Her er nokre bilete og litt tekst om Guriøyna, som ligg rett vest av
Melvær. Da er mykje historie her som heimesideskrivarane ikkje har klart
å nøste heilt opp i enno, men vi held på. Vi er takknemlig for alle som
kan bidra med historisk matriale og eventuelle gamle bilete.
Rigmor Norheim har bidrege med den historia som er fortalt her, da er
noko ho hjelpsomt fortalte på telefonen ein sein kveld. Takk til ho for
da, og vi satsa på å få intervjue ho endå meir ved ein seinare anledning
då ho har mykje historie herifrå innabords.
"Gamle Rogne" som han blei kalla budde her, og i alle fall av 4 borna som
han og kona Maria fekk, blei fødde her. "Gamle Rogne" som var
lærar og hette Ole Rogne flytta , med familien, frå Guriøyna til Gjelsa på
midten/slutten av 1890 åra. Alle Rogne'ane i Bulandet er etterkomarar
frå denne familien.
Her kan ein
lese om då Ole Rogne var med å bjerge mannskapet på "Gunger".
Her kan ei lese
ei sørgeleg historie som hende familien i 1902.
Det var eit hus, med fjøs som stod vestom og
eit naust som stod på sørsida av øyna. Korleis huset og fjøset forsvant er ei
dramatisk og fæl historie.
Den 20. mai 1942 blei alle menn i Melvær arrestert av tyskerane og ført
bort til fangenskap. Far til Rigmor kom aldri heim, og Rigmor var 6 år
når dei for med han.
Nokre veker seinare kom ein gjeng tyskera og sette fyr på hus og fjøs i
Guriøyna. Rigmor fortel att dei såg ein tyskar som stod på øverste
haugen på Guriøyna og kikka i kikkert inn mot husa i Melvær, mens husa
brann på Guriøyna. Dei kom so inn i Melværen. Bestemora spurde om
dei skulle brenne husa i Melværen og, men sjefs-tyskaren som stod med
kikkerten sa: " ikkje enno". Dei oppførde seg ellers skremmande og
oppførde seg som om alt skulle brennast og ødeleggast.
Den 30. april 1942 blei Telavåg brent ned og totalt ødelagt, og
etterforskninga derfrå viste att Bulandet og var sterkt involvert i ting
som ikkje var i tyskerane sine interesser. Da finnast papir som seier at
da var planlagt å brenne ned alle hus i Bulandet og, når dei fyrst var i
gong.
Reaksjonane blant befolkninga i Norge og blant "vanlige" tyskera som
okkuperte oss, var so sterkt negativ etter ugjerninga i Telavåg att da
antageligvis forhindra nedbrenning av Bulandet. Dei mektige karane måtte
imidlertid vise "litt" skremmande og avskrekkande adferd, og brende
difor ned husa i Guriøyna. So let dei skremselen henge øve alle, med
utalelsa om at total nedbrenning var neste alternativ.
For alle dei frå Værlandet og Bulandet som hadde rømt til England gjekk
da historie om att heile Bulandet var brend ned, når Guriøyna brann. Dei
hadde ei grusom tung tid då, før dei fekk vite meir.
Da kjem forhåpentligvis litt meir historie her etter kvart. Litt meir
bilde og, bilda som er no er tekne litt sånn i full fart liksom :o).
So
håpa vi på tilbakemelding dersom nokon har meir historie om Guriøyna.
|
|
|
|
|
Restane fra naustet i Guriøyna. Naustet vart ikkje brent ned, og stod til eingong på 1950 talet. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Hustufta til huset som vart brent ned. Fjøset stod lenger mot vest. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Ein jytt på nordsida av Guriøyna. Nordavinds stormane har kilt nokre fine blåser opp i jytten, men heimesideskrivaren gav opp å prøve å få tak i dei. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Utsikt nordover frå Guriøyna. Ein ser Kinn og sjømerke på toppen av Teistholmen. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Sjømerke på toppen av Teistholmen, og ein heimesideskrivarunge ved navn Johannes. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Bilde av eit heimesideskrivarhus, da kvite midt i Alden. Teke frå toppen av Teistholmen. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Ytre Melværsund brua sett frå Teistholmen. Guriøyna ligg rett utanfor høgre bildekant. |
|
|
|
|
|
|