Bilete frå Kronprinsparet sitt besøk i Bulandet 5. september 2006

Den 5.september 2006 kom kronprinsparet på vitjing til Bulandet.
Dei kom med båt frå Bergen saman med sånn cirka 70 pressefolk frå da meste av aviser og vekeblad i Noreg.
Utanom Noreg so var vist både Tyskland og Sverige representert. Utanom alle dissa profesjonelle pressefolka so
stod da ein forskremt heimesideskrivar som representerte Bulandet og Værlandet, med pressekort og greier, og venta på kaia.

Da fyrste dinna  heimesideskrivaren la merke til var at han hadde den aller minste linsa på kameraet blant alle desse
professjonelle fotografane. Men som vanligt so kompenserte han so godt han kunne for manglande størrelse, ved å vise masse
pågangsmot og bruke eit lite snev av spisse alboga.

Været var fryktelig fram til klokka 6 på morningen, med regn og blåst. So letta da opp og værgudane var i godlage resten av dagen.

Arrangementet gjekk feilfritt vil vi heimesideskrivarane påstå. Alle involverte gjorde ei mesterlig oppgave.
I redsel for å gløyme nokon i farten so er da ikkje nemdt navn på kven som treng skryt her, men da er no litt skryt på kommentarane
på bilda nedanfor her.

Bileta her er sterkt forminska for å få dei til å verte lett å lese på ei heimeside. Er da nokon som ynskjer å få kopi av bilda i orginal størrelse
so er da berre å gje beskjed til heimesideskrivarane.
Dinna heimesidekrivaren surra og ein del med navn og sånt, so er da nokon som ser feil navn eller tekstar her so må de sei frå.
Da er og ein del som dinna heimesideskrivaren ikkje veit navn på, eller ikkje kjem på navn i farten. Ser dåke noko sånn navneforvirring
so gje gjerne beskjed om da og.
Den kvinnelige heimesideskrivar, ho Linda, har full kontroll på alt so heite navn og sånt. Men ho var oppteken med å halde styr på ein
haug med skuleunga borte med kyrkja, so ho kjem nok til å rette opp feila mine itte kvart.

Rettelsar, kommentarar og bilete kan de sende her. ----> Kronprinsbesøk,rettingar eller vedlegg.

Bileta er tekne av heimesideskrivarane, Astri Thorsen Landøy og ein Karmøybu ved navn Tony Nymark.

Talen som kronprinsesse Mette-Marit heldt kan ein lese her.

Talen som ordførar Aud Kari Steinsland heldt kan ein lese her.

Kva Heidi og Anne Britt fortalde kronprinsparet på brua kan ein lese her. Dei to sa kvart sitt avsnitt, men heimesideskrivaren fekk ikkje
med seg i farten kven som sa kva. Da viktigaste er no at da vart sagt.

Prologen han Jardar Melvær heldt for kronprinsparet kan ein lese her.


Kvelden før kronprinsparet si vitjing var det samling i Floren hennar Liv for dei involverte i mottakinga av kronprinsparet.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.

Her kjem alle skuleungane tuslande bortøve mot kyrkja på morgonkvisten for å øve seg på songane sine.

Ho Grethe er som vanligt frisk og opplagt på morgonkvisten, og her er ho heilt klar til å starte med korpsøving

Marlene, Kari, Synnøve og Runhild syng ei lita strofe av " Morgon på Kobbeskjæret" direkte på NRK radio.

So er heile korpset samla til øving.

Kyrkja og Bulandet ellers, er nøye overvåka av stødige og staute politifolk

Siri, rådmann Vorland og ordførar Steinsland diskuterar været og litt kongelige ting og sånt på morgonkvisten.

Kor og solistar i knallhard øving. Solistar er Bård Leite og Karina Nybø. Kor er alle elevane på skulen

Kor og korps i øver saman.

Ambulansebåten i Askvoll ligg klar ved kyrkjekaia. Da er dinna båten som skal føre Kronprinsparet tilbake til Nikøykaia

Konstanse har kledd seg opp og er klar til å ta imot dei kongelige.

På Nikøykaia held Jermund på med forberedelsa, Petter gjer gode råd og Karmøybu Tony i bakgrunnen studerer den fine steinen.

I Fiskarheimen er da fullt av flotte damer som held på med å lage mat som skal serverast itte at Kronprinsparet har reist. Fra venstre Eli Melvær, Eli Sandøy, Bjørg Hågøy, Pippi Norstrand, Oddlaug Nikøy, Erna Nekkøy, Hugrun og Synnøve Melvær. Vist bilete vart litt dimt so er da fordi auga til heimesideskrivaren vart litt tåkete av å sjå so mykje fint på ein gong.

Her sit nokre at dei strame politi-karane i Fiskarheimen, og tek seg ein pust i bakken ,mens dei venter på at Kronprinsparet skal komme.

Politibåten sjekker at alt ser normalt ut, og da gjere da so vanligt her ute i øyane.

Alt såg normalt ut på sjøen, og so er da å gjere seg klar til å sjå til at alt foregår seg fint på land.

Rett før Kronprinsparet kom held ein stødig politimann ei forklaring om korleis ein burde forhalde seg til sperringar og sånt.

NRK-teamet sjekker forbindelsar og batteri og alt so ellers er viktigt i ei so høgtidelig stund. Heimesideskrivaren står forskrekka og ser på korleis dei professjonelle handterar sånne greier.

So kjem båten med Kronprinsparet og alle ca. 70 pressefolka.

Kronprinsparet står forventningsfullt i styrehuset og lurer på korleis vi øyabuarane ser ut og oppfører oss.

Leah Norheim og Peter Nybø står klar til å overrekke blomar til Kronprinsparet. Heimesideskrivaren som ellers er ein knakande tøff type fekk faktisk tårer i auga av å sjå på dissa forventningsfulle ungane.

So har pressekorpse ramla i land og Kronprinsparet kjem i land i meir danna former.

Ordførar Aud Kari Steinsland helsar Kronprinsparet velkommen. Ho Aud Kari hadde full kontroll frå begynnelse til slutt ved dinna vitjinga, ei makelaus dyktig kvinne.

Her får Håkon Magnus og Mette Marit blomane av Leah og Peter

Både Håkon Magnus og Mette Marit tok seg god tid til å prate Leah og Peter

Kronprinsparet var veldig fornøgd med blomane. Årsaka til at ditta bilete er teke nedanfrå og opp er at da var einaste plassen heimesideskrivaren kom til å ta bilete frå. Da hång nemligt ein tysktalande fyr med masse utstyr øve skuldrane hans.

Kronprinsparet tok seg god tid til å prate med folk, spesielt ungar, som forventningsfullt hadde stilt seg opp langs med kaien.

Her loser ho Aud Kari kronprinsparet vidare mot brua, kyrkja og resten av tilstelninga

Pressefotografane aula so katta framfor beina på kronprinsparet, her ser ein til og med ein ivrig heimesidefotograf i fullt firsprang for å finne nytt motiv

Nokre viselige folk fant ut at uteområde til Pippi og Atle egna seg ypperligt til utsiktspunkt, og da hadde dei heilt rett i.

Her passera kronprinsparet rett nedanfor huset til Pippi og Atle

Her er kronprinsparet med fylje komt på sig sørover. Ein kan og sjå media-ansvarlig Frida Melvær hakk i hæl. Trass i at pressefolka var både viltre og tildels ein smul rabiate, so hadde ho Frida full kontroll heile veien.

På veien opp te brua stod dar 3 mødre med små born. Her har journalistane so smått begynt å intressere seg for mødre og born.

Kronprinsparet stoppa og opp for å helse på mødre og barn, og darmed so forsvant dei i ei rue med pressefotografa og journalista.

Den mannlege heimesideskrivar har vore mykje på sjøen med han Asle i "gamle" dagar, men han har aldri sitt han med vasskjemba hår før. Da har liksom berre våre hår. Rett før brua står Asle med vasskjemba hår, Petter og Ricci klar te å ta imot kronprinsparet

Formanna og nestformanna i Bulandet Grendalag står på brua og ventar med glede og skrekk på kronprinsparet. Ho Heidi og ho Anne Britt skal begge fortelje litt om øyane våre til kronprinsparet. Heimesideskrivaren får faktisk ei tåre i augekroken av å sjå på dissa spente jentene og.

På nordsida av brua ligg da båtar og ventar på kronprinsparet, naturen er so fin som den alltid er her ute og været er på alle si side.

På sørsida av brua kjem kajakkpadlarar frå Njord sigande.

So nærma kronprinsparet seg brua og den fyrste straum av journalista er på vei. Som vanligt so er da NRK Sogn & Fjordane som har sitt seg ut nytt punkt for vidare sending fyrst, og er fremst i køa.

Anne Britt og Heidi fortel om kor fint vi har da her ute i øyane.

Kronprinsparet er veldigt fornøgd med kva Heidi og Anne Britt har å fortelje.

Ditta er berre so fint å sjå på.Anne Britt, Heidi, Aud Kari, Kronprinsesse Mette Marit og Kronprins Håkon Magnus. Like blide alle samen, flott natur og pent vær. Da gjere berre so godt i bringa å vite at vi har sånne flinke og flotte jenter som representera oss her ute i øyane

Målfrid og Harald står på hi sida tå brua å venta på at kronprinsparet skal komme.

Litt lenger ned i veien står barnehagane frå Værlandet og Bulandet og ventar spent på at kronprinsparet skal komme.

Kronprins Håkon Magnus gjer seg god tid til å prate med barnehagebarna.

Kronprinsesse Mette Marit pratar med barnehagebarna på hi sida av vegen.

Kronprins Håkon Magnus i prat med barnehagebarna. Barna var ikkje so pratsomme. men dei var ellers tydeligt inponerte øve so fint selskap

Kronprinsesse Mette Marit hadde god dialog med barnehagebarna heile tida.

Ho Kronprinsesse Mette Marit har eit veldigt godt drag på barn, folk ellers og jamvel heimesideskrivarar. Den so seie noko stygt om ho Mette Marit skal jammen få dinna heimesideskrivaren på nakken.

Kronprinsparet helsar på ungane i barnehagen før dei skal gå ned til kyrkja

Bulandet Barnehage på veg til kyrkja. "Dissa sperringane, skal tru om det ikkje er på tide å flytte litt på dei? Ska vi sjå...."

Politiet ville vist ta hand om dissa sperringane sjølve..

Her ser ein endå ein altan med forventningsfulle tilskodarar. Da gledelige her er at dei som vinka mest er frå Sverige. Sånn ikkje-voldelig samrøre mylja folkegruppe er no egentligt typisk for oss øyabuarar.

Nybø Band har begynt å spele "Havet" mens Kronprinsparet er på vei ned mot kyrkja.

Per Vidar spelar "Havet" so vakkert so aldri før.

Musikalsk leiar Sveinung Fristad er klar til alt so har med kongelig musikk å gjere.

Ei jente vert intervjua rett før Kronprinsparet kjem. Navn ukjent, men vi tek gjerne imot.

Her driv NRK på å sikte seg skikkelig inn før Kronprinsparet kjem ned til kyrkja.

Politiet har alt under kontroll ved kyrkja før Kronprinsparet kjem

So er NRK Sogn&Fjordane som vanligt fyrst ute, her i fullt firsprang før kronprinsparet kjem.

Ordføraren og Helge pratar litt med ordensmakta.

Heimesidejournalisten Kurt posisjonerer seg.

Kurten er imponert over, men let seg ikkje skremme av utstyret til dei andre journalistane

Han dar hadde jaggu ein stor ein! Og so med hår på..

Rett itte NRK-gjengen so kjem Kronprinsparet nedøve veien mot kyrkja

So kjem Kronprinsparet inn øve kyrkjeplassen

Heidi Furevikstrand, leiar i Askvoll ungdomsråd, introduserte dei ulike innslaga ved kyrkja

Ordførar Aud Kari Steinsland held velkomsttale for Kronprinsparet ved kyrkja. Ei skikkelig god tale var da og.

Kronprinsparet var skikkelig nøgd med tala til Aud Kari

Ein engasjert gjeng med ungar og voksne syng "Øyarikets vals"

Jardar heldt ein særdeles velformulert og morsom prolog for Kronprinsparet og resten av tilhøyrarane.

Solisten Bård kom eins ærend frå sjølvaste garden.

Solist Karina klar til innsats.

Her syng og spelar dei "Morgon på Kobbeskjæret"

Kronprinsparet, ordførar Aud Kari Steinsland og fylkesmann Oddvar Flæte koser seg storlig øve den flotte musikken

Kronprinsesse Mette Marit held tale. Ho kom godt frå tala, og ein merka seg spesielt at ho sakna meir "Bulandsbunad" i sånt usikkert vær.

Kronprinsparet takkar kor og korps for kor flinke dei har vært. Ser ein godt itte her, so ser ein ho Astri med med kamera midt mylja Kronprinsparet. Neste bilde vise resultatet.

Her har ho Astri knipsa bilde mens Kronprinsparet står å helsar koret og korpset.

Her sit dei ærverdige personane frå Bulandet, Værlandet og Askvoll kommune som vi er ekstra glad for at vi har blandt oss. Dei skal få helse særskildt på kronprinsparet.

Dei tøffaste av dei tøffe som vi har å by på, er klar til å helse på Kronprinsparet.

Ho Anbjørg helsar på Kronprins Håkon Magnus.

So er da han Per Nybø som får handtrykk frå Kronprinsparet

Jostein og Klara i god dialog med Mette Marit, mens Anbjørg har sjarmert Håkon Magnus skikkeligt i senk

So er Kronprinsparet klar til omvisning i kyrkja med sokneprest Stein Hugo Fykse

Her ligg båtar ved kyrkjekaia klar til å lose Kronprinsparet vidare om da skulle verte nausynt

Ambulansebåten på vei frå kyrkja til Nikøy kaia.

Her har Kronprinsparet komme seg til Nikøykaia att. Jermund frå Landøy Stein er klar til å ta imot.

Jermund viser steinsorter i alle variantar. Ikkje berre at han har greie på å lage steinbord, men han er no reine geologen og den fyren

Kronprinsparet vart skikkeligt reven med når han Jermund fortalte om stein og geologiske viderverdigheita

Dei var skikkeligt imponert øve ditta steinbordet

So takka Kronprinsparet for den flotte omvisninga

Mens omvisninga føregjekk seg, so samla da seg månge kongevenner for å sjå på, godt passa på tå ein myndig politimann

Mens heimesideskrivaren luska rundt for å ta nokre sånne paparazzi bilete ( eller kva da no heiter), so banka da ilsk i glasruta bak han. Da var ho Reidun og ho Liv som mista utsyn til dei kongelige, ser ein godt itte her so ser ein både Reidun og Liv bak glasruta.

Tore står klar te å fortelje om fiskeri og sånt, mens han ventar på at Jermund skal verte ferdig å fortelje om si bedrift

So er da Tore sin tur. Kronprinsparet helsar på, og Tore fortel like levande og engasjert som han alltid gjere.

Kronprinsparet er godt fornøgd med kva dei har fått vite, og so helsar dei her på Magnar

Og her på Jostein

So er besøket i Bulandet øve. Kronprinsparet tuslar, fulle av inntrykk, tilbakers til båten sin for å reise vidare nordøve i verda.

Her er Kronprinsparet klar te å gå ombord i båten som skal bringe dei vidare.

Ordførar Aud Kari seier nokre siste farvel ord før Kronprinsparet dreg vidare

Farvel-talen frå ein annan vinkel. I baugen på Hillersøy kan ein sjå dinna forskrekka heimesideskrivaren som har blitt litt varmare i trøya itte kvart

Då er besøket øve og Kronprinsparet går ombord

Korpset spelar farvel-musikk

Folk samlar seg for å ta farvel

Da er mykje folk som har samlea seg for å sei farvel til Kronprinsparet

Fotografane på på båten samlar seg for å ta dei siste bileta frå Bulandet

Kronprinsparet vinkar farvel

Her vinkast da farvel frå dei fyrste kongelige so har vært her på tusen år.

So er besøket slutt og båten set full fart mot Svanøy

Itte at Kronprinsparet hadde reist var da klart for suppe og andre godsaker i Fiskarheimen