VÆRLANDET OG BULANDET YNSKJER DEG VELKOMMEN TIL STORFEIRING AV

NORDSJØPORTHELGA 2008 SOM I ÅR VERT ARRANGERT FOR 5. GONG!

PROGRAM

Flyttbart webkamera som filma litt her og der finn ein her.

TORSDAG  03.07

VÆRLANDET

Vi feirar danning av Barnas Turlag i øyane med natursti, tur med Rogavlen og grilling i Værøyhamna på Værlandet.                                                             

Vi startar kl. 17.00 frå Værlandet Båt.  
Kr. 50 pr deltakar

Les meir her!

FREDAG  04.07

BULANDET

 21.00-02.00: Pub i Bulandet ungdomshus.

Sal av øl, vin og mineralvatn,

kiosk m/høve til å få kjøpt enkel mat.

Aldersgrense 18 år                            Billett: Kr. 50
Buss til Værlandet etter  puben kl. 02.30. Bruk påmeldingslite på Joker Værlandet.

VÆRLANDET

Pub på Værlandet Båt, opent til 02:00.

LAURDAG 05.07

VÆRLANDET

Frå 10.30: Marknad i Værøyhamna på Værlandet. 

Veikingane med Veikingskipet kjem og for sikkerheits skuld har vi fått tak i ein redningskryssar.
 

11.00-17.00: Museet i Engelbua er ope med sal av røykjesild, poteter og natronkaker.

Ver snille å parkere på tilvist plass! Buss frå/til alle ferjeavgangar (ikkje kl.08.00, og ikkje til ekstaruta som går frå Askvoll klokka 0900.).

Salsboder: ute og inne, til sjøs og på land!  Aktivitetar for store og små. Ulike kulturinnslag. Musikk ved lokale og skotske krefter. Konkurransar med flotte premiar. Tombola.

17.00 – 19.00:   Familiedans i Værlandet ungdomshus.

Musikk v/ Nybø Band og skotsk ungdom.

Kiosk!    Billett: Born  kr.20/vaksne kr. 50

22.00-02.00   Laurdagsdans v/Nybø Band i Værlandet ungdomshus.

Sal av enkel mat og drikke.

Aldersgrense 15 år.  Billett: kr. 130 før 23.30 – kr.150 etter 23.30

Buss til dansen går frå  Nikøy kl. 21:45. Retur frå Værlandet ungdomshus kl. 02.30.Bruk påmeldingslista på A/S Nikøy.

BULANDET

21.00-01.00 (tida kan bli utvida).

Gamaldanskveld v/Andreas Ramstad m/fleire

i floren til Liv Turid Gjørøy.

Sal av øl, vin, mineralvatn og noko å bite i.

Aldersgrense 18 år.          Billett: kr.  120

 

SØNDAG 06.07

BULANDET

11.00: Gudsteneste ved Bulandet kapell.

Familiedag med sjøen i fokus. Aktivitetar for små og store.

Turar frå a/s Nikøy med Øystjernen til Sandøy. Bill. kr. 40 for vaksne, kr. 20 for born
I Sandøyna får du kjøpe kaffi og Eli sine heimelaga vaflar.
Skotsk musikk på Sandøy.
 
 Turar for borna med Sjørøvarskuta Hanna den Henrivne og kaptein Kurt den Krakilske.
 
 Omvisning ombord i kystnotbåten Hillersøy ( Dersom den ikkje er på sjøen)
 
Petter sel røkjesild mm. på bua.

Historisk vandring til statuene av Berte og Hansine med Jardar Melvær.

Turar med RIB-båt, pris pr. tur kr. 280,-
 
Open butikk og kafé.

Musikk ved Ramstad og Co ved AS Nikøy

Med atterhald om endringar i programmet.

Askvoll Taxi har ei 7-seters drosje her ute under NSP-helga.

Telefon til denne drosja 91623405.

NB! Drosja har taksameter, men kun kontant betaling, ikkje kortterminal.

Ekstra ferjeruter:

Laurdag klokka 0900 går det ei ekstra ferje frå Askvoll. Reisande utan bil kan nytte drosje frå denne ferja (91623405)

Sundag klokka 1400 går det ei ekstra ferje frå Værlandet.

Heile ferjeruta finn du her.

Link til Fjord 1 om ekstra ferjeruter i helga