Same informasjon, men i meir utskriftsvennleg PDF og med bilde.

Informasjon om:


 

Stiftelsen Alvhilds Minne til Værlandet`s vel


 

Stifta i 2005


 

Adresse: 6986 VÆRLANDET


 

Organisasjonsnummer: 989 086 383


 


 

Etter ynskje i testamentet til Alvhild Værøy, vart det oppretta ein offentleg stiftelse som arva alt ho etterlet seg ved hennar bortgong.

Askvoll kommune fekk oppdraget med å plukke ut styremedlemmar til stiftelsen «Alvhilds Minne til Værlandet`s vel».

Det skal vere 3-5 styremedlemmar i styret, og vervet er ikkje lønna.


 


 

Stiftelsen sitt føremål er:


 

Stiftelsen sine vedtekter:


 

  1. Stiftinga sitt navn er Stiftinga Alvhilds Minne til Værlandet`s vel


 

  1. Stiftinga si adresse er 6986 Værlandet


 

  1. Stiftinga sitt føremål er å vidareutvikle Værlandet øysamfunn sitt miljø av ein kvar art, samt ivareta alt Alvhild Værøy etterlet seg på ein forsvarleg måte og til det beste for framtida.


 

  1. Av grunnkapitalen skal kr 100 000,- vere urørleg kapital.


 

  1. Stiftinga skal ha eit styre på tre til fem medlemmar. Fleirtalet av styret sine medlemmar og styret sin leiar skal vere busett på Værlandet. Styret kan tilsette forretningsførar.


 

  1. Av stiftinga si avkastning, her medrekna gevinst ved sal av fast eigedom, skal årleg minimum 10 % tilførast grunnkapitalen. Resten skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål.


 


 

Stiftelsen forvaltar:


 


 


 

Stiftelsen sitt arbeid


 

Stiftelsen er registrert som eit fond/legat som skal støtte sosiale formål. Styret i stiftelsen har valgt å gjere dette ved å støtte lag og organisasjonar økonomisk, eller ved å legge til rette for almenne interesser elles i Værlandet, bl.a. støttar opp om næringslivet i bygda. Stiftelsen støttar òg tiltak som bygdefolk i Værlandet og Bulandet har nytte av ilag :)


 


 


 

Ei oppklaring:


 

På grunn av navnet vert Stiftelsen ofte forveksla med velforeininga Værlandet Vel. Styret nyttar høvet til å presisere at Stiftelsen ikkje ligg inn under velforeininga.


 

Stiftelsen er rekneskaps- og revisjonspliktig, og er registrert i Lotteri-og Stiftelsestilsynet.

Er det nokon som ynskjer å sjå rekneskapen til Stiftelsen er det berre å ta kontakt med styret.


 


 


 

Ein del saker/tiltak som Stiftelsen har støtta sidan 2005:


 


 


 


 


 


 


 


 

Vi tek gjerne imot fleire søknadar om støtte til gode, lokale føremål!

Om ein vil søkje om støtte frå Stiftelsen: send ein skriftleg søknad med beskrivelse av tiltak, totalkostnad og kor mykje pengar ein søkjer om.

 

Søknaden skal sendast til:


 

Stiftelsen Alvhilds Minne til Værlandet`s vel

v/Elin Blom Vesterås

6986 Værlandet


 


 

Stiftelsen deltek i 2 større prosjekt på Værlandet:


 


 


 


 


 

Stiftelsen sin eigedomar


 


 

«Alvhildhuset»


 

Prosjekt: «lys i huset heile året» -og det har vi jammen fått til! :-)

Istadanfor å selje huset for ein kortsiktig gevinst, vart det brukt ein god del pengar på oppgradering og klargjering for utleige i 2006. Same sommaren flytta det inn eit ungt par.


 

Planen vår for huset var å leige det ut som ein rimeleg prøvebolig for folk som lurte på om dei ville busette seg fast i øyane. Vi meinte at dette var eit positivt tiltak, som kunne føre til at folk etterkvart etablerte seg med eigen bolig her i øyane.


 

Huset har til no fungert slik vi hadde håpa. Det unge paret, som flytta inn sommaren 2006, flytta i april 2010 ut i frå «Alvhildhuset» og inn i sitt eige, splitters nye hus ute i Landøyna på Værlandet. Med seg på flyttelasset hadde dei 2 små born!

 

Berre ein månad etterpå flytta det inn eit nytt par frå Litauen (Det var reportasje om dette i mai 2010 på NRK, i både «Vestlandsrevyen» og «Norge i dag») Dei hadde 1 born når dei flytta inn, og no har dei auka til 4 stk :)


 

Dersom Stiftelsen sel huset, vert det kun gjort til fastbuande. For å sikre at huset på lenger sikt ikkje vert selt som fritidsbolig, vil Stiftelsen legge inn klausular om forkjøpsrett dersom den eventuelt nye huseigaren vil selge det.


 


 

Andre byggningar


 


 

Stiftelsen har ei sjøbu i Værøyhavna som skal fylgje huset vel salg.


 

Dei andre byggningane som Stiftelsen eig, fjøset ved «Alvhildhuset» og naustet i Nordnessundet, er desverre i so dårleg stand at dei må rivast.


 


 

Innmark, utmark, industriområde m.m.


 


 


 


 


 


 


 

Hyttefelt i Nordnessundet


 


 

Det er utarbeidd ein reguleringsplan (som i mars d.å. vart sendt til kommunen for handsaming) med i alt 17 hyttetomter og tilhøyrande felles båtanlegg i Nordnessundet vest for Værøyhavna. Det er òg planar om badeplass og oppstillingsplass for bilar, bl.a. til bruk for nausteigarar i området og turgåarar. Stiftelsen har gjort avtale med Vestbygg AS om salg av hyttetomter, og har hatt samarbeid med byggfirmaet under planlegginga av prosjektet.


 

Dette er eit prosjekt som vi meiner er veldig positivt for øysamfunnet. I tillegg til at Stiftelsen får selje hyttetomter, og ha meir «å rutte med» når det gjeld å støtte opp økonomisk i bygda, vil det òg ha positive ringverknadar for det lokale arbeids- og næringslivet, på både kort og lang sikt :)


 


 

Styret i Stiftelsen pr april 2012


 

Elin Blom Vesterås, leiar og kasserar (tlf 57731100 el 97045003)

Astri Thorsen Landøy, skrivar

Rune Kalvøy

Maj Ytrøy Landøy

Per Vidar Nybø