|
|
|
|
|
Ingunn ynskjer velkommen til styrketreninga, like smilande imøtekommande som alltid. Bak er Sverre Bergh Skeide klar til litt styrketrenande akrobatikk. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her ser ein styrketreningsrommet mot aust, Hildur Yttrøy er alt i full sving på tredemølla. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Styrketreningsrommet sett mot vest. Ein kan sjå at da er stort utval i treningsinstrument, og ivrige trenarar er klar til å sette igong. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Sverre i full sving med roapparatet. Da er ikkje snakk om nokon påhengsmotor her, berre beinharde muskla og innbitt innsatsvilje. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Thea Bergh Skeide prøver ein balanseball, og ho viste ein imponerande balansekunst. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Uansett kva retning føtene til Thea peikte, so var ho like stødig. Her har vi nok ei framtidig turndronning på gong. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Bente Skeide klar til å prøve tredemølla, da var no berre å finne ut korleis dissa hersens knappane virke fyrst. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Så er alle knappane innstilt på omtrent full styrke og Bente fresa avgårde so da knaka både i kneskåle og tredemølle. Da er alltid full fres på ho Bente. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Margareth Landøy er klar til å hive seg ut i styrketrening, mens Ingunn gjer gode råd. Heimesideskrivaren lurer litt på om da kanskje kan være litt mykje vekter på, men Margareth har teke i eit tak før og skal vel klare ditta og. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Margareth hadde ikkje problem med å lyfte litt tunge vekter, da gjekk unda som om da var berre luft ho drog i. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Hildur var litt skjeptisk til heimesidefotografa og profilering på heimeside. Så då venta berre heimesidefotografen til ho hadde fått seg ein halvtime på tredemølla, og var for anpusten til å nekte fotografering. Her er Hildur i full fres mot aust. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Da er ikkje berre folk i alle aldra som kosa seg på styrketreninga i Bulandet. Her sit Kompis, hunden til Ingunn, og nyt livet han og. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Ein smilande og veltrimma gjeng er ferdig med økta på styrketreningsrommet. Thea, Bente og Sverre er strålande fornøgd med treningstilbodet og godt nøgd med at dei kan halde dissa veltrimma skrottane sine vedlike nå dei er i Bulandet. |
|
|
|
|
|
|