Besøk av studenter frå  Ås.

I høst hadde Bulandet og Værlandet besøk av ein delegasjon studentar frå naturforvalterklassen ved Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås.

Dei fekk omvisning både i Bulandet og Værlandet, og det dei ikkje kunne få med seg på den korte tida fekk dei vist  ved hjelp av lysbildeshow. Lokale guider fortalde kva vi putler på med her ute, og dei fekk med seg litt av både næringsliv og natur.
Været var ikkje av det beste den dagen dei var her, men dei var like blide og fornøgde for det.
Nokon av dei vil til og med skrive hovudoppgave om livet her ute i øyane, så dei har nok funne litt av interesse her.

Dei tok bilete på turen sin og har vært so snille å sende bileta til heimesida slik at lesarane her kan sjå korleis dei hadde det.
Dei sendte og ein hilsen saman med bileta, og den hilsenen er gjengjeven under her.

"Studenthilsen fra Ås
Dere har fått et par hilsninger fra Ås før i høst, men her kommer enda en, om enn noe sen, likevel en lystig hilsen fra et tredvetalls studenter på Ås. Det begynner å bli et par måneder siden vi satt i bussen vår på ferja på vei til Bulandet /Værlandet, og lurte på om bussen i det hele tatt ville komme seg fram på veiene. Men det gjorde den og vi fikk en rekke flotte opplevelser, selv om været var ganske friskt. Nordsjøløypa var sjarmerende også i regn og blest og det ble desto bedre å komme inn til deilig varm fiskesuppe og en interessant debatt rundt naturreservatet. Imponerende var det også å se hvor mye dere har fått til ute på øyene, vi var innom steinindustrien, fiskeindustrien, reiselivet og havna med mer. Mye å la seg imponere over og trivelig og gjestfritt overalt. Dere har nok sikret dere et par sommerturister i oss i årene som kommer :-)
Beste hilsener fra 5. klasse naturforvaltere ved Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås."

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.
 

Her er gjengen på Halsøyhaugen. Ein ser Anne Britt som prøver å guide så godt ho kan i styggeværet.

Her står studentane og høyrer på Jardar, som på vanligt vis klarte å sjarmere heile gjengen.

Smilande og blide var dei trass det sure været.

Her får studentane sjå lysbildeshow og høyre guidane fortelje om Bulandet, i fjøsen hennars Liv.

Lene Gjeldsvik og Anne Britt Sandøy fortel om korleis vi har det her ute i øyane.

Jardar tek seg like godt ut som vanlig, mens heimesideskrivar Kurt ser ut som han held på å få eit raserianfall. Da er no ikkje so mykje raseri i den skrotten der, so han er nok berre uheldig på bilete som vanlig.

Her er studentane på omvisning på Landøy Stein.

Her beundrer dei steinborda som vert laga på Landøy Stein.

Her er gjengen på tur i Nordsjøløypa

Trolsk stemning i Nordsjøløypa

Ein snarvisitt i Værøyhamna fekk dei tid til og.

So er dei samla til debatt på samfunnshuset på Værlandet.

Her er da diskusjon og spørsmål i samfunnshuset på Værlandet.