Mystisk funn av herrelaus BH i Nordsjøløypa..

Da vil sei at BH'en egentlig er damelaus.
I og med at da ikkje er observert nokon transversitter verken i Bulandet eller Værlandet,
so rekner ein da som lite truligt at BH'en tilhøyrer nokon av hannkjønn.

Mysteriumet er at ein  BH ,uten folk i ,vart funnen hengande i ei grein ved inngangen til skogen
når ein kjem vestfrå i Nordsjøløypa.

BH'n er mørk av farge og er av størrelse 75C.
Den mannlege heimesideskrivar har ikkje noko forhold til disse BH størrelsane. Hans begrep
på størrelser av BH'er går i om da er ein halv handfull eller ein heil handfull, og so er han veldig
nøyen på at låsemekanismen er enkelt og lett håndterlig.
Den kvinnelige heimesideskriverska har difor helde eit intensiv-kurs for meg angåande BH størrelser.
Kurset var vel og merke berre på da teoretiske plan, men like fullt var da svært interessant.
Konklusjonen vart i alle fall at eigerska av BH'en er slank og har brystmål på ca. halvanna handfull.

So er spørsmålet, korleis i alle verda kan ein mørk BH av størrelse 75C havne på ei grein på
vestsida av skogen i Nordsjøløypa?
Finnst da underbekledning av same art i skogen, men som enno ikkje er oppdaga?
Går da ei BH- laus og kald dame rundt i skogen å leita etter bekledninga si?
Er da ei felle? Er da ei einsam dame som er lei av tradisjonell sjekking på bygda, og rett og slett har
sett opp ei snare for å lokke truskyldige og einsame mannfolk inn i skogen?
Ja spørsmåla er mange og og framleis ubesvarte.

Da ein kan utelukke er at BH'en har komme med vinden. Vel har da blese mykje i da siste, men so
mykje vindfang i ein BH størrelse 75C er da ikkje at den skulle komme flagrande i vindkulene heilt
bort til vestsida av skogen

Har da foregått seg nokre amorøse aktiviteter her, som har medført at ein BH størrelse 75C skulle
verte hengande att på ei grein skal tru?
Da er tvilsomt da og. Været har ikkje vært av ein slik art i da siste at da har innbydd til den slags
aktiviteter utendørs. Er da vindstilt og opplett, so er da mygg, klegg, knott og maur som ville ødelagt
stemninga. Sånn aktivitet ville nok vært meir so ein ekstremsport å regne.

Den kvinnelige heimesideskriverska har vært i skogen og inspisert og fotografert funnet. Den
mannlege heimesideskrivaren sit fortvila ute i havet og får ikkje vært med på den interessante
etterforskninga av dette mysterium.
Men straks han kjem heim om nokre veker so vert da nok ei prioritert oppgave å ta ein tur i
Nordsjøløypa for å inspisere åstaden.

So må ein få lov å sende ein advarsel til hjortejegarane so skal ut på jakt snart. Dåke må ikkje verte
forvirra og distraherte om da heng ein BH størrelse 75C framfor nasen. Ikkje begynd å skyt i hytt og
pine, hald auga og konsentrasjonen retta mot hjorten.

Eg må og få tilbakevise ein kvar spekulasjon om at heimesideskrivarane heng opp BH'er i skogen for
å skaffe seg lett tilgjengeleg nyhendestoff. Dessutan brukar heimesideskriverska, etter kva den stadigt
gravande mannlige heimesidejournalisten har funne ut, størrelse 80B.

Tips for å løyse mysteriumet om den damelause BH størrelse 75C, og som heng i eit tre i Nordsjøløypa,
kan sendast til webansvarleg her: Eg har eit tips om korleis BH'en havna dar.
Eller her: Da er min BH.
Eller her: Da ligna på BH'en til kona, men korleis havna den dar?

Alle tips vert behandla med den største diskresjon, og vert gjenngitt anonymt under her.

Til slutt vil ein oppfordre alle til å ta ein tur i Nordsjøløypa for å sjå om da er fleire spor å oppdrive i
denne mystiske saka.

Tips komme inn 07.09.
Endå eit tips har komme inn. Dette tipser går og ut på at da kansje ikkje er ein BH, men noko anna rart.
Tipsaren meiner at dette kansje kan være sovelappa for folk med ekstra store og utståande auge. Da
kan no kansje være noke i da at folk vil trekke ut i naturen for å få seg ein kvil i fred og ro, og då kan da
være lurt med sovelappa for auga visst sola skin. Men heimesideskrivaren kan vanskeligt sjå føre seg at
nokon kan ha so store utstikkande auge at dei treng størrelse 75C for å dekke dei. Da kan no hende at
heimesideskrivaren , blant anna, hadde fått so store utståande auge vist han hadde vore augevitne til at
BH'en blei hekta av ein kropp og hekta opp på ei grein. Men då hadde han no ikkje komme til å tenkt på
å ta på seg nokre sovelappa. So eg trur nok at vi må konkludere med at da er ein BH størrelse 75C som
heng dar, men korleis den havna dar er framleis eit opent spørsmål.

Tips komme inn 02.09.
Tipset som kom inn var at ditta kansje var ein ny lydlaus fangsmetode for hjort som ein eller annan
hjortejeger hadde hengt opp.
Tipsaren hadde og ein god, men omfattande ide om korleis mysteriumet skulle løysast.
Koppane i BH'en inneheld sikkert DNA spor. Vist ein samler inn DNA frå alle damene i Bulandet
og Værlandet, då fortrinnsvis fra same plassen, so kan mysteriumet løysast raskt og effektivt.
Tipsaren foreslo at lensmannen kunne besørge denne innsamlinga, men da synest heimesideskrivaren
vert litt voldsomt. For ikkje å uroe travle øvrigheits personer so seier heimesideskrivaren seg herved
villig til å stå for denne innsamlinga av DNA i ledige stunder når han kjem heim.
Er da nokon som frivillig vil gje DNA-prøve for å avkrefte eventuell mistanke med da same so er da
berre å sei frå.


Her er nokre bilete av åstaden for da mystiske BH funnet..

Her ser ein merke som symboliserar Nordsjøløypa. Like i nærheiten her, på vestsida av skogen heng BH'en.

Her heng den mystiske damelause BH'en. Mørk av farge og størrelse 75C

Bevismatriale som syner at størrelsen verkeleg er 75C.