M/S " HAUGEFISK ".

 

"HAUGEFISK" er formelt eigd av Kystmusumet i Florø, men vert driven av foreininga: "Haugefisk`s Venner".
Båten har heimehavn: Iglandsvik i Bremanger.
Det er få båtar som opplever å verte verna i ein alder av berre tretti år. Men det har skjedd med linebåten "Haugefisk".
Båten er bygt i 1978, og er det siste autentiske fartøyet ifrå den fyrste generasjonen av autolinebåtar med shelterdekk.
" Haugefisk " var ifjor sommar til Shetland under midtsommarfesten "Johnsmass Foy", med ei utstilling om pigghåfisket i Nordsjøen og ved Shetland på 1960 og -70 talet.
Utstillinga som består av ulike foto og film vil dei ha med seg til Nordsjøporthelga.
Haugefisk skal ligge i Hamna på fredagskvelden og heile lørdagen, og forflytte til Bulandet på familedagen på søndag.
"Haugefisk`s vener" ser fram til Nordsjøporthelga, og til å besøke øyane våre.