Ei kumperute", matretten er vanleg brukt enno.
1995: "kams'e" eller  "kamsehaue". Sjølve matretten er lite brukt i dag.

Corpete: Rynkete eller skrukket, så som " Ei corpeta kjerring" d.v.s ei gamal rynkete dame.
1913: "korpette hende" d.v.s. rynkete, knudrete og harde hender.
1995: Brukt mykje før om det å skrape vekk sotskorper på gryter. Før når dei kokte over åpen eld
so danna da seg knudrete sotskorper på grytene, å fjerne denne skorpa var å "korpe gryta."
" Når du e borti eljhusa, så kanj du ta å kårpe gryta". Ordet er lite brukt i dag.

Deer: Både han- og hodyr av storfe.
1995: Brukt enno, men i ein heilt annan samenheng. " Du e meg ei fin'e dære" eller "ei derta dære",
det betyr ei fin / nett dame.

Denje: Å slå eller gje juling. "Skam- denje"  betyr å skamslå.
1995: Heilt likt. "å denje", " skamdenje". "Vil du ha deng?" d.v.s. vil du ha juling?

Decke / Docke: Decke er eintal og betyr deg, Docke er fleirtal og betyr dykk / dere.
1995: Decke er brukt av enkelte eldre. Docke uttalast "dåke" i dag, og er i dagleg bruk.
" No må de skonde dåke" d.v.s. "no må de få opp farten"

Dock: Er mykje nedfallen snø.
1913: " Han ha lagt ne ei heil'e snødokk"
1995: I bruk på fastlandet, ikkje ute i øyane.

Doss: Eit gammalt rufsete og utslete plagg.
1913: "Dos", ordet blei brukt om ein stakk, helst ein kvardags-stakk.
1995: Utalast " dås" og er eit heilt vanlegt uttrykk. " Har du dås på deg  i dag?" d.v.s. "har du kjole
på deg i dag?". " Nei, har du fått deg ny'e dås?" d.v.s. " har du fått deg nye kjole?"
Ordet er og brukt i litt ertande og kansje litt vågale setningar. Foreksempel vist ein kar har vore på
friarferd so kan han rekne med å få fylgjande spørsmål dagen etterpå: " Nja, kom du i dåsa på ho
i aftes då". Betydningen her får verte ei oppgave til kvar enkelt å tolke. "I aftes" sjå Gjær-Quel.

Døele: Det står so i boka frå 1646 at det betyr ein " halvgalning".
1913: Velkjent og brukt. "Ei døle te menneskje" eller " ho æ no ei døle", d.v.s. ei som er dum og
einfaldig.
1995: Ikkje i bruk. Da kjem vel kansje av at det ikkje finnast nokon "døele" ute i øyane lenger.

Draak: I boka frå 1646 står det at "draak" er eit "skarn" . Skarn er i fylje leksikon eit gammelt ord for
avfall eller søppel.
1913: " Ho var ei drok" d.v.s. ei dame som var skikkelig ekkel og ufjelg.
1995: Kjent og brukt. " Har du sett slikt eit dråk" d.v.s. noko stort men ikke nødvendigvis stygt,
kan være ein person av begge kjønn eller foreksempel båt. Vert som regel spesifisert, så som
"da va ett skikkele dråk tå ett kvinnfolk" d.v.s. eit kvinnfolk som er både stor og ikkje spesielt pen.
"Dråkja" var eit uttrykk som og blei brukt om rullen ein dreg garn og liner over. "Hanj sto fram me
dråkja å slekte seg i øyra" var eit ordspråk om nokon som ikke var brukande på sjøen.

Dragse: Kalles den ullfloken som henger etter sauene om våren når dei feller ulla. Kan også bety
gamle revne klær.
1913: "Ei dregse". Ulladrekse og fantadrekse, men det står ikkje noko om kva det betyr.
1995:  Mykje brukt enno. "Å dragse på noko" betyr å dra på ett eller anna. "Drekse" brukast og
om noko som er ihop-tova. "Drekse" er og brukt som eit godmodig skjellsord så som "du e meg ei
go'e drekse du" eller " dra deg heimatt'e ,di drekse"

Eignamon eller eigna-deel: Ei ting man eig; buskap, redskap eller noko i huset.
1913: Vanleg brukt. " Ein eignamun'e".
1995: Kjent men ikkje so vanleg. " Eignedel".

Elevejr: Beskrivelse av været. Ett sånt vær der det kan være heilt stille, og så plutselig ryk det opp
med vind både på land og sjø. Ett skummelt vær som ofte bringer ulykke på sjøen.
1995: Brukt enno. " Eling". " Han kåm enj eling tå søre" d.v.s. det kom brått sterk vind frå sør.

Enqvansinde: Betyr ein eller annan gong
1995: Kjent og heilt vanleg brukt i dag og. "Einjkonnjsinnje" eller " enjkorsinnje".
Eksempel " Du får no komme att'e einjkonnjsinnje" d.v.s. " du får no komme tilbakers ein eller
annan gong".

Eysemaal: Aleine eller helt for seg sjølv.
1913: Ordet er kjent i Bulandet. " Eisemal'e".
1995: Ordet er brukt på fastlandet men ikkje i bruk ute i øyane lenger.

Far: Ei vekt eller tyngde som legges oppå nylaga ost, klipp-fisk eller anna som skal leggast under press.
1913: " Eit far " kjent og brukt.
1995: Kjent men ikkje so velbrukt lenger. Vert bruk når ein foreksempel skal stable noko, og vil legge
på ei høgd til. " E tru vi kanj legge på ætt far te".

Fjære-Mend: Dei menn som kom fra fjordane og ut til fiskeværene for å drive fiske på havet året rundt,
berre avbrutt når dei måtte heim for å passe på jordbruket sitt.
1913: Ein mann som høyrer heime inni fjordane kallast "ein fjora- mann'e", kjem han heilt inne frå dei
inste fjordbygdene vert han kalt "ein fjora- brand'e".
1995: No er da berre "ein fjorabrand'e" som er i bruk. I dag er "ein fjorabrand'e" alle som bur frå
Atløyna og innover, og vert brukt i litt nedlatande tonelag. Eksempel: " Enj verre fjorabrand'e å ha i
båta skulle du aldri sjå."

Fjælg: Betyr behagelig. Ufjælg betyr utekkelig , skitten eller dårlig.
1995: Kjent og velbrukt. "Fjelge seg til helgjinje" d.v.s. vaske og stelle seg til helga. " Han va'kje fjelg'e"
eller "hanj va skikkele ufjelge" d.v.s. han var skitten, full eller sint. Brukast og om å beskrive været.
" Han e skikkele ufjelge ute" eller " han e ikkje fjelge på sjøna i dag"

Fjæs: Betyr løgn og skam.
1913: "Eit fjæs" betyr løgn, og " å fjæse" betyr å lyge.
1995: Kjent og brukt enno. " Før nåke fjas" d.v.s. for noko tull/ løgn.

Fessie: Eit lettfeldig kvinnfolk. Lett på tråden.
1913: Ordet er i bruk; " Ei fesje"
1995: Ordet er ikkje i bruk lenger, da kjem vel av at sånne lettfeldige kvinnfolk i finnst lenger 
ute i øyane.

Forskiepne: Eit menneske som ikkje eig skam.
1913: Ordet er i bruk; "Eit skjepn te menneskje" d.v.s. ein narr.
1995: Ordet er høyrt men ikkje vanleg i bruk.

Forkunnuoeg Mat: Ein matrett som ein ikkje har sett eller smakt på lang tid.
1913: Brukt ; "Forkunnade mat".
1995: Høyrt ordet, men det er ikkje i bruk.

Fause: Ein slags krabbe som er rød med skarpe tagger og lange bein. ( Er vel kansje den som
finnes i fjæra).
1913: Brukt: "Ei fause" d.v.s. ein krabbe som er mindre enn vanleg krabbe , men med lange bein.
1995: Brukt enno. Vert og brukt om folk som er små og lite tak i.
Eksempel: " Ka konde no hanj / ho jære, den fausa"

Fooner eller Foiner: Mat som gjestane hadde med seg til barsel og bryllup.Sjå og på " Gumbe",
der er da til og med oppskrift.
1913: Brukt ; "Dei hadde funne mæ seg".
1995: Brukt på fastlandet men ikkje ute i øyane.

Forfjæse: Betyr å forhaste seg.
1913: Brukt; "Forfjæse seg".
1995: Brukt enno, men ordet har endra seg litt. " Forfare".
Eksempel: " Tvila ho har forfare seg " d.v.s eg er redd ho har forhasta seg.

Forølleleg, forøllelegheit: Mangfald, mangfoldigheit.
1913: Brukt: "Forøyeleg", "forøyelegheit".
1995: Ikkje i bruk lenger.

Framfusin: En som er dristig, nesevis eller er frampå alle plasser han ikkje skal være.
1995: Kjent og brukt. Eksempel: "Hanj e nåke framfus'n " d.v.s. han er noko overivrig eller
han stikk nasen si opp i ting han ikkje har noko med.

Fry: Ei kvinne som sørger, sutrer eller sturer.
1913: Vanligt i bruk om nokon som syt, klager og gremjer seg. Eksempel; " Ka æ da du fry fyre"
d.v.s. kva er det du klager for. " Dei ha eitkort te fry fyre" d.v.s. dei har ett eller anna å klage på.
1995: Ikkje brukt lenger.

Fløe: Kalles å varme opp noko eller lunke noko.
1913: Kjent og brukt; "Mjelkja æ flø" d.v.s. mjølka er lunken. "Fløkka vatn" d.v.s. oppvarma
lunka vatn.
1995: Kjent inne på fastlandet, ikkje brukt ute i øyane.

Gate: Det å bore hol i eit eller anna.
1913: Kjent og vanleg i bruk, men berre om å skjere eller bore hol med kniv.
1995: Å lage hol med kniv, kjent men lite brukt. Eksempel: "Å gate ut eit hål"

Gotn: Rogn som ligg på botnen etter at fisken akkurat er ferdig å gyte, eller rogn akkurat i gytinga.
1913: Vanleg i bruk.
1995: Ordet er brukt enno. Eksempel: "Rågna e gåta" d.v.s. rett før gyting. "Seiinj går i sildegåt"
d.v.s. Seien går å beiter på rogn som silda nett har gyta. " Silda e so fullje i gåt at ho e kj'seljande"
d.v.s. silda er så full i gyteferdig rogn at ein får problem med å selge ho.

Giel: Ein trang dal, kløft eller ein passasje mellom to bergknauser.
1995: Er kjent og i bruk. "Da bles'e gått opp i jela i dag" d..v.s da er mykje vind oppe i
kløfta/ dalen i dag.

Gjær- Quel: Kvelden som var dagen før
1995: Ordet er kjent men ikkje så mykje brukt. Seier no " i gårkveld" eller "i aftes"
Eksempel: "Da va no i aftes da" d.v.s. Da var no i går kveld da.
Har høyrt gamle folk som har falle bort sei "i jærkveld" om kvelden som var " i gårkveld"

Goup eller Dørre-Goup: Den lista ( kallast "hueluing" i 1646)  som er over døra man går inn.
1913: Kjent og brukt. " Ei gaupa"
1995: Kjent på fastlandet, men ikkje i bruk lenger nokon stader.

Gaupn: Ein handfull.
1913: Kjent og brukt. " Ei gaupn"
1995: Ikkje i bruk lenger.

Gyrte: Ombinde.
1995: Kjent og brukt. Eksempel: " Grinda va nereva, men eg fekk no jyr'ne fast'e" d.v.s.
grinda var riven ned men eg fekk no tjora ho fast igjen.

Glancker: Ein hykler eller ein som "rir fleire hester".
1913: " Ein glaankar'e" d.v.s. ein luring.

Glom: Er beskreve frå 1646 som " en Gieck oc en Nar". Da so er litt spesielt her er at sjølve
ordet er meir eller mindre gløymt, mens beskrivelsen er eit vanlig uttrykk.
1913: Kjent og brukt. " Han va no ein glaam'e" d.v.s. han var meir eller mindre ein tulling.
1995: " Enj glåm'e" , kjent men lite i bruk. Beskrivelsen av ordet fra 1646 derimot, lever i beste
velgåande enno. " Å halde nåkinj opp i gjikk og narr" er eit vanleg uttrykk og betyr å halde nokon
for narr / lure nokon. Til dømes vist ein person lover noko som han ikkje held etterpå, so er da eit
vanligt uttrykk å sei " hanj held oss bere opp i gjikk og narr".

Grytte: Betyr kaste eller stenge.
1995: Kjent og brukt. Eksempel: " Hanj grytte jytten foll'je i stein'e" d.v.s han kasta jytten
( kløfta / bergsprekken ) full av stein. "Vi grytt'e nota uti." d.v.s. Vi kasta nota uti; her med den
betydning at da gjekk fort og villt føre seg. " Eg vart lei'e, å grytte da i frå meg" d.v.s. eg var lei
og kasta da i frå meg.

Gytte eller Giota: Same betydning som "Giel" nemnt tidligare. Ein veldig smal dal eller ei kløft
som da går an å gå gjennom.
1995: "Ei jote" er kjent men lite brukt ute i øyane, men er meir vanleg inne på fastlandet.
"Ei jytt" er eit helt vanleg uttrykk ute i øyane." Eg såg han sø i jytt'a" d.v.s. eg såg han sør i
kløfta / klova.

Gul eller havgul: Gul er vind, havgul er den vinden som om sommeren begynde å blåse frå
nord eller vest om morningen og gir seg om kvelden ( solgangbris). Bles vinden gjennom natta
so kallast han "Aalvaken" vind.
1995: Kjent og brukt inne på fastlandet, og kjent ute i øyane men svært lite brukt. Ute i øyane
har ein og eit anna uttrykk for svak vind, nemlig "eit kål". Eksempel: " Hanj e nætt æt lite kål"
d.v.s. da er nett ein liten vindpust.

Graut ambar: Er ein slags "senge- kone" mat laget av kveitemjøl og fløyte. Som eg trur eg forstår
av skrifta frå 1646 så skal dette røres såpass lenge at det begynde å bli smør av det. Når smøret
begynde å flyte opp skal det overstrøast med pepper-brød, heil ingefær og knust pepper.
1995: " Ambar" er velkjent og brukt inne på fastlandet, ute i øyane er det lite brukt.

Gumbe: Ein slags ost som kokes av fersk mjølk. I oppskrifta fra 1646 står det at man skal bruke
sånn cirka 3 bøtter mjølk og så skal man koke dette ned i ein dag med jevn røring til det blir ost
av det. Men rett før det blir ost så skal man ta rømme fra eit kar eller to og tilsette mjølka. Så
skal man la dette koke ihop, etterpå så tilset ein eggeplommer og smelta smør. Denne osten blir
brukt til å ta med til barsels-kvinner som ein "Baars Øels føøne" ( barselsmat, sjå og "foone"),
også kalt senge-kone-mat.
1995: " Gombe", kjent og vanleg i bruk.

Haa-Eg: Er eggeplommer som finnes i pigghåen. Dei rørast sammen med mjøl og mjølk og
steikes som pannekaker. Smaker som andre kaker uten at det er nokon usmak på den. Kalles
også håkaker.
1995: "Hå-egg" er vanlegt  å sjå og navnet er da same, men dei er ikkje i bruk som mat i dag.
Under krigen så blei vistnok denne matretten nytta enkelte plasser.

Har-Nuen: Hardhendt ( Beskrivelse fra 1646: "En hårdhendt og stivsinnet knekt").
1913: "Ein harnuin kar'e", "harnue ver".
1995: Kjent og brukt. Eksempel: " Da va enj harnuinj kallj'e" d.v.s. da var ein hardhent kall.

Hæff: Dugandes eller arbeidssom
1995: " Hæv", kjent og brukt på Værlandet, ikkje so kjent i Bulandet.
Eksempel: "Dei va heve å arbeie" d.v.s. da var dugandes arbeidsfolk.

Haffuold: kalles ett instrument på ein vev som varpen eller renningen går gjennom. Den henger på
ei vevstang i fleire trinser og beveges med føttene når man skal veve.
1913: "Eit havold"
1995. Kjent og brukt av dei som har vev. " Eit havold".

Harbalg: Betyr hardnakket, trassig. Ein som tåler ein støyt.
1995: Kjent og i bruk. "Harbalen" eller "harbal'n". Eksempel "Da va enj harbal'n kar" d.v.s.
da var ein skikkelig trassig/ sta kar, kan og ha betydning av at da var ein skikkelig tøffing.

Harveld: Eit dobbelt vidje- band på ein klave, som kyrne blei festa med i båsen om vinteren.
1913: Kjent og brukt."Eit horveld/ horvald"
1995: Ikkje i bruk lenger. Har nok samanheng med at det ikkje er noko særlig jordbruk ute i
øyane lenger.

Helm: Ein lang stokk som er slegen opp på veggen ved bondens bordende. Brukast til å sette lys
på, eller henge lampe i.
1913: Kjent og brukt. "Ein hjelm'e". Ei stong til å henge lampa i.
1995: Ikkje i bruk. Ordet forsvant nok når elektrisiteten kom.

Heppin: Lykksalig. Uheppin er ulykksalig. Galuheppin er ett skjelsord og betyr noko sånt som
at eg håper du stryk med snart.
1995: Kjent, men lite om ikkje i bruk. Er i vanleg bruk på fastlandet.

Hoft, hafft eller bøxe-hoft: Eit band som man knyter på hesten sine framføter så den ikkje
spring bort.
1995: Ordet er høyrt men ikkje i bruk. Ordet forsvant nok med hesten.

Horve: Korleis det laga seg eller skikka seg.
1913: Kjent og brukt. Eksempel: "Da æ vant å veta kor da horve" d.v.s. da er vanskelig å
vite korleis da enda.
1995: Ikkje i bruk lenger.

Hoegbeet: Vemmelse over mat eller drikke.
1913: Kjent og velbrukt.
1995: "Hubet", kjent men lite brukt. Eksempel:" Eg e so plaga me hubet i dag" d.v.s. eg er so
plaga med halsbrann/sure oppstøyt i dag.

Honnaa breste I-laat: Han er mett. Skikkelig stappmett vil eg tru. "Breste" er å sprikke og "ilåt"
er mage/ tarm. Så det må være rett før han er så mett at han sprekk.
1995: "Ilåt" er kjent og i vanlig bruk på fastlandet. Er brukt om magesekk og tarmer på sauer etter
at dei er vaska og reinska ( tarmane altso). Då var dei klar til å verte brukt til å lage pølse i, og då
vart det kalla "ilåt". Ute i øyane er ordet kjent men ikkje i bruk.

Huusbrey eller huuspry: Kvinna i huset som er matmor.
1913: "Husbreia" er i bruk men ikkje om husfrua. No har ordet  av ein eller annan grunn skifta
betydning ( kansje ilske husfruer har medvirka til da), no betyr ordet tordenbrak.
1995: Ikkje i bruk lenger.

Ildgjærs Meniske: Sitat frå 1646: Ein ugudelig kropp som ikkje skjøtter kva ilt han gjere.
1995: "Illjærs mennesje". Kjent og litt brukt. Eksempel: "Hanj va aldeles æt illjers-menjisje" d.v.s.
han var eit aldeles forferdeligt menneske. Når dette vert sagt om folk så er det ein veldig negativ
omtale.

Immer: Ein slags sjøfugl, nesten så stor som ei gås. Det seies at den berre set foten på land ein
gong for året og det er veka før jul, den veka vert  frå gamle dager kalle Immerveka ( husk at gamle
dager her er korleis dei såg det i 1646).
1995: "Ymr", stor sjøfugl truleg storlom. Kjent men ikke i bruk no. Høyrer ein navn på stader som
begynde på Immer- eller Ymre- so veit en herved kva navnet kjem av. Eksempel: "Ymrevika".

Jasse: Ein hare.
1995: Ikkje kjent ute i øyane i da heile tatt, dette av den gode grunn at det aldri har vore hare her.
Inne på fastlandet er da eit kjent ord men lite brukt. Einaste grunn til at eg nevner ordet her er at
eg har ein kollega frå innerst og øverst i Telemark, da einaste ordet han bruker om hare er "Jasse".
Han veit knapt nok kva hare er, for dar er da berre "Jasse" ( Eller "Jåsså" som dei seier dar) som
spring oppe i lia. Eg synest dette var sopass snodigt at eg berre måtte nevne da.

Jungie: Kalles den kniv man får mat med.
1913: " Ein jungje" kjent og brukt.
1995: "Junje", ordet er høyrt men ikkje brukt.

Jype: Er det raude bær som veks på " Hybentorne" ( betyr nok klunger-busk) etter at rosene
har falt av.
1995: "Ei jupe", Heilt vanleg i bruk.

Kena: Betyr det å gå for lenge utan mat på morningen. Eksempel frå 1646: " Lat han komme til
bords, han kena."
1913: Heilt likt.
1995: Litt kjent på fastlandet, ikkje i bruk ute i øyane. Da må no tolkast slik at da ikkje er nokon
her ute som går rundt og svelt på morgonkvisten lenger.

Kiel Oest: Den ost som vert laga av mjølk frå ei kyr som nett har fått kalv,  og kalla "Raamielck"
eller oversatt til moderne språk " råmjølk".
1995: "Kjelost", vanleg brukt. Eksempel: " Har du kokt kjelåste?"

Kipare: Ei tønne- " Smid eller bøker". Veit rett og slett ikkje korleis eg skal oversette da dar.
1913: "Kjipar'e", kjent og brukt.
1995: "Ei kjipe". kjent men ikkje noko særlig i bruk. Betyr er korg til å bære på ryggen.

Klining: Kalles tre eller fire lag med samanlagt flatbrød, med ost og smør i mylja laga. Kan og
brukast om ett slag under øyra, som er so viselig beskreve frå 1646; " hvilket ikke er så godt".
1913: "Ein kling'e" , kjent og brukt.
1995: " Klining" , kjent. Og kjent som ein øyrefik. Ein annan skrivemåte er "kling" eller "kling'e"
som og er i bruk enno.
Endå ei anna betydning av ordet "klining" er ikkje nevnt i boka, men har sikkert ein samanheng med
det å legge saman flatbrød med noko godt i mylja. Den moderne betydning er å legge saman fjesa
sine til kyssing og sånt.Ordet er vel so vanleg i bruk at heimesideskrivaren ikkje treng å gå i nærmare
detaljert til verks her. Men i motsetning til øyrefiken som er beskreve frå 1646 so kan ein vel  fastslå
at den moderne betydning av "klining" er ganske so behagelig, vist ein utfører klininga med "rette"
fjeset då.

Krake: Ett forferdelig sjøtroll. Det seies å komme opp på havet ved stille vær, og ligner på eit lite skjær.
1913: "Ein krakje", kjent.
1995: Ordet er kjent av nokre få, men ikkje i bruk.

Kus,Kus,Kus: Noko som budeiene roper når dei kaller på småkalvene om sommeren, slik at kalvane
skal komme å få noko å drikke.
1913: Heil likt.
1995: Kjent og brukt i fleire varianter. "Koss-koss-koss", "kosse-kosse-kosse", "kossi-kossi-kossi".
"Kåm no, kossen!" dvs. "Kom no, kalven".

Kloseeg: Kalles ei regnsky på himmelen som kjem frå havet og inn mot land.
1913: Kjent og brukt. "Han kjæm'e inn mæ eit kloseg."
1995: Kjent, men ikkje brukt.

Landkolle: Kalles eit kar som settes framfor senga om kvelden i staden for bekken. Rett og slett ei
pissepotte.
1913: Likt
1995: Kjent og brukt. Brukast og om innhaldet i potta, urinen, "landkållje". Vert og brukt i overført
tyding til dømes nedsetjande om ein båt. "Ei sleka landkålje har eg aldri våre ombor i " d.v.s. " ein slik
dårlig båt har eg aldri vært ombord i ".
Eit anna eksempel frå Værlandet på same nedsetjande betydning: "Nei, sjå på landkålla hass ".

Leite: Kalles eit slett plan på ei høgde, bakke eller fjell. Ein plass der ein kunne stå å sjå vidt omkring.
1995: Kjent og brukt. " Inn på Leite". Og brukt om tid, " middagsleite".

Live: Kalles å skåne seg for arbeid, være lat.
1995: Kjent men lite brukt. Ikkje brukt i betydning lat, men er brukt som eit uttrykk for å skåne seg
for noko. Eksempel: " Veiret var so atte eg berre måtte live meg so gått eg konde". " Han slo itte meg so
eg fekk ikkje jere anna enn å live meg".

Luntvoren: Underlig til sinns, lunete.
1913: Kjent og brukt. "Luntvorin".
1995: Ikkje brukt ute i øyane, kjent på fastlandet.

Lyge: Eit lys som brenn dårlig.
1995: Kjent men ikkje brukt.

Lasa: Ussel, naken.
1995: Kjent og brukt i tydinga ustelt i kleda. Eksempel: " Eg såg hinje Maria i dag, no ser ho lasete ut."
D.v.s. Eg såg ho Marie i dag, og no ser ho ustelt ut. Anna eksempel: "Huset var nåke lasete".

Madhefft: Kalles den mat som er tjenelig til å brukast. Så som "Madheft sild" som er sild når den har
blitt so stor at den er brukandes til mat.
1913: Kjent og brukt. " Mathævt" = teneleg til mat. " Dinne mortinn æ so smaa han æ kje for væl
mathæv'e", d.v.s. "denne morten ( palen) er so liten at han knapt er brukandes til mat".
1995: Ordet i seg sjølv er ikkje so mykje brukt, men brukast i omskreven form. Eksempel på same
setning sagt i dag: " Morten e so små at denj e ikkje havande te mat'e".

Madstie: Kalles å koke eller gjere maten ferdig.
1995: Kjent og brukt om å koke, brase, stelle til eller arbeide. Eksempel: " No må'kje du stie so", d.v.s.
" no må du ikkje arbeide ( kave) so". "Stie me mat'e" d.v.s. arbeide med å lage til mat.
" Du stia te middag, ser eg", d.v.s. "du laga middag ser eg".

Miaat: Kalles lite eller smått.
1995: Kjent men lite brukt. Mjåe = Slank. Eksempel: " Ho var mjå om live" d.v.s. " ho var slank rundt
livet".

Morbende: Kalles kjøtpølser som er små og runde.
1913: Eit morbende.
1995: Ordet er høyrt men lite brukt, no seier ein "mårpølse".

Nær Konne: Kalles ei jormor.
1995: "Nærkåne". Ordet er kjent men men ikkje i bruk.

Noite: Kalles å få i seg skikkelig med mat til ein er stappmett og vel fornøgd.
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Har du sitt ei sleka ånøyte" d.v.s. En som ikkje vert mett/ nøgd.

Nagge eller Veir Nagge: Kallenavn på været.
1913: Kjent. " Ein litin naggje" eller "ein veir-naggje.
1995: Ikkje i bruk lenger.

Niss: Kalles stygt eller vederstyggeligt.
1913: Kjent og brukt. " Da fyl'e haanaa ein niss'e". Er ikkje sikker på korleis da skal oversettast rett,
men da er nok ein kar som ikkje har utsjåande med seg.
1995: Kjent men ikkje so velbrukt lenger. Eksempel: "Da va aldeles nissele" d.v.s noko som er
skikkeligt vederstyggeligt

Oplet: Her skjønner eg ikke nok gammeldansk til å oversettje betydninga. Betydninga av ordet frå 1646
er "Oplius Vejrlig".
1995: Opplett, kjent og velbrukt den dag i dag som ein beskrivelse av været. Eksempel: "Hanj e opplette
idag" d.v.s. at det ikkje er noko nedbør i dag. "No æ da oplett ute" d.v.s. no har da slutta å regne ute.

Ovet: Kalles å dåne eller besvime.
1913: Likt
1995: Kjent men ikkje so mykje brukt. "Uvet" eller " å uvete" d.v.s. å besvime.

Pilt: kalles eit drengebarn.
1995: Ordet er kjent men lite brukt.

Primze: Å danse eller gjere seg lystig.
1995: Ordet er kjent men ikkje i bruk.

Prette eller Purre: Kalles å gjere eit puss eller fantestykke med nokon.
1913: Kjent og brukt. " Eg har lyst te purre haanaa litevetta" d.v.s. " eg har lyst til å terge han litt".
"Han æ ein purr'e" d.v.s. "han er ein ertekrok".
1995: Kjent og brukt. Eksempel: "Da va ei stygg'e prette hanj jore dar" d.v.s. " Da var eit stygt
fantestykke han gjorde dar".

Qvambøle eller Qvambølsmand: Kalles en talsmann ved eit frieri.
1913: Kjent. " Ein umtalsmann'e".
1995: Ikkje i bruk lenger. No til dags so ordna ein som regel frieriet utan andre talsmenn.

Quæu: Kalles hoste. Sikkert ein spesielt tung hoste då da er eigen medisin for den. Medisinen er
kobbe-lunge lagt i mjølk.
1913: Kjent og brukt. " Ei kvæv".
1995: "Kvæv", tung hoste med oppspytt. Kjent på fastlandet.

Quittel: Kalles eit sengeklede som bonden bruker i staden for laken.
1995: Kjent og brukt. "Ein kvetil" eller "kvetel". Eksempel: " Da e so kalt, eg må ha på meg kvetel".
Men no bruker ein ikkje kvetel i betydning som laken, kvetel er eit ullteppe eller liknande ein har over
seg under dyna.

Rape: Kalles å dette eller falle om.
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Eit stjernerap" d.v.s. "eit stjerneskot"

Raangvijssheit: Kalles urettferdigheit eller villfarelse.
1995: Kjent men ikkje brukt.

Raangselis: Kalles bakvendt eller mot sola.
1913: " Raangseles" eller "rangsøles".
1995: Kjent og brukt. "Rangseles" eller "rongsies". Eksempel: " Alt kåm so rångseles at da va aldeles
utjort" d.v.s. " Alt kom so bakvendt at da var heilt utgjort"

Ræsebicke: Kalles ein hund som spring rundt på gardane.
1913: Kjent og brukt på same måte. Brukast og om ein eller annan som flyg rundt på bygda med sladder.
1995: Kjent men ikkje brukt.

Regspon: Kalles det eiketre som med jernnagler er slått oppå bondens bordende. Har her berre skreve
av forklaringa som var skriven i 1646.
1913: " Ein dragspon'e" eller " ein aukje".
1995: Ikkje i bruk lenger.

Rj: Kalles ei stund, såsom " Ei lita rj". Da er skreve "rj" men blei nok sikkert uttalt "ri".
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Vi måtte vente ei lita ri før han ga seg" d.v.s. "vi måtte vente ei lita
stund før han ( les: været, vinden) ga seg".

Rie: Kalles det å dette om, falle omkull, såsom " han rey om".
1995: Kjent men lite brukt.

Rissbit: Kalles eit halvanna år gammelt kreatur, såsom bukk eller vær.
1995: Kjent og brukt av dei som driv med sau. Eksempel:" E har enj fin'e risbitveir'e, den kanj du få kjøpe".

Ryrt: Udrygt, noko som ikkje varer lenge.
1995: Kjent og brukt. Eksempel: "Høye va gruele ryrt i år" d.v.s. at da var lite om høyet i år.
" Ditta va ei ryre vare" d.v.s. ein fekk rett og slett lite for pengane.

Ryte: Kalles å snorke i søvne.
1995: Kjent og i bruk. Ryte eller raut i fortid. Eksempel: " Kjeringa raut so da va urå å få sove" d.v.s.
" Kjeringa snorka so da var heilt umuligt for meg å få sove". Ordet vert og brukt i ei anna betydning,
fisken "knurr" vert og kalla for "ein ryte".

Ryssa: Kalles en hest. " Villande ryssa" er det same som ein galen hest.
1995: Kjent men ikkje i bruk

Saxe: Kalles å hogge noko i skikkelig små biter. Hogge småved foreksempel.
1913: Brukt heilt likt. " Aa sakse"
1995: Kjent men ikkje so mykje brukt. Seiast om det å spikke noko ekstra smaått.

Skaadbog: Kalles "bringe kollen" ( sikkert bogen) på eit dyr som dei i "fordums dager" gav til presten
når det ble skote eller fanga på anna måte. ( Her snakka ein om "fordums dager" i 1646).
1913: Kjent. Opprinnelig ein bog som skyttaren skulle ha, men nokon bruka å gje skotbogen til prestane.
1995: Ordet er høyrt men ikkje i bruk. " Vi får ta skåtbojen te kvels".

Skav: Kalles bark av Osp og "Rønnetræ" ( kansje rognetre) som bonden skjærer til fe'a om våren når
vinteren har vore hard og det er lite høy igjen.
1995: " Å skave". Kjent og litt brukt. Eksempel: "Hanj sat å skava på enj spikjebog'e " d.v.s. " han sat
og skar av ei spekeskinke".

Skiaa: Kalles eit vindauge på taket av ei røyk-stue laga av da ytterste skinnet på ei kyravom. Er enda
sterkere vist ein bruker geitevom når slimet på innvollane er skrapa bort, men da sterkaste er vomma frå
eit vilt dyr. Nokre bruker og lerret eller laken som er oversprøyta med smelta harpiks eller talg. ( Det var
oppskrift på å lage takvindauge frå 1646)
1995: Ordet er høyrt men ikkje i bruk.

Skjellevær: Kalles ein tørrvinds dag.
1913: Kjent og brukt. "Skjellevind". " Da skjelle opp" d.v.s. " da bles opp"
1995: Ikkje i bruk.

Skijer: Litt artig beskrivelse av ski frå 1646, det er tydelig at det ikkje var heilt vanligt i dei dager. Her
er beskrivelsen: Ett slags redskap , ei hånd brei og 3 alen lang, krum oppad framme. Man bruker det til å
renne ned unnabakken frå fjell. Dog ikkje ende ned, men i snø eller ved siden av bakken. Man har ein
stav i handa som ein styrer med slik at ein ikkje dett.
1995: Ski er enno eit godt brukt ord og redskap.

Skirne: Kalles det å klare. "Klare" i den forbindelse at ting klarner.
1995: " Å sjirne". Kjent og brukt om til dømes ei væske som sjirner, ulike stoff kjem fram. Sjirne osten
frå mysa. Her går det fram at ordet er kjent og brukt heilt ut til Værlandet, mens i Melværen og Bulandet
er ordet ikkje brukt men kjent.

Skijre: Kalles å kristne eller døype barn.
1913: Kjent men lite bruk.
1995: Ordet er ikkje i bruk lenger.

Skitlen: Kalles dåpen, såsom "barnet har vore te skitlen" d.v.s. "barnet har vore til dåpen".
1913: Kjent men lite brukt.
1995: Ordet er ikkje i bruk lenger.

Skogge: Kalles å ha øl på fat og i forbindelse med å bryggje øl. " Skaggedryck" er ei kanne med øl som
sendes rundt til grannane slik at dei får smake.
1913: Skake opp = ause opp nybryggja øl. Uppskok =  ølet med same det er oppskjenka.
Skokedrykk'e = øl boren rundt til grannane. Med andre ord kjent og brukt.
1995: Ordet som det er kjent frå 1913 er brukt inne på fastlandet. Ute i øyane er ikkje ordet kjent i den
forbindelse. " Skogge" har imidlertid ei betydning i ordet "skoggerle", det følgjer og ofte med øldrikking.

Skryte eller styg: Kalles eit grovt menneske. Her er eit eksempel på ei skryte frå 1646: " Skryte
kjerring kalles ei gammel rynket kjerring, hvilken dog gjerne helst har gammel mat i huset".
1995: Kjent men ikkje brukt.

Skrubbe:  Er eit slags rødt bær som står på marka i hopetal. Så eit ordspråk fra 1646: " Hans ord er
ikkje meir å akte enn vatn i skrubbe".
1995: Kjent og brukt. Skrobbe, skrobb eller skrobbeber. Det er mykje sånne bær i dag og, dei er trøde
og likner på tytebær. Eg veit ikkje fagordet på dei, men vi seier no skrobbe eller skrobbebær.

Skræer: Kalles gamle sko.
1913: Kjent og brukt. Ei skraa, fleire skrær, skrær'ne.
1995: Kjent på fastlandet, ikkje i bruk her ute i øyane.

Slyr eller Slarcke: Kalles ein som ser ustelt ut i klærne, og berre lar dei henge rundt seg.
1913: Kjent og brukt. " Ein slaur'e".
1995: Kjent og brukt." Enj slaur'e, ei sly'e, ein slark'e". Eksempel:" Eg vart bomma tå ein slaur'e inne i bya"
d.v.s. noko sånt som at ein uteligger inne i by'n tigga meg for penger. Treng ikkje være uteligger, men ein
ustelt og som regel rusa person.

Søeg: Kalles larm og bråk fra folkeprat. Eksempel: Mange som snakker i munnen på kvarander i eit
forsamlingshus.
1913: Kjent og brukt. Eit søg = larm, Å søgje = Larme, skvaldre.
1995: Kjent og brukt. "Eit såg" er brukt når mange pratar i eit rom. Eksempel: " Eg trur folk likte seg for
da va ætt helt såg rundt bordet" d.v.s. " eg trur folk likte seg for da var voldsomt so dei prata rundt bordet.
Eit anna ord som og er brukt om larm frå prating er " såll'e ", og som sikkert har same opprinnelse.
Eksempel: " Da va en voldsomme såll'e tå dissa kjeringane" , da er sånn som eg pleier sei når kona har
besøk av søstrene sine og alle tre sit i stua å prata i munnen på kvarandre om tre forskjellige tema
samtidig.

Spaancke eller Spads ræke: Kalles å spasere.
1913:Kjent og brukt. Spanke, spane, spankelere.
1995: Kjent og brukt. Spankulere. Eksempel: " Han kåm spankulerande" d.v.s. "han kom spaserande".
 

Spytte eller spøte: Kalles ein liten pinne i ei dør ( sikkert ein slags låsepinne) eller ein  låsepinne i ei
matbomme eller ambar  ( beholder til å hamat i ).
1995: Kjent og brukt men ikkje heilt i same forbindelse. Spøte = strikkepinne, å spøte = å strikke.
Brukast og som ein beskrivelse noko som ser ut som ein pinne. Eksempel: " Ho va tonnje so ei spøte"
d.v.s. " Ho var so tynn som ein strikkepinne"

Stie: Kalles det å utrette ting, såsom å jobbe og ordne i fjøs og løe.
1913: Kjent og heilt vanligt.
1995: Kjent og vanleg i bruk. Eksempel: "Ka e da du stia me?" d.v.s. " Kva er det du driv på med?"

Strok: Kalles ei bryne som man stryk lær med om sommeren og ellers kvesser  kniver og økser med.
1913: Likt.
1995: Ikkje i bruk lenger.

Stump: Kalles rundbakt rugbrød.
1995: Kjent og brukt, men det er ikkje berre knytt mot rugbrød. Brød-stump = er ein fellesbetegnelse
på eit brød som er påbegynt men ikkje blitt so lite so ein skalk.

Streg: Kalles ein virvelvind eller hastig vind som tek meir på enkelte stader enn andre.
1995: Kjent og brukt om isande vind. Eksempel: "Omnen sler allti ne i ditta vindstrekja" eller
" hanj har våre enj kald'e austastregge heile veka".

Suul: Kalles mjølk og brød.
1995: Kjent men ikkje særlig brukt. Sul er gjerne brukt om surmjølk til graut. Eksempel: " Graut og
sul te kvells".

Syl: Kalles ein liten vesal gut.
1913: Heilt likt. Ein syl'e = ein smågut.
1995: Kjent men lite brukt.

Semmie: Kalles å kommer overens eller forlikes.
1913: Brukt.  Ei semje. Eksempel:" dei semst gott" eller "dei samdest gott".
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Det vart no semje" eller " dei semst/ samdest" d. v.s. " da vart
no einigheit" eller " dei blei no einige og vel forlikte"

So i laya: Kalles sånn omtrent, cirka.
1913: Likt.
1995: Ikkje mykje brukt, men har no hørt det sagt. Eksempel: " Da va nåke so i leia" d.v.s " da var noke
i den retning / omtrent sånn".

Slite: Kalles å bryte sund. Og brukt om vær, "Slite borto himla" vil sei at det begynde å dette ned nokre
regndråpa.
1995: Kjent og velbrukt.Å slite sund.

Taate: Kalles ein klut med graut man gir til spedbarn som dei kan suge på når dei græt, so teier dei stillt.
1995: Kjent og velbrukt.Tåte-flaske, tåte-smokk

Tinne: Kalles å gjere klar eller rense, såsom " Tinninga Nøte" som er å klargjere nota.
1913: Kjent og brukt. Tine = plukke eller renske. " Tine silda ta ganaa " d.v.s. å plukke silda av garna.
1995: Kjent og like velbrukt når da gjeld å reinske garn eller nøter. " Tine silda tå ganj'a" eller " da e bra
me sild, da vert ei heile tining".

Tiretunge: Kalles ein urt med gule blomster.
1995: Kjent og brukt likt. Ei tiriltunge

Tindle: Kalles det tre på ein slede som brukast i staden for " Skagel". No har ikkje eg funne ut kva ein
"skagel " er for noko, men trur da er den stokken som gjekk frå sleden og fram til hesten.
1913: Kjent. Ei tinle = skaak. Skaak er forbindelsen i mellom sleden og hesten.
1995: Ordet er høyrt men ikkje i bruk. Ordet forsvant nok med hesten.

Tiogaang: Kalles ein slags sjukdom i magen, som spying, som kan skje om natta i søvne. Vert forårsaka
av fortært mat eller drikking av ferskt øl eller anna.
1913: Kjent og brukt. "Ein kjogaang'e" er ein brå sjukdom med spying og verk over magen. Når dei gamle
fekk "kjogaang'e", so trudde dei at dei hadde møtt underjords - folk.
1995: Ikkje i bruk lenger.

Tougre: kalles å forgjere/ forhekse mennesker, kveg og hester.
1913: Kjent. "Tovvre" er trolle, forgjere.
1995: Kjent og brukt i spesielle uttrykk. Eksempel " Da va no aldeles so fårtårva" d.v.s. " da var no
skikkeligt fortærande" . Eit anna eksempel er: " Da va tårvande svart'e", dette vert sagt når ein ikkje får fisk.

Tørqueick: Kalles tørr ved som ein bruker å gjere opp eld med.
1995: Kjent. Er no forkorta til "kveikje". Eksempel: " Her har du nåke goe kveikje-ve" d.v.s. " her har du
god ved til å få fyr med".

Trotte: Kalles tålmodighet.
1913: Likt.
1995: Kjent og brukt. Trott, trottig. Eksempel: " Hanj har enj heil'e trotte me onganje" d.v.s. " han er
skikkelig tålmodig med ungane". " Har du trotte å stå med ditta her?" d.v.s. " har du tålmodighet til å stå
å jobbe med det her ".

Trøske: Kalles å renske eller luke, såsom "trøske bøen" d.v.s. rense røter og steiner frå bonden si jord.
1995: Kjent men lite brukt. Å trysje, å trøsje , har troste. Eksempel: " Ho besta va gammalde, men ho troste
bøinj åleine".

Trant: Kalles snuten på ein "Svein". Det står "svein" i boka frå 1646, er ikkje heilt sikker på tydinga her,
men "svein" er eit gamalt ord for unggut.
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Vask deg om tranten" d.v.s. " vask deg rundt munnen".

Truna: Kalles trua. Å tru på noko.
1913: Likt. Ei tru - truna.
1995: Kjent men lite brukt. Eksempel: " Hanj e stærk'e i truinje" d.v.s. " han er sterk i trua".

Tuarre: Kalles ein bor ( i 1646 kalte dei ein bor for "forit").
1913: Kjent. Ein tvare er ein liten navar.
1995: Kjent men ikkje i bruk.

Tvorre: Kalles eit tre med 3 eller 4 kroker på enden. Laga av ei furu-grein og vert brukt til å røre i graut
og velling.
1995: Kjent og brukt. Ei tvåre. Da vart ikkje berre brukt til å røre i grauten med heller, eg husker når eg
var unge so brukte ho bestemor ei tvåre når ho skulle kokevaske klær. Ho hadde ein stor kjele so ho
kokte klær i og so brukte ho tvåra til å røre og ta klærne ut av kjelen med.

Tund: Kalles omkring.
1913: Kjent og brukt. "Laupe i tunn" d.v.s. å springe i ring.
1995: Kjent og vanleg i bruk. Eksempel: " Springe ront i tonnj " d.v.s. " springe rundt i ring ".
"Eg må gje meg før da går aldeles i tonnj" d.v.s. "eg må gje meg før da går rundt i oppe i skallen på meg".

Vaatte: Kalles å skjøtte eller akte.
1913: Kjent og brukt." Eg vaatta'kje noke paa da" betyr at eg vyrde da ikkje.
1995: Kjent og brukt, men uttalen har endra seg. Å vøre. Eksempel: " Eg vør ikkje deg" d.v.s " eg bryr
meg ikkje om deg" eller at eg ikkje har respekt for deg eller ikkje er redd deg.

Vandel: Kalles ei bør med høy, eller halm bunden i eit knippe.
1995: Kjent og brukt på fastlandet og heilt ut i Melværen, lite brukt i Bulandet. " Enj vandele" ,
" å vandle høy ".

Varne: Kalles ein manns eigendom.
1995: Kjent å brukt på Værlandet , lenger ut er ordet berre høyrt. Varne te =  vere pårørande til.
Eksempel: " Kæm e da so varna hånnå te? " d.v.s. " kva slags slekt er da han kjem frå ".

Valen: Kalles å være frossen på hender og føtter.
1995: Likt og velbrukt. Eksempel: " Eg e so valen på nevanje " d.v.s. " eg er so kald på nevane".

Vandske: Kalles ikkje fullkommen, ikkje nær nok.
1913: Brukt. Ein vaskje.
1995: Kjent og brukt. " Enj vansje". Eksempel: " Har du hatt nåkinj vanska me da?" d.v.s. " har du
noko problem med da?".

Viske: Kalles å dra ut høy frå høylageret og med halm binde det til vandler. ( Vandel = høyball til dyra).
1995: Kjent og brukt inne på fastlandet, kjent ute i øyane og men ikkje i bruk.

Vishoggin kar: Kalles den som kan hogge med øks og treffe same plass kvar gong.
1995:  Ordet i seg sjølv er ikkje brukt, men er brukt i overført betydning. " hanj e viss'e" betyr at han
er treffsikker/ flink.

Vant: Kalles vanskelig, såsom " da er meg vant at vete" d.v.s. " da er vanskelig å vite".
1995: Kjent, men ikkje så mykje brukt. "vant å vete" seiast om vanskelig å vite.

Vørning eller vørigheit: Kalles ærbødighet.
1995: Kjent men lite brukt. Ei vyrn, vyrna.

Vircke: kalles å være redd for noko; då i betydning redd for å miste noko ein er glad i.
1995: Kjent og litt brukt. Eksempel: " Hanj va gruele vyrke for dissa onganje sine" d.v.s. " han var
gruelig redd for ungane sine". " Hanj e vyrk'e før kjeringjinje si" d.v.s. " han er redd for kjeringa si".

Vele: Kalles rompa på ein fugl.
1995: Kjent og brukt heilt likt.

Ymist: Beskrivelsen frå 1646 er " ont oc gaat ", det veit eg ikkje å oversette ordrett. Men det meinast
forskjelligt, uvisst, skiftande. Egentlig eit gammelnorsk ord som var brukt dei fleste plasser.
1995: Kjent og brukt. Eksempel: "Da ha våre so ymest me da" d.v.s. "da har no våre so forskjelligt med da"

Zaate: Kalles dei små høystakker som rakes ihop på marka om sommeren før regn.
1995: Kjent og bruke. Ei såte, å såte høy.