Dialektoppretting

Dette er tenkt som eit lågterskeltilbod til utflytte bulenningar og
værlenningar som kanskje har fått nokre språklege bulkar etter
mange år i landflyktigheit. Det kan vere kjekt å få dialekten på
plass att før ein kjem heim, slik at ein unngår knoting og andre
uhumskheiter som kan forstyrre vellukka kommunikasjon.

Her kan du lese om reglane for kasusbruk i vår dialekt.

No er vi heimesidemakarane so framsynte at vi skjønar kva slags
katastrofe da kan verte dersom nokon sit i einsemd, utan korrektiv
tilbakemelding, og prøver å rette oppatt dialekten sin. Kjem ein feil
ut i starten so kan ein risikere at da ikkje er eit menneske som
forstår kva du seier når du kjem heim.
Vi har derfor spelt inn nokre lydfiler so du kan bruke som korreksjon
dersom du kjem heilt ut på viddene.
Du klikkar berre på uttrykka, so får du da opplest sånn som da skal
lyde.
Da tek kansje litt tid før lyden kjem, men so er og dialektoppretting
noko ein skal bruke god tid på.

Fyrst får du høyre korleis da skal lyde. Linda Landøy tek seg av da
Værlanske og Johan Landøy tek seg av da Bulandske. So får du
høyre Kurt Rutledal som prøver å lære seg skikkelig Værlansk og
Bulandsk dialekt. Da er vel meir som eit eksempel på korleis da kan
ende opp dersom du kjem feil ut i dialektopprettinga.

Av ein eller annan årsak eg ikkje har funne enno so må du ta
oppdater på sida etter at du har spelt av lydane for å få knappane
på venstresida til å virke igjen ( i alle fall på mi maskin).

Da fyste so ryke når enj reise vekk, e dissa lydanje her: ”nj” – lyden
og  ”lj”- lyden. Dissa kan du få på plass atte ved å øve deg på dinnja
setningja her:

-        Allje unganje va innje heile dagjinj.
 

Visst du øve deg  litt kver kvelde før du går og legge deg, so kjeme
ditta på plass atte itte ei lita stond.

Da andre so gjerne forsvinde ganske fort, e den likkje  ”e” lyden
vi slengje på i slutten av ord.

Døme:

-        Kan eg få enj grøne ise?

-        Eg har enj fine bile.

Ditta e forholdsvis enkelt å rette opp atte, men du må vere litt
forsiktige, for da e lett å øvedrive.
 

Nåke annja so lett kan hamne i gløymebokja,  e dativ.

Hoks atte da heite:

-        Eg e i bila.

-        Eg e sjøna

-        Eg va i husa
 

Da so står onde her, gjelde mest for folk i Bulanda.

Denj karakteristiske ”o” lyden so bulenninganje av å te bruka i

stanføre ”u”, forsvinde fort, da e nok med enj litn ture innj te Askvoll,

so e `anj vekke.

 

-        Bossn kjørde i frå meg!

-        Eg dosja so lengje atte eg brukte opp alt da heite vatne.

-        No hadde da våre godt med litt frokt.

Skulle du ryke opp for heite vatn i dosja so har vi ei lydfil her so
du kan øve inn på førehand, so slepp du fryse i hel i dosja.
Dialektoppretting for dei med lite heite vatn.

 

Enj lyde so helde seg meir stabile,  e denj andre ”u” – lyden so

bulenninganje  e kjende føre. Dennj kan du finnje blant annja

i dissa orda:
 

Biulande

mius

diu

iuføretrygd

triuse

snius
 

Dinnja lydn kjeme tydeligast fram i oppheta diskusjona, elle heldist

når folk prøve å få fram et poeng

For dissa typiske bulandske "iu"- lydane har vi laga ei felles lydfil.

Her er "iu"- lydane som intensivkurs for dei ekstra travle.

For dei so må ha da meste inn med te-skjeier, so har vi og laga ei lydfil.

 

Karmøybu prøver å lære seg Værlands- og Bulands dialekt.

Da er nesten ei umulig oppgave for nokon som ikkje har fått inn dialekta
med morsmjølka å lære seg å snakke reint Værlandsk eller Bulandsk.
Dialekten endrar seg og fleire gonger på vegen frå Sandøyna og inn på
inste Værlandet.
Da so har vist seg er at fleire "utlendingar" har prøvd å lære seg dialekta
etter å ha lese ditta dialektopprettingskurset.
Eg kan her gje eit eksempel på eit desperat forsøk av ein Karmøybu på å
lære seg dialekta.
Saka er at eg skulle ta meg ein tur på kontoret her ute på Åsgard A ein
sein kveldstime. Lenge før eg kom fram til kontordøra høyrde eg ei
voldsom klaging på at " bossn kjørde frå meg".
Da viste seg at kollegaen min frå Karmøyna hadde hatt eit skikkelig
studium av heimesida. Dar hadde han studert frisøra, butikka,
heimlengt sida og mykje meir.
Konklusjonen hans var at her ute i øyane var da so mange fine jente
at her ville han ta seg ein tur. Da beste sjekketrikset han kom på i
farten var å lære seg dialekta skikkelig.
Eg fekk han fort ned på jorda att, dei dialektforsøka hans vilde berre
føre til lått og løye. Dessutan vart da sikkert ikkje so mykje vellukka
sjekking av å stadigt gjenta at " bossn kjørde frå meg".
Han vil no ta seg ein tur likevel, men lovde å halde seg til Karmøydialekta.

Uansett so gjorde eg nokre opptak at Karmøbuen so prøve å prate
Værlands- og Bulandsdialekt.

Her prøve han å lære "lj"- og "nj"- lyda, og so den dar "e"-endinga.

Her prøve han på "o" - lyden so Bulenningane bruka.

 

 


 

 

test