NORDSJØPORTHELGA 2009

Bulandet Grendalag og Værlandet Vel hadde fellesmøte tysdag den 2. desember 2008. Vi kom då fram til følgjande:

Sak 7) Nordsjøporthelga.

Nordsjøporthelga 2008 vart ein ny suksess, og vi er samde om at vi har eit greitt ”mønster” å arbeide ut i frå, men vi har ei skikkeleg utfordring når det gjeld å trappe ned på alt dugnadsarbeidet og få det heile meir kommersielt.

Vi ynskjer å halde fram med :

Kva nytt bør inn?

Vi legg ut info under Nordsjøportknappen og oppmoder folk om å stille opp som frivillige. Vi treng nye folk med initiativ og pågangsmot.

Ei stor utfordring er å ha nok mat til alle arrangementa.

***********

Dersom vi legg dette mønsteret til grunn, har vi følgjande ’skjelett’ som utgangspunkt for Nordsjøporthelga 2009:
 

Dato

Arrangement

Ansvar

Fredag den 3. juli

Pub på Værlandet Båt

Gry & co

Pub på Nikøy A/S

Dagleg leiar?

Laurdag den 4. Juli

Marknad i Bulandet

Næringslivet i Bulandet og på Værlandet

Familiedans på Værlandet med Nybøband

Vidar ungdomslag og Bulandet ungdomslag

Laurdagsdans på Værlandet med Nybøband. 15. års aldersgrense.

Vidar ungdomslag og Bulandet ungdomslag

Seniordans i Floren i Gjørøyna

Bulandet Grendalag og Værlandet Vel

Sundag den 5. juli

Utegudsteneste i parken på Værlandet

Kyrkjelydsutvalet

Kultur/familiedag på Værlandet

 

 

 

For å få i stand marknadsdagen treng ein folk til blant anna desse jobbane:

 

Marknadsføring

-         innhente sponsorar som vil vere med på ei annonse i t.d. Fjord1 magasinet

-         få arrangementet inn i alle oversiktar i aviser o.l

-         designe, trykke og distribuere brosjyrer og plakatar

I 2008 var det Lise Landøy Midtbøen og Laila Blom som hadde hovudansvar for marknadsføringa.

Ordne med stands

-         kontakte personar som har hatt stand på dei tidlegare Nordsjøporthelgane for å høyre om dei vil komme attende

-         arbeide med å få fat i nye verksemder som kan ha stand

-         informere og orientere standdeltakarar

-         innkreving av standavgift

-         ordne med praktiske ting som straum, bord og plassering av stands på sjølve marknadsdagen.

 

I 2008 var det Nina Etterlid, Roar Landøy, Gunnar Hopen, Arnt Henning Blom, Gry Leite og Audun Oddekalv som hadde hovudansvar for stands og det praktiske på marknadsdagen.

”Den blå permen” er det ein av desse personane som har.


Kultur/familiedagen på Værlandet:

 

I prinsippet er det ikkje grenser for kva ein kan finne på denne dagen, men her er ei liste over kva som har vore gjort tidlegare:

  2004 og 2005: Friluftsdag ved gamleskulen på Værlandet:

-         riding ved Eva Landøy

-         kajakpadling i Gåsevatnet/Fadersvatnet ved Njord

-         sal av middag og sveler i gamleskulen

2006: Kulturdag ved butikken i Bulandet

-         skotsk og norsk musikk

-         skotsk og norsk folkedans

-         opplesing av norsk og skotsk poesi (Jakob Sande og Robert Burns)

-         Tae Kwon Do oppvisning

2007: Kulturdag i Værøyhamna

-         skotsk musikk/dans

-         Austrheim spelemannslag

-         Musikk ved lokale krefter

-         Ope museum i Engelbua

-         Natursti

2008: Familiedag med sjøen i fokus rundt butikken i Bulandet

-         sjørøvarskuta ”Hanna den Henrivne” og sjørøvaren ”Kurt den Krakilske”

-         skotsk musikk og Eli sine vaflar i Sandøyna

-         rib-båt

2009: ?

-         mosjonsløp/anna idrettstevling med humoristisk undertone ved idrettslaga?

-         Konsert ved lokale krefter (’gamle’ og noverande kulturskuleelevar)?

-         Servering av sild, poteter, natronkaker og sovore i Engelbua ved museumsnemnda?

 

Program frå tidlegare Nordsjøporthelgar finn de her

 

Har du lyst å vere med?

 

Meld deg på her, skriv kva du er mest interessert i å jobbe med.

 

Heimesideskrivarane lagar ei liste over frivillige som vi oppdaterer etterkvart som folk melder seg på.