Åpning av Shetland Museum 31.05.07

31.Mai 2007 kl. 14:00 åpna Shetland Museum i Lerwick.
Shetlenderane har knytte gode band til øysamfunnet vårt,kommunen vår, og for so vidt resten av Noreg.
Difor var fleire prominentar frå Noreg invitert. Heimesideskriverske Linda, rådmann Vorland, Fylkesordførar Sandal og Dronning Sonja representerte oss på ein utmerka måte. Dronning Sonja heldt til og med tale.
Gry Leite var ikkje med på sjølve åpninga, men skal være med på festen seinare på kvelden med resten av gjengen.
Festen starta i kveld ( 31.05.07) kl. 22:00 norsk tid, og vi satsa på at dei prominente gjestane representera oss like godt på festen som dei gjorde under åpninga.

I eit vindauga på Shetland Museum står eit webkamera som den mannlege heimesideskrivaren studerte under sermonien. Han lagra unna intressante bilete itte kvart som dei dukka opp.
Her kan ein sjå bilete frå åpningssermonien direkte frå webkamera'et i vindauga. Kvaliteten på slike bilete er ikkje av dei beste, men da er no litt kjekt å sjå på likevel.

Heimesideskriverska hadde kamera med og tok fleire fine bilete, so når ho kjem heim kan ein få sjå korleis sermonien tok seg ut frå andre sida.

Klikk ein gong på bileta for å få dei større.
 

Her står Linda og snakka i mobil med den mannlege heimesideskrivar, som sit ute på eit skip vest av Haltenbanken og ser på ho via eit kamera i eit vindauga på Shetland. Teknikken har jammen komme langt.

Her er Linda mylja rådmann Vorland og Fylkesordførar Sandal. Dronning Sonja, Prins Charles og Camilla er inne på museumet og studera alt da fine som er dar.

Dei kongelige har komme ut og ei sjefsdame, som den mannlege heimesideskrivar ikkje veit navn på, held åpningstale.

Her er da manageren for museumet som held tale om alt da fine ein finn på museumet. Den mannlege heimesideskrivar veit ikkje navnet på han heller.

Dinna karen dreg den mannlege heimesideskrivaren kjensel på, ditta er Prins Charles som held tale.

Her er da Dronning Sonja som held tale.

Prins Charles, Dronning Sonja og ho Camilla avduka ei tavle med innskripsjona som befinne seg under eit Shetlandsk flagg.

Tavla er avduka og Prins Charles fortel om kva som står på tavla, og sikkert litt meir.

So har dei kongelige ei helserunde før dei forlet sermonien. Heimesideskriverske Linda befinne seg i dinna rua av folk, men ho ofra seg med fotografering for heimeside, so ho tok seg ikkje tid til å handhelse på dei konglege dinna gongen. Desutan so treffe ho att gjengen på festen seinare på kvelden.

Her står Linda, i myrk kjole, og les kva som står på tavla.

Linda les alt når ho begynde på noko. Ved sidan av står rådmann Vorland og Fylkesordførar Sandal og hutra og frys, og venta på at ho skal verte ferdig.