Torunn, Kurt, Johannes og katten Petter Rasmus si rorbu for utleige, Mattern-Bua
Her ligg Mattern-Bua Den røde bua du ser her er Mattern-bua
Kurt , Torunn, Johannes og katten Petter Rasmus
finn du i det kvite huset over rorbua.

Torunn og Kurt har ei rorbu som dei leiger ut.
Rorbua kaller dei Mattern-Bua, oppkalt etter han som bygde den opprinnelig  ein gong i tidsrommet 1906-1909.
Byggjaren hadde navn Mathias, men gjekk berre under kallenavn Mattern.

Mattern-Bua har 3 soverom,  med sengeplass til 7 stykker til vanlig. 2 av sengene er dobbeltsenger.
Er da større fylgje enn 7 som kjem so er da god plass til å utvide med madrasser til da doble.
Men då bør ein kjenne kvarandre godt frå før, ellers kjem ein til å verte kjent underveis.

I 1. etasje er da stue og kjøkken i eit rom, 1 soverom med dobbelseng og dusj / toalett.
I tillegg så er da eit grovkjøkken i 1 etasje med fryseboks og vask for behandling av fisk.
Alle golva i 1.etasje utanom grovkjøkkenet har varmekablar og fliser.
I 2. etasje er da 2 soverom, vask/toalett og god stueplass for bagasje.
Rorbua er utstyrt med vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskemaskin, fryseboks, kjøleskap, Tv og ellers
alt ein skulle trenge.
Alt dette kan du sjå bilete av lenger ned på sida.

14 fot båt med 9,9 hester motor kan ein få leige, eller to stykker og.
 På sørsida av rorbua er da fin uteplass for soling og grilling.
Gassgrill kan lånast.

Torunn og Kurt treff du på telefon 57 73 22 13, eller på ein av mobilnummera 47 28 15 13 el. 99 63 66 03.
Du kan og sende e-mail ---> Eg vil vite meir om Mattern-Bua

Mattern-Bua har og ei eiga heimeside  --> http://www.mattern-bua.org
 
Slik såg Mattern-Bua ut i 1909 så den har ein
lang historie.
Her har da vore sildesalteri, notabøteri, egnehus,
håskjinning,vaskeri, bakeri, losjement  og mykje
anna rart opp gjennom tidene.

No har altso Mattern-Bua vorte omskulert til
rorbu for turistar, og so får ein håpe at både
turistane og Mattern-Bua trivast med da.


 

 
Her er bilete av Mattern-Bua.

Du må klikke på bilete ein gong for å få da større.

Her ser ein rorbua når ein kjem putrande frå nord.

Mattern-Bua frå nordsida.

Frå vest, ein ser og solplassen i sørveggen.

Uteplassen på sørsida.

Noko av stua.

Inngangsparti og trapp til loftet.

Litt gammelt maritimt preg er da her og der.

Kjøkkenkroken.

Soverom i 1. etasje

Dusj og bad i 1. etasje. Her er også vaskemaskin og tørketrommel.

Grovkjøken med fryseboks og vask m/ arbeidsflate for behandling av fisk. Her er da og mykje meir orden normalt en når fotografiet vart teke.

Soverom i 2. etasje mot aust, her er da god plass til madrasser på begge sider av senga.

Soverom i 2. etasje mot vest, her er da og utgang mot altan. Her er og god plass til ekstra madrasser.

I 2. etasje er da og vask og toalett.

God stueplass for bagasje eller for ekstra madrasser.

Her er dei 2 første som budde i rorbua i år ( 2005) og dei trivdest vistnok knakande godt.