Diverse matoppskrifter frå Bulandet og Værlandet.

Her kjem da oppskrifter på forskjellige kulinariske opplevinger ein kan rekne med å få servert i ein
Bulandsk eller Værlandsk heim.

Oppskrifter frå mesterkokken Bjørn Hundershagen.

Ei lita historie og eit ynskje om oppretthalding av kunnskap om gamle mattradisjonar frå Øystein Sandøy. Heimesideskrivarane er heilt klar til å ta imot gamle oppskrifte, berre ring eller send mail eller stopp oss i veien eller på butikken.

Øystein Sandøy har sendt oss oppskrift på livretten til Ingvill. 17.04.12

Kylling på potetseng.

Dette er livretten til Ingvill, og dermed blir han laga rimeleg ofte når gamlefolket ber ungane på laurdagskvelds.

Skjer poteter i passeleg tjukke skiver, og legg dei lagvis i ei gryte saman med løk, kvitløk, purre, salt og pepar. Slå på kremfløyte og matfløyte til det nesten dekkjer. Kok til potetene byrjar å mjukne.

Krydre kyllingfiletane med salt, pepar, kyllingkrydder og paprikapulver, og steik dei på god varme nokre minutt på kvar side. Slå potetene opp i ei vid, eldfast form. Krydre godt med estragon. Dekk potetene med riven ost, og ha ytterlegare litt estragon på. Skjer kyllingfiletane i to, og legg dei oppå osten. Set så forma i steikjeomnen på 200 gr. og la stå i ein liten halvtime.

Er snautt og enkelt å lage, og eignar seg godt dersom ein er mange rundt bordet. Server med salat, og sjølvsagt god vin.

Velbekomme.
 
Øystein Sandøy har sendt oss oppskrift på god tradisjonsmat.

Bokna lange.

Dette lærte eg av Isak Stave, som har vore skippar med oss ein del.

Bruk helst små, eller litt mellomstor lange. Fisken fileterast slik at ein berre skjer frå ryggen. Buk og øyrebein bør vere med. Skinnet behaldast på. Legg filetane i salt i 2 – 2,5 timar. Deretter skyljast saltet av, og filetane hengjast til tørk til dei er bokna, dvs brukbart tørka, men framleis nokolunde mjuke i konsistensen. I fint tørkever med sol og litt vind tek det berre ein 5 – 6 dagar. Sola og nordavinden heime på vårparten er ypperleg. Filetane bør frysast dersom dei ikkje skal i gryta med ein gong, då dei ikkje er salte nok til å stå seg særleg lenge.

Skjer filetane i fine serveringsstykke, og kok/trekk dei i usalta vatn i ca ein halv time. Dei skal ikkje vatnast ut på førehand. Serverast med gode poteter, grønsaker, steikt flesk og ertestuing.

Enkel, sunn, og himmelsk god tradisjonsmat.
 
Øystein Sandøy har sendt oss ei oppskrift på ein dessert han og fruen brukar til jul av og til. Eignar seg ikkje for mindreårige. Han ber det merkelege namnet (hald dykk fast) SYLLABUB!

Du treng:
1 sitron, skalet tynt skrella og safta silt.
1 dl sherry
2 ss konjakk
60 gr. sukker
3 dl kremfløyte
riven muskatnøtt.

Ha sherry, konjakk, sitronsaft og skal i ei skål og la stå natta over. Sil blandinga over i ei djup skål saman med sukkeret og rør til det er oppløyst. Ha kremfløyta sakte i mens det rørast, og riv godt med muskatnøtt over. Visp til det tjuknar, helst med handvisp, for piskast det litt for mykje, kan det skilje seg. Den skal vere så tjukk at mjuke toppar kan trekkjast opp med vispen. Fordel kremen i seks porsjonsglas, gjerne litt høge. La stå kaldt til den skal nytast. Smakar aldeles nydeleg saman med litt fruktsalat, jordbær eller kva som helst ein måtte ha i huset.

OBS! OBS! Bør omgåast med ei viss forsiktigheit. Han er ikkje heilt uskuldig med omsyn til styrkegrad.

Bon appetit.
 

Lise Landøy har sendt nokre skikkeleg sunne oppskrifter på brød og knekkebrød.
Ho har fått oppskriftene hos ei tante som bur i Kragerø.

INGER`S RUGBRØD : (3 stk)
1.3 kg sammalt kveite
200g heilkorn
200g sammalt rug,fin
75g gjær
2 ts salt
9dl hvetekli
ca1.8l lunket vatn
1dl linfrø
1dl solsikkekjerner

Legg alle korna i bløyt i minst ein time, blir mykje mjukare av det (2 dl vann ca).
Bland alt det tørre i lag med korna, ha i gjær og lunka vatn, elt godt i bollen.
Deigen er so seig at den ikkje kan eltast på bordet.
Forhev 1 t, hell/spa deigen i former med bakepapir i. Skal ikkje etterheve. Steikast midt i ovnen på 200 grader i 1 time.

Heimelaga knekkebrød e alltid godt, her e ei sunn og god oppskrift!

Knekkebrød:
2 dl grovt sammalt rug
2 d lettkokte havregryn
2 dl havrekli
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø (eller store grønne gresskarskjerner)
1 tsk salt
7 dl vatn

Bland alt sammen.
Smør eit brett med olje.
Hell deigen utover med slikkepott, rut opp med kniv sånn at knekkebrøda blir sånn du vil ha dei.
Bak ved 170 c i 45 min (varmluft).
Åpn opp ovnen og slipp ut damp noen ganger. Evt ettertørk i 30 min ved 100 grader C.
 

Lise Landøy-Midtbøen har sendt oppskrift på fondanter.

Dette er ei oppskrift på kjempegode fondanter, så gode at det går ikke an å
stoppe å ete... :)

Lises fondanter:

100 gr kokesjokolade
100 gr smør

Blandes i vannbad og avkjøles litt.

2 egg
100 gr sukker

Blandes, ikke eggedosis.
Sjokoladeblandingen helles i egg + sukker.
Tilsett 2 ss hvetemel i blandingen og fordel i 6 store muffinsformer.
Stekes på 180 grader i ca. 8 minutter, til kakene sprekker på toppen.

Nyt :)
 
Laila M. Blom har sendt oppskrift på litt sunnare muffins med fruktose i staden for sukker.

100 g smør
1,5 dl fruktose
2 egg
2 dl kveitemjøl
0,5 dl havregryn
1,5 dl sammalt, grov
2 ts bakepulver
1,5 dl melk

Laila har forska endå meir på desse sunne muffinsane.

Ho har no forska seg fram til fyljande mjølblanding.
1 dl rugmel
1 dl byggmel
2 dl kveitemjøl
Då vart muffinsane faktisk endå beire let ho føre.
 

Øystein Sandøy har sendt oppskrift på ei grei, enkel og god fiskegryte.
I same slengen nytta han anledninga til å ynskje alle ei skikkelig god Påske.

Fiskegryte.
Denne gryta er snau og enkel å lage til. Bruk helst torsk-eller hysefilet.

2 – 3 skapelege skinn – og beinfrie filetar.
Løk.
Gulrot.
Salt og pepar.
Krydderurter (dill, persille).
Posesuppe (fisk, tomat el. anna).
Riven ost.

Bruk ei litt djup, eldfast form. Legg godt med grovhakka løk i botnen. Spe gjerne på med purre og vårløk. Skjer filetane i fine stykke, og legg tett oppå løken. Dei kan godt vere litt frosne. Ha på salt, pepar og elles alt de likar av krydderurter. Skjer tynne, tynne skiver av gulrot og legg over.

Kok suppe etter anvisning. Sjølve synes vi Bergens Fiskesuppe er best. Avkjøl litt. Slå suppa opp i forma, slik at det er omtrent jamkanta. Legg tett med tomatskiver oppå, og topp med riven ost. Ei liten dash estragon oppå tomatane er ikkje å forakte. Ein kan bruke kremfløyte i staden for suppe. Gryta kan i det heile varierast med det ein synes passar av ingrediensar.

Set i omnen på 200 gr. La stå i knappe 45 min, gjerne litt mindre hvis fisken er heilt opptint.

Server med kokte poteter og grønnsaker. Velbekomme
 

Øystein Sandøy har sendt oppskrift på nydelig tomatsild.
 
Sild høyrer med på frukostbordet i jula. Her kjem ei oppskrift på nydeleg tomatsild. Denne gjev ca eitt glas, men kan doblast og aukast alt ettersom kor mykje ein vil ha.
 
0,5 dl tomatpure
0,5 dl ketchup
1 dl 7 % eddik
1 dl soyaolje
2,5 dl sukker
ei halv teskei pepar
2 - 3 løk
2 - 3 spekesildfiletar, passeleg utvatna.
 
Kutt sildefiletane i fine, små bitar og løken i tynne ringar. Varm opp tomatblandinga slik at alt blandar seg godt, men la det IKKJE koke!  Avkjøl. Slå den opp i glaset etterkvart som de legg nedi silda og løken. Fyll glaset heilt opp, og legg 2 - 3 laurbærblad på toppen. La stå kaldt eit døgns tid før den takast i bruk.
 
Velbekomme.
 
Øystein Sandøy har sendt oppskrift på ei kulinarisk svineribbe han pleie kose seg med ein av juledagane.

Jula nærmar seg, med alle dei kulinariske utskeielsar som høyrer til. Her hos oss brukar vi alltid å servere svineribbe med sprø svor ein av juledagane. Oppskrifta fekk vi i si tid hos vår gode nabo Reidun Flister, og det er full suksess og innertiar kvar gong.
 
Prøv! De vil ikkje bli skuffa.

Svineribbe m/sprø svor.
----------------------------------
1 pent stykke ribbe (familieribbe ?)
salt
pepar
anna krydder (rosmarin, ingefær?)
evt. litt skarp sennep
------------------------------------

Rut opp svoren litt djupt. Gni godt inn med salt, pepar, krydder på begge sider. La ligge i 1-2 døgn under folie i kjøleskap.

Forvarm ovnen til 230 gr. Ha i 2-3 dl ferdig oppkokt vatn. Legg ribba på rist med svorsida ned, dekk med folie og damp ribba midt i ovnen i 20 min. Legg gjerne appelsinskiver, svisker, nellikspiker og løk (kvitløk ?) i vatnet. Pass på at det er nok vatn heile steiketida.

Ta av folien, snu ribba og steik høgt i ovnen i 2-2,5 timar ved 170 gr. Då skal svoren bli jamt sprø. Hvis ikkje, auk temperaturen på slutten av steiketida. Legg folie over hvis svoren er klar før ribba er ferdigstekt. Ein kan og bruke grillelementet, men då er det fort gjort å brenne svoren svart.

Sausen fuskar vi med. Vi brukar 1 pakke Toro kjøttkakesaus, 2 pk Toro sjysaus, avsila kraft frå langpanna pluss så mykje vatn at han blir passe tjukk. Erstatt gjerne litt av vatnet med appelsinjuice. Det kan og vere lurt å la krafta frå langpanna stå litt, og deretter fløyte av mesteparten av fettet. Denne sausen blir umoralsk god.
 

Øystein Sandøy har sendt oppskrift på seibiffen stuerten ombord i "Sjøvær" laga

Seibiff a’la Kjetil.

Stuert Kjetil Myklebust på ”Sjøvær” er ein trollmann i byssa. Spesielt seibiffen som han lagar er uovertruffen. Her kjem oppskrifta:
Seien fileterast helst etter å ha lege eit døgn på is. Fisken vendast i mjøl, salt og pepar, steikjast på god varme og leggast over ei eldfast form. Masse løk surrast blank og leggast over. Lag deretter tynn, brun saus av steikesjya, litt av mjølblandinga og god fiskekraft hvis ein har. Sausen hellast over fisken til det dekkar nokolunde, og heile stasen setjast så i steikjeomnen på ca 200 gr. til alt er gjennomvarmt og smaken har ”sett” seg. Av krydder kan ein bruke alt ein likar.

Serverast med kokte poteter og råkostsalat.

Velbekomme.
 

Gunn Torill Finset Fedøy har sendt oppskrift på skikkelig gode julekjeks.

Ny sort julekjeks denne jula???
Her er ei lettvint og god oppskrift for dei som likar salt-søte saker.
Det blir 75-80 kjeks av dette.
 
PEANØTT/NONSTOP-KJEKS
 
180 g halvmjuk magarin
3 dl sukker
2 egg
5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
250 g nonstop
250 g salte peanøtter
 
Sett steikeomnen på 200 grader.
Pisk/rør margarin og sukker "kvitt".
Pisk inn eitt og eitt egg.
Bland det tørre og rør det inn. Nonstop og peanøtter skal ikkje hakkast opp.
Legg røra med to t-skeier på papirkledde omsbrett, litt frå kvarandre.
 
Steikast midt i omnen, til dei er lysebrune i kanten, rundt 8-9 min. (spørs kor skarp omn de har)
 
Lukke til !!
 
Tone Nybø har sendt oppskrift på bakte epler.

BAKTE EPLE MED BÆR (tre porsjonar)

DU TRENG:
Tre mellomstore eple
100 gram ferske, rørde bær
1\2 ts sukker
litt kanel
4ss vatn
1 pk vaniljesaus

SLIK GJER DU:
Skjer ut midten av epla (kjernehuset) slik at det vert hol igjennom. Fyll hola med bær og strø kanel og sukker på toppen. Set epla i ei eldfast form med litt vatn i. Steik epla midt i omnen på 200 gradar i 10- 15 minutt. Serverast med vaniljesaus. Vel bekomme!
 

Laila M. Blom har sent oss oppskrifta på ei gulrotkake ho kan anbefale.

Denne gulerotkaka er definitivt ein av dei beste!

Nydelig gulerotkake som ikkje skal etast før dagen etter den er laga (kan
etast same dag, men skilnaden i smaken er stor!):

Oppskrift til langpanne:
8 egg
6 dl sukker
lag eggedosis

Etterpå har du oppi og rører inn:
2 ts vaniljesukker
1 toppa ts kanel
4 strøkne ts natron
6 dl mel
3 dl soyaolje
9 dl gulerøtter

Steikast på 180'C i ca 40 minutter.

Glasur:
150 gr primulaost (eller kavli naturell)
100 gr smør (del opp i betar)
250-300 gr melis (eg havnar stort sett nærare 300)
2 ts vaniljesukker
Ha alt i ein bolle og køyr på med miksar (eltekrokar anbefalast). Kan vere
greitt å vente til kaka er blitt bra kald før du har på glasuren.
 

Laila M. Blom har sendt oss oppskrifta på skumbollane sine. Dei som kan hjelpe te med  å kreere sjokoladetrekk på skumbollane må berre sende inn oppskrift.

Skumboller à la fru Blom

2 dl vann
ca 1/2 kg sukker
Disse to ingrediensene kokes i 15 min og avkjøles noe

8 plater gelantin
Disse bløtlegges i kaldt vann, krystes godt og has i en kjele med 1 dl kokende vann.
Avkjøles noe.

Sukkerlake, gelantinoppløsning og 2 ts vanlijesukker piskes meget godt til massen er hvit og stiv.
(i og med at massen er varm i starten, går det en stund før den begynner å bli hvit).
Den kan settes på smurt plate eller i muffinsformer med en skje, men personlig liker jeg best å fylle hele røren oppi en pose (jeg bruker stekeposer), og sprøyte dem nedi muffinsformer.
De begynner å fastne svært fort, kan være ferdig allerede etter 45 min.

For den som liker å ha sjokoladetrekk på dem, går det kjempefint! Men jeg har desverre ikke noe god oppskrift på akkurat det. Kanskje det sitter noen her i øyane en plass som har ei enkel og rask oppskrift på en god glasur?

Hilsen Laila M. Blom
 

Øystein Sandøy har sendt hans og svigerinna Oddbjørg sin måte å tilberede og servere lammesteik på.

Her kjem mi og svigerinne Oddbjørg sin måte å tilberede og servere lammesteik:

Marinert lammelår:

1 lammelår

Marinade.

2 deler olje, 1 del sitronsaft
Heil, knust pepar
Finhakka kvitløk
Rosmarin, basilikum, timian
Litt soyasaus og worchestershiresaus

Bland alt. Det beste er å bruke ein stavmikser. Det treng ikkje å vere fin olivenolje, vanleg soyaolje greier seg fint.
NB! Ha ikkje salt i marinaden, men bruk elles alt de likar. Mengda kvitløk må sjølvsagt tilpassast smak og behag, og ikkje minst evt. sosiale forpliktelsar. Smør marinaden over heile steika, og la den ligge under folie i kjøleskap 3-4 dagar.
Marinaden luktar som svarte pesten, men det skal den gjere.

Strø litt salt over steika, og legg den på rist i langpanne med litt vatn i. Steikjast på 170 grader
1 time per kg pluss 20 min. Ein kan og skjere poteter i store båtar, strø over raust med dill og bake dei i langpanna saman med steika. Samlar det seg kraft i langpanna, har ein den i sausen.

Serverast med poteter, saus, smørdampa blomkål og broccoli, samt steikt sopp, purre og paprika.

Her hos oss brukar vi å marinere og gjere klar steika, deretter tek vi ho med oss ut til svigerinne Oddbjørg som tilbereder alt på meisterleg vis. Dermed er både det kulinariske og det sosiale teke hensyn til.
Velbekomme.

Med helsing Øystein Sandøy.

 

Øystein Sandøy har ei god oppskrift på laksefilet i folie.
 
Laksefilet m/skinn, men plukka rein for bein.
salt/pepar, helst sitronpepar.
persille, purre, dill, andre krydderurter
seterrømme, evt. creme fraiche eller godt smør
evt. litt finhakka kvitløk el. kvitløkspulver.
 
Ha litt olje på folien, legg fileten med skinnsida ned, strø godt med salt og pepar. Dekk fileten med alt det øvrige, og legg rause klattar med seterrømme over. Pakk folien godt ihop så tett som råd, pass på at han ikkje lek i botnen. Bak i ovn på ca. 180 grader i omlag ein time.
 
Server med kokte poteter, agurksalat, rømme. Ein kan og bruke sennepsaus eller pepperrotsaus.
 
Han Hans Kristian Kjempenes har ei spanande oppskrift på Breiflabbgryte.

Breiflabbgryte:
Steik breiflabben so vanle fisk med mjøl,salt og pepar.
Ha den opp i ei longpannje.
Lag te saus tå 1 kartong fløyte, 1 boks Creme Fresh, og ett glas tomatpurre. Ha da opp i ett binnje og visp da te da har blanda seg. Ditta då t ei follje longpannje me breiflabb.
Hellj sausn øve fisjin.
Strø øve me paprika tå forsjillige farga, ferske oppskårn sjampinjong, stekte løk( me litt sokker på onde steiking), purreløk, gullrøte oppskårne i sjeve. (Kan sikkert ha på andre godsakje og, her e da bere fantasiinj so stoppa enj) 

Sett inj i omna på 120 grade i enj halannja time.
Når da står atte ett kvarter, ta pannja ut og strø øve m krepsehala og reke, og set pannja inj atte.

Attåt:
Skjer potete opp i båta og rollj dei i salt og pepar og ha dei på ett brett og set inj i ovna ilag me flabbinj i vel enj time.
 
Ho Anne Britt Sandøy har nokre oppskrifter på julekjeks som ho gjerne vil dele med oss.
Dei to første har ho fått hos Bente Sandøy og "Strassburgerane" hos mor si.

Kitty's harde vafler:
3 egg
0,5 hg sukker
4 ss smelta smør
1 beger seterrømme
2 ts natron
ca. 1 kg mjøl

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland det andre
Kjevle ut. Bruk asjett og skjer rundt. Steik i vaffeljernet.
Snadder med kvitost på!!

Sarah Bernard:
Botn:
250 g malte mandlar
3,5 dl melis
3 små eggekvitar
Bland godt. Set med skei på plata og steik ved 180 C i ca 10 min

Fyll:
200 g temperert meierismør
3 dl melis
3 eggeplommer
litt eggelikør
Rør saman. Smør på botnane. Set i frysaren

Glasur:
500 g kokesjokolade
3-4 ss delfiafett (kanskje meir)
litt kaffi
Rør saman. Dypp kakene i glasuren.
Kakene bør lagrast i frysaren.

Strassburgere ( 100 stk)
400 g margarin
2 dl melis
4 ss vaniljesukker
5 dl kveitemjøl
4 dl potetmjøl

Rør smør, melis og vaniljesukker kvitt. Tilset mjøl litt om gongen. Rør kraftig heile tida
Sprut deigen i topper/stenger
Steikast ved 175 C i ca 10 min.
 

Ho Pippi har oppskrifta til vistnok verdens beste og sprøaste krumkaker.

Krumkaker:
1 kopp smør
1 kopp sukker
1 kopp vatn
1 kopp kveitemjøl
1 kopp potetmjøl
1 egg

Rør smør og sukker kvitt, tilsett eit lettpiska egg.
Rør sikta mjøl og vatn vekselvis inn i røra
Steik lyse og fine og form dei sånn som du vil

Hos ho Pippi er dissa krumkakene so populære at ho laga dobbel porsjon.