Opning av gangvegen i Værøyhamna, 2/7 - 2010.
Tone: Mens Nordhavet bruser.
Frå eldgamle tider med arbeid og slit,
idag kan vi velstanden hausta.
Vi syslar med hobby og tidsfordriv,
og ruslar ein tur mellom nausta.
Vi slepp å klatre over berg og hei,
men sviv på gangvegen så fin og brei!
Vi minnest då Hamna var full av folk
som jobba med silda og håen.
For notidas unge, moderne folk:
Kun tanken, og så er vi gåen.
Nei heller ein rusletur på gangvegen fin.
På Kroa får vi både mat og vin!
Vi jublar i kor og vi er so glad
at vi fekk det som vi ville.
Og takk du som slepte idéen stad,
og dei som betalte gildet.
Til slutt hyller vi kvar arbeidsmann
som snekra og skrudde og fekk alt i stand!
Rolv Landøy