Håvard og Anbjørg Halsøy sitt utleigehus på Bulandet, Skogbu.
Her ser ein kor i Bulandet Skogbu ligg.
 
Her ser du sjølve Skogbu
 
Håvard og Anbjørg Halsøy har ei hytte i Bulandet som dei leiger ut.
Hytta kaller dei Skogbu.

Hytta har stor stue, kjøkken, toalett / bad og bod i 1 etasje
I andre etasje er da 3 soverom pluss ein stor gang.
Da er senger til 6 personer, men ellers er da so god plass og masse madrasser
at her kan ein heil bataljon flytte inn.

Mot vest er da ein liten skog der Havard og Anbjørg har rydda fin sti og laga
trapp opp til ein utkikksplass der dei og har laga ein fin sitteplass.
Tusler du inn i skogen her ein finværskveld med partneren din so er da nesten
ikkje til å unngå at dåke kjem i da romantiske hjørnet. Skogen er eller heilt usjenert
og sopass liten at da ikkje er mogeligheit for å rote seg vekk.
Er været sopass dårlig at da ikkje er noko kjekt å sitte utendørs so har Håvard og
Anbjørg tenkt på da og. Då kan du berre tusle deg på austsida av hytta. Der er ein
sti opp til eit innebygd lysthus. Lysthuset har god utsikt, gode sitteplasser og er
varmt og godt.

Da høyrer 14 fots båt til hytta og den finn du ved å spasere ein hundre meter eller so.
Han Håvard driv og som fiskar og har eiga fiskeskøyte som heiter Fix. Vist du vil
so kan du få være med han Håvard på sjøen.

Vil du vite meir om Skogbu so er da berre å ringe til Håvard og Anbjørg på
telefonnummer 57 73 21 30 eller 90 82 00 36.
 

Som ein her kan sjå so er han Håvard nærmast fødd og oppvaksen i båt, so du kan trygt reise på sjøen med han.
Håvard er han fremst i båten.
Klikk på bilete so vert da større.
Ho Anbjørg er og godt vant i båt, her sit ho i midten. Da er bror hans Håvard, Leidulf, som sit og kikker på damene, men når da gjeld Anbjørg so var da han Håvard som trekte da lengste strået.
Klikk på bilete so vert da større.
 
Her er bilete av Skogbu, pluss litt til.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Her ser du vertskapet, Håvard og Anbjørg.

Her ser ein Skogsbu og lysthuset som høyrer til

Håvard med ein av fangstane sine. Er ein med Håvard på sjøen så kan ein få oppleve sånt. Denne hummaren er vel 4 kilo.

Når du ser dette skiltet so har du komt på rette plassen, Skogbu ser du borte i skogen.

Bilete av stua.

Resten av stua.

Kjøkkenet. Da er større men da er ikkje alltid like lett å få alt med på eit bilete.

Eine soverommet.

So ser ein litt av dei to andre soveromma.

Her ser ein skogen og trappa på vestsida.

Går ein opp trappa so finn ein denne fine benken. Her er da fint å nyte både soloppgang og solnedgang. Ja sånn sett so kan ein nyte resten av døgnet og her.

Er da for kaldt til å nyte da på vestsida, so kan du berre tusle opp denne stien på austsida.

På austsida er eit fint lysthus.

Her i lysthuset kan ein sitte å nyte livet og utsikta.

Båten so står på land her høyrer til Skogbu, da er berre vel 100 meter å tusle bort her.

Her ser ein båten hans Håvard, Fix. Han Håvard tek deg gjerne med på fisketur vist du vil.Fix ligg på same plassen som båten so høyre til Skogbu.