Gamle "Vestøy" dreg frå Bulandet for siste gong, for å verte erstatta av ein større og nyare " Vestøy"

"Vestøy" er ein kystringnotbåt blandt fleire i Bulandet. Båten har tjent sine eigarar vel i månge år, men har med tid og stunder vorten for liten og stusselig itte dei moderne krav.
Sundag 23. juli la gamle "Vestøy" frå heimekaia si for siste gong. Den skal opp til Skjervøy til nye eigarar. Dei nye eigarane på Skjervøy hadde ein større båt som er både større og meir moderne enn gamle "Vestøy". Den har då reiarane for gamle "Vestøy" kjøpt. Den nye båten skal og heite "Vestøy".
Den nye båten var allereie på vei sørøve, og natt te 26. juli låg dei ved kai i Bulandet.

Under kan ein sjå nokre bilete av både gamle og nye "Vestøy".

Ein må klikke ein gong på bilete for å få dei større.
 

Vemund og Arild kaster trossene på gamle Vestøy for siste gong

Gamle Vestøy bakker frå heimekaia for siste gong

Gamle Vestøy har snudd og er klar te å forlate Bulandet

Her kjem gamle Vestøy for full fart nordover sett frå Olsundbrua

Her er gamle Vestøy på vei norøve mot Florølandet, Skjervøy og resten tå verda

Her står familiane på Olsundbrua og ser me vemod i auga at båten, som har tjent dei so godt i so månge år, forsvinn nordøve for å tjene andre familiar

So har da gått nokre daga og nye Vestøy har komme te Bulandet

Nye Vestøy ved kaien til butikken i Bulandet. Da var open båt og alle var særs nøgde med kva dei såg.