|
|
|
|
|
Her finn du Turid, når du kjøyrer ned mot kyrkja so ser du ei skilt som viser kor massør Turid held til. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Når du kjem til enden på veien, så er da berre å gå inn dinna kvite døra du ser her. |
|
|
|
|
|
|
|
|
På innsida av døra er da eit varmt og godt venterom, med fine bilde på veggane, godt lesestoff, gode stola og alt sånt som ein vanlegvis finn på eit venterom. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her kjem Turid ut for å ta imot pasienten sin. Ho er akkurat like fin, smilande og imøtekommande, kvar dag den jenta. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Sånn ser massasjebenken før ho Turid har dandert den skikkeleg med papir,pute og pledd. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her heng diplomen som viser at Turid er ei velutdanna massøse av ypperste klasse. Ho er spesialutdanna innan Klassiske Djup Massasje. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her heng plakat som viser kvar einaste muskel som finnast i skrotten. Heimesideskrivaren prøvde å sette ho Turid fast ved å spørje masse mystiske latinske navn, men ho Turid viste kor kvar einaste muskeltrevl befant seg. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Eit viktigt hjelpemiddel når ein skal bedrive Klassisk Djup Massasje, god gammeldags Spenol. |
|
|
|
|
|
|
|
|
So er da klart til å begynde med massering. Turid bruker armen til Spenol lagringsplass, skikkeleg lurt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her er da sikkert noko Longering som foregår deg. Då går Turid laus på ein spesifikk muskel, frå utspring til feste, og so tøyer ut ittepå. Ho Turid fortalte mykje om Longering, men den storaugde heimesideskrivaren klarte ikkje få med seg alt. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her er da nakkemuskla som vert løyst opp, eller nærmare spesifisert Levator Scalapulae og Sternocleidomastoid og nokre til. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her ser ein korleis heimesideskrivaren har peiling på sånne avanserte muskelnavn. Turid fortalte etter kvart, men da er ikkje so mykje som festa seg oppe i haua til heimesideskrivaren, so han måtte ta bilde for å huske på all dinna informasjonen han fekk. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Her er da Supraspinatusen og Infraspinatusen som vert Longert. |
|
|
|
|
|
|
|
|
Heimesideskrivaren lurte på korleis da gjekk an å prate so mykje mens ein låg med ansiktet rett ned i ein benk. Svaret fant han på undersida av benken, da er so viseleg tillaga at da er eit hol til ansiktet i benken. Er da nokon som lurer på ka som stikk ned av holet, so er da nasen til Torunn. Ho Torunn likte ikkje å være motiv, men stortrivdest med å få massasje. Ho let føre at ho følte seg som ein nytt, friskare og bedre menneske etterpå, og massasjen til Turid kan ho anbefale på da varmaste. |
|
|
|
|
|