Opning av gangvegen i Værøyhamna

 

Fredag 2. juli klokka 1700 var det klart for høgtideleg opning av den nye gangvegen som bind den nye delen av Værøyhamna saman med den gamle. Gangvegen har også funksjon som brygge. Mykje folk hadde møtt om i synste enden av gangvegen for å ta del i seremonien. Leiar i Værlandet Vel takka alle som hadde vore involverte i å realisere prosjektet. Ordførar Aud Kari Steinsland gratulerte og det gjorde og Jenny Følling som i dag representerte Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Ei  symboladda ihopeknyting av eit nytt og eit gammalt tau utført av ordføraren markerte overgangen til ein ny tid for Værøyhamna Til slutt song Rolv Landøy denne sjølvdikta songen om gangbrua.

 

Heimesideskriverska måtte litt opp i høgda for å få med seg begivenheitene og då vart vinkelen ikkje heilt ideell som de kan sjå.

Ei heile rue med folk hadde møtt opp i synnaråkjet for å få med seg opninga av den nye gangbrua. Opninga markerte også startskotet for Nordsjøporthelga 2010.

Her ser vi at gangbrua også gjer ein svært god jobb også som bryggje.

Heimesideskriverska er litt for lita og litt for beskjeden til å brøyte seg igjennom store folkehopar, men som de likevel kan sjå her førebur både Audun, Aud Kari og Jenny seg på seremonien.

Her er Audun klar med blomstrene so han skal dele ut til Aud Kari og Jenny

Ein til Fylkeskommunen ved Jenny

Og ein til kommunen ved Aud Kari

Aud Kari gratulerte Værlandet

Her ser vi Gaularordførar Jenny Følling som gjer seg klar til å overrekke ei blomstre frå Fylkeskommunen

Jenny Følling er heilt vill av begeistring øve den nye gangbrua

Etter at Audun hadde gitt kommunen og fylkeskommunen blomstre fekk kommunen ei blomstre av fylkeskommunen som kommunen ga til Audun

So var det tid for ein song. Rolv hadde som seg hør og bør ved slike høve dikta ein song som han framførte på ein framifrå måte

Og her ser vi den symbolske seremonielle knuten. Da va no gjerne grett at det var det den var og at da ikkje va nåke dyrt so skolde beleggast........