Fotoalbumbilder  frå albumane til Helena Rogne. Sånne koselige bilde frå litt halvgamle dager.

Eli Rogne har vore så snill å låne heimesideskrivaren albumane til Helena Rogne.
Her er mykje kjekke bilde både frå gamle dager og fram til 1990-talet. Eit utval av bilda vert lagt ut til felles glede etter kvart som heimesideskrivaren får tid til å kopiere, navnsette og legge ut.

Er da nokon som ikkje vil ha bilda som eg legg ut, liggande her, så sei frå og dei vil verte fjerna. Ved tvilstilfelle vil motiva på bilde verte kontakta før bilda vert lagt ut, men da vert litt arbeid å kontakte alle vist da er bilde med mykje folk på. Så gje tilbakemelding vist de er misfornøgd.
Men bilda som vert lagt ut skal være ganske så truskyldige og kjekke.
Så ei takk til alle som hjelpe til med å sette navn på bilda.

Du må klikke på bilda for å få dei større.

Birte og Jarle Håvard Nikøy raser rundt i eit tog på Hundersfossen i 1990. Birte er 2 år og Jarle Håvard 5 år.

Birte Nikøy er her i 2-års dagen til Frank Rogne i 1990, men da ser ut som da er ho som tek heile oppmerksomheita. Birte er her 2,5 år.

Elisabeth Rogne, og huset i bakgrunnen trur eg er Solfrid og Johannes sitt.

Elisabeth Rogne igjen. Heimesideskrivaren er litt usikker på alderen til Elisabeth, men trur bilda er tekne på begynnelsen av 80-talet.

Bilde frå midten av 80-talet, Nina til venstre er fødd 1983. Det er vist fotballkamp dei skal ha føre seg her. Frå venstre Nina Rogne, Stein-Are Norstrand, Fridjtof Norstrand, Kristoffer Rogne, Vegard Norstrand og Roger Rogne

Fridtjof Nordstrand og hunden til Helena, Tina. Bilde er frå begynnelsen av 80-talet då Fridtjof er fødd i 1979. Dei bak er litt vanskelige å identifisere

I vogna sit Kristoffer Rogne, mens Fridtjof Norstrand passa på.

Fridtjof, mamma Turid og Vegard

Fridjof Norstrand, liten og truskyldig i dei dager

Fridtjof ute å spasera ein sommerdag på begynnelsen av 80-talet.

Frå venstre Fridtjof, ukjend katt, Vegard og Stein-Are.

Stein-Are sit og myser mot sola i noko dei kalla hoppesteinfjøra, vest om huset til Solfrid og Johannes.

Vegard Norstrand er ute med brødpåsen for å mate sauene til Olav Rogne.

Vegard Norstrand og Thomas Grepstad i avslappa positur, mens da ser ut som dei kjøpe med noko racerbilgreier.Bilde er teke i 1990.

Nina Rogne kosa med hunden, som vistnok hette Trina. Bilde er teke utfor huset til Helena. Nina er fødd i november 1983, så det bilde her er vel teke ca.1987 kan eg tenke meg

Nina og noko som ser ut som ei sild, ho ser ein smule skeptisk ut. Da bilde her er vel og frå sånn ca. 1987

Frå venstre Vegard, Stein-Are og Fridtjof Norstrand. Fridtjof er fødd i januar 1979 så dette bilde er teke sånn ca. 1983.

Nina Rogne i fullt arbeid med å grave sand. Lita, fin og truskyldig. Fin er ho no i alle fall enno. Veit ikkje nøyaktig alder her, men ho er fødd 23.11. 1983

Påska 1990. Vegard Norstrand og Nina Rogne.

Dresen med barnebarna Frank og Tor Arin. Tor Arin er ikkje so mange månader gamal her, og han var fødd 14. mars 1991.

Dåpen til Tor Arin, 15.juni 1991. Dresen har barnebarna Frank og Tor Arin i fanget. Så har vi den stolte mor Pippi, Bjørg Norstrand og den stolte far Atle. Bak står Turid Rogne Norstrand og kallen Paul Norstrand, Anders Norstrand og Vemund Nikøy.

Frank klar til å feire 17.mai, truleg i 1991.

Bilde frå noko som truleg er eit bursdagselskap i 1993. Kanskje 2 års dagen til Tor Arin, ein ser nett i armen på han mens han skåla med tåteflaska. Frå venstre Magni Tysse Rogne, Oddlaug Norstrand og Eli Rogne. Jammen held dei seg godt dissa jentene, dei er akkurat like flotte i dag.

Bilde frå same seansen. Med ryggen til sit Frank, så ein som eg ikkje ser, Nina Rogne, Levi Rogne og Birte Nikøy.

Frank driv litt kjøyreopplæring med Tor Arin, truleg i 1993.

Dresen på båttur med barnebarna Frank og Tor Arin i 1995.