Museumet på Værlandet (Engelbua)

I 2005 mottok Værlandet Vel eit sjøhus i arv frå Peder Mathias Hansen. Dette sjøhuset ligg i Værøyhamna på Værlandet. Værøyhamna består av 9 gamle sjøhus/buer og kaiar og dannar eit heilskapleg og unikt sjøhusmiljø, det einaste i sitt slag i Askvoll kommune. Arven etter Peder Hansen inneheldt også ei samling gjenstandar brukt i fiskeri, jordbruk og hushald på 18- og 1900-talet.Sjøhuset er bygt i 1912 og seinare påbygt med eit fryserom. Det har vore aktivt nytta som sjøhus fram til om lag år 2000.

Du må klikke ein gong på bilete for å få da større.

Museet er i Engelbua.

Per Hansen samla mange fine gamle ting frå livet på land og sjø. Museet har og fått mange gjenstandar frå andre på Værlandet.

Inntektene har til no vore baserte på frivillige donasjonar. Bytta er framleis tom, so anten må folk verte meir sjenerøse, eller so må vi endre økonomisk strategi..

Nordfjording.

Peder Hansen merka alle gjenstandane nøyaktig.

Utstyr frå den gamle telestasjonen.

Egnehuset

Fin utsikt frå buadøra.

Peder Hansen har samla mykje dokumentasjon frå Den andre verdskrigen.

Ein langvegsfarande ølboks.

Vinda.