Møtereferat frå heimesideskrivar møte 18.07.06
Heimesideskrivarane hadde høgtideligt heimesideskrivarmøte den 18.juli 2006.
Deltakarar: Linda Landøy og Kurt
Rutledal.
Møtestad: Staua hans Kurt.
Bevertning: Pepsi Max og pulverkaffi, betalt tå eiga lomme.
Agenda: Da tek vi på sparket.
Saker som kom opp:
1: Budsjett
Heimesida har fått kroner 10432,- i sponsor-midlar inn på konto. Ditta er både
frå private og frå bedrifter. Sparebanken i Sogn og Fjordane avdeling Askvoll er
den største sponsoren, dei har betalt årsavgifta for å drive heimesida hittil.
2: Sponsorar
Vi veit egentlig ikkje kva godt vi skal gjere for sponsorane våre. No har vi ei
eiga sponsorside dar vi legg inn linkar og skryt. Vi kunne godt tenkt oss å
gjere meir, men da er litt begrensa kva 2 sjeler klarer å få til sånn utan
vidare.Vi vart samde om at so lenge sponsorane var fornøgd so er vi fornøgd, so
får vi heller slite med litt dårlig samvittigheit fordi vi føler at vi ikkje
yter sponsorane den service dei fortjena.
3: Bruk av sponsormidlar.
Heimesideskrivarane har ikkje brukt noko av av sponsormidlane enno, men vi har
store plana. Da vart ein liten diskusjon om vi skulle sløse vekk alt på reiser
og sånt, men vi slo da frå oss. Ikkje vart vi einige om kor vi skulle reise å
sløse vekk penga og ikkje hadde vi nokon tru på at ektemakane våre vilde sleppe
oss so långt utan å være med sjølve. So da slo vi frå oss itte ca. 80 sekundar
Da som heimesideskrivarane kom fram til itte ein seriøs samtale øve kaffikopp
nummer to var som fyljer:
1: Vi prioritera fyrst og fremst ein god lydbandopptakar. Då kan vi ta opp
dialektlyda og vi kan få kommentara til bilde og sånt. No får vi gode
dialektaord og kommentara, men da heng ikkje so lenge oppe i haua våre. Vi skal
ikkje gå laus på folk ved å stikke ein mikrofon opp i nasen på dei, men være
både snille og høflige. Da er mykje bilde og gode historie i både Bulandet og
Værlandet som vi ikkje vil at skal gå i gløymeboka. Begge heimesideskrivarane er
opptekne av at vi må behalde mest mogeligt av historia vår her ute i øyane for
ettertida, og da meiner vi at vi får best til med ein god lydopptakar. Vi kjem
og til å bruke private fotoapparat og video'er so mykje som vi kan. So håper vi
og at andre sende oss bilete og filmar som kan ha intresse for alle oss andre.
2: Vi vil og kjøpe eit Web-kamera som kan brukast både på faste plassa og rundt
omkring. Vi har høyrt at da finnast Web-kamera so ein kan få ei fast adresse på,
og ellers flytte rundt omkring. Då kan vi få eit kamera som tildømes kan nyttast
på Værlandet når da er Nordsjøporthelg dar, og på Bulandet når da er
Nordsjøporthelg dar. Da einaste vi treng er ei velvillig sjel so gjer oss lov te
å stikke Web-kamera i breibands-pluggen. Ditta er foresten ei sak som sikkert
går an å brukast øve heile kommunen ved spesielle anledninga. Ditta web-kamera
vil verte tå same typen som heng rundt i alle store bya, da vil sei at ingen
folk kan verte identifisert og ein ser berre kor fint veir da er og kor flott vi
ellers har da.
4: E-postar
Sånn tilfeldigt oppdaga heimesideskrivarane at vi ofte svara på same mailane og
gjere sammanfallande arbeid på heimesida. Da er dumt om begge
heimesideskrivarane gjer svar på same mailane, spesielt vist vi gjer
forskjellige svar. Ditta løyse vi ved å sende kopi te kvarandre når vi svarar på
e-post. Er da andre ting so kan føre te dobbeltopplysningar so tek vi rett og
slett ein telefon te kvarandre.
5: Bulandet vs. Værlandet
Samarbeidet mylja Bulandet og Værlandet fungera heilt perfekt. Men da er visse
ting som vi kansje skulle ordna opp i. Heimesida heiter bulandet-grendalag.org,
Ditta burde kansje vært endra til bulandet-værlandet.org eller noko sånt.
Problemet her er at ei allereide innarbeid side vert vanskelig å finne på
nettet, i alle fall ein periode. Eit anna problem er att "Æ"'en i Værlandet
gjer da vanskeligt å få registrert nytt heimesidanavn, men da kan sikkert
ordnast da og. Da viktigaste her er at vi får fram på ein god måte at heimesida
gjeld både Bulandet og Værlandet. Ditta er noko heimesideskrivarane vil
diskutere nærmare. Vi vurdera å endre navnet på Værlandet til Vaerlandet og
endre navn på sida, men ditta vert i tilfelle gjordt på ein mørk vindfull
vinterkveld slik at færrast mogeligt merkar da.
Vi vil og endre konkurransen på
"Konkurranse sida" slik at biletet dekker både Værlandet og Bulandet. Vi har
allereie begynt på noko slikt med eit satelitt bilete vi fekk tilsendt, men so
tok tvilen oss om opphavsrett og sånt. Då vi sjekka so var da strengt forbudt
utan å betale masse penga. Vi vil sjekke litt nærmare med prisa og
eventuelt kor streng straff vi får, i alle fall so kjem da ei ny utgave av
konkurransen som dekke både Bulandet og Værlandet.
6: Framtidige planer.
Framtidige planar er no som tidligare fortalt lydopptakar og web-kamera. Da kjem
snart ei ny side på heimesida med oppskrifter om lokale matrettar, og litt om
kontinentale matrettar.Kokken som kjem med oppskriftane er ein ekspert på
område. Han er frå Kaupanger, bur i Naustdal og er her ute i øyane kvart år.
Han gifta seg i kyrkja ute i Bulandet for nesten 20 år sidan, og han er lykkelig
gift enno. Kokken heiter Bjørn Hundershagen og jobbar på same plass som den
mannlege heimesideskrivaren, og oppskriftene hans har i alle fall gjordt den
mannlege heinmesideskrivaren feitare rundt magen. Oppskriftene kan anbefalast på
da varmaste, og da er den beste kokken Kurt'n har fått mat ifrå.
So skal vi finne ut ein litt anna struktur på sida slik av da vert lettare å
finne fram til kva ein ynskjer å finne, og so vil vi finne ein anna tekst og
sånt på hovudsida. Vi tenker og på å legge inn einslags blogg som folk kan
diskutere og sladre på. Vi forsker på da, men da er ikkje lett å finne noko som
vi er fornøgd med. Eller sagt på ein annan måte, vi har ikkje funne noko vi
forstår eller kan dialektisere so som da passa oss,.
Heimesideskrivarane har ellers store planar om å fortsette da gode samarbeidet
som vi har hatt hittil. Vi fant ut at vi skulle ha møte oftare og drikke mykje
meir kaffi saman.
7: Val av styre og stell.
Heimesideskrivarane hadde ein kort liten diskusjon om kven so egentlig bestemme
her på heimesida. Vi vart einig om at heimesideskrivarane er likeverdige i
diskusjonane, men vert vi litt ueinig so er da ho Linda som har rett. For den
mannlege heimesideskrivare var ditte heilt greit då han er vant med akkurat same
system heime og.
Da vart og litt diskusjon om kven som skulle være regneskapsførar og revisor. Ho
Linda skar igjønna all diskusjon her og bestemte at Kurt'n skal føre reknskap og
ho Linda skal være revisor. Kurt'n sa seg einig i ditta utan vidare diskusjon.
8: Firda.
Begge heimesideskrivarane var godt nøgd med reportasjen i Firda. Da einaste
problemet var at nær familie tå den mannlege heimesideskrivaren påstod at ditta
ikkje kunne være eit ekte bilde og at nokon måtte ha tukla med tennene hans.
Kurt’n var litt lei seg for ditta då, men Linda’an kunne fortelje at Kurt’n har
fine tenne i både overkjeven og underkjeven i verkeligheita og. So sidan
ho bestemme mest her so slo Kurt’n seg te ro med da.
9: Oppdatering av sida. Vi er begge opptekne med jobbar og ungar og
husbygging og ellers mykje anna, so vi håper at alle lesarane har forståelse for
at da kan gå nokre dager mylja kvar oppdatering. Heimesida blei starta som eit
lite "ekspriment", som i hovudsak skulle innehalde møtereferat frå grendalaga.
So balla da på seg, og blei meir og meir omfattande. Heimesideskrivarane synes
da er kjekt å lage heimeside om bygdene våre og vert skikkeligt kry for positive
tilbakemeldingar. Vi håper at vi kan fortsette i vårt eige tempo utan press om
oppdateringar og sånt. Upressa og blide heimesideskrivarar er den beste
forutsetning for ei god heimeside vart vi einig om.
So var vi einige om at ditta hadde
vært eit kjekt møte og at vi skal halde fleire møte framøve. So vart vi og
hjerteligt einige om at vi aldri skulle verte nokon seriøse og kjedelige
heimesideskrivarar. Vert den eine heimesideskrivaren seriøs og kommersiell so
skal den andre heimesideskrivaren gje vedkommande sparken med da same.
Vidare reglar og sånt vert diskutert på neste møte.
Helsing Heimesideskrivarane Kurt'n og Linda'an.