Bilder av den gamle skyssbåten vår, "Landøy"

Her er bilder frå då skyssbåten "Landøy" gjekk ut av rute, og nyebåten "Senjahamn" blei sett inn i rute.
Året er truleg 1989, men tek gjerne imot rettelse vist eg bomma med ett år eine eller andre veien.
Bilda er tekne ved kaien i Bulandet, og fotograf er Oddhild Kjempenes.
"Senjahamn" blei seinare målt blå og døpt om til "Alden".

Arne Kjæmpenes slutta då, etter å ha vore på "Landøy" sidan den kom i 1972. Difor får han blomster.
Fiskarkvinnelaget diska opp med kake og kaffi.

Er da fleire som har gamle nostalgiske bilde frå skyssbåter som har frakta Bulenninger og Værlenninger og turistar, fram
og tilbakers frå øyane og resten av verda, så hadde det vore kjekt om vi fekk kloa i dei og kunne legge dei ut på heimesida.

Dette bildet er utlånt av Jonas Landøy, og teke av broderen Svein Landøy.

 
Bilda under her er frå fotoalbumen til Oddhild og Kristian Kjempenes.