To hundre år gammalt skiftebrev frå Garden Værøen.

Skiftebrevet  frå 1808 etter Knut Larsen og Asseline Rasmusdatter Værøen ber tydelige merker etter tidens tann. Dette skiftebrevet har fylgt slekta vår frå skifte vart halde i 1808 og  fram til i dag.  Det er oversett av Laila (Leite) Vederhus. Ho fortel at det har vore ei møysommele foreteelse å oversette brevet fordi ord er bortviska av elde. Verst er det kanskje at ytterbladet manglar, som det fyrste og siste blad. Om det hadde vore der var det vel uleselig likevel etter alle år. Men viktige opplysninger er i alle fall borte med desse to blada.. -------(Les videre på side 1 i oversettinga.)

Skiftet vart halde på Nordre Myrjorda ( E ) som på den tid låg under Alden. Mads Pedersen Alden  veit vi kjøpte begge dei to Myrajordene ( E ) og
( D ) på auksjon i 1776.

I historia om Leiteslekta som eg har lagt ut på heimesida til Bulandet og Værlandet kan ein lese meir om dette eigedomsforholdet.

Eg har skrive tidlegare at Knut Larsen og Asseline Rasmusdatter flytta frå Nord-Garden til Sør-Garden og at stesonen til Asseline han Desiderius Andersen overtok som drivar av Norde- Myrajorda.( E )  Sonen til Asseline i andre ekteskapet Peder Knutsen flytta før foreldra  i Sør-Garden og overtok Hamrajorda ( B ) etter besteforeldra Lars Pedersen Værøy og Susanne Knutsdtr. Sandøy.

Våre forfedre heldt so dette skifte i 1808 for å ordne opp før dei forlet Myrajorda( E ).

Akkurat kor tid dei flytta sør til son sin har vi ikke funne fram til, men vi veit at Asseline døydde 1812 og då vart skifte etter henne halde i Sørgarden, ho vert då benevnt som kårkone.

Tunet på jorda der skifte i 1808 vart halde stod om lag der som Bygdetunet står i dag og vart kalla Buaberget.  Den nye Hovedbygningen på Buaberget vart oppsett då Anne Sofie Matiasdtr. Askvoll og Henrik Berntsen gifte seg og overtok Myrjorda (E ) som  faren til Henrik, han Bernt Jensen Alden, eigde då. Løa skulle visstnok stå der vi hugsar Helena-huset stod ut under haugen. Murane etter Helenahuset står framleis. Denne hovedbygningen på Buaberget vart nedriven kring 1915 og ein del av tømmeret vart seldt til Elias Eriksen Værøy som bygde fyrste delen av huset sitt av dette ved Værøyhamna. (Bruk nr. 76 i Værlandet)

Skiftepapira frå Myra tok Knut og Asseline med seg i Sørgarden ( B ), dei fylgde slekta videre frå “Tunet” i Sørgarden til Vatnahuset på husmannsplassen  i søre bogen på Gåsevatnet.  Son til Peder i Tuna han Abraham i Sørgarden dei kalla, budde der på sine gamle dager saman med kona si Cecilie hjå dotter deira Petrine og mannen Henrik. I historia om “Utskiftninga i Værlandet 1875- 1878” har eg lagt inn kopi av kontrakten Abraham skreiv med svigersonen sin Henrik då han selde stua si i ”Tunet”. Denne stua vart brukt til å byggje på søre enden av Vatnahuset.

Dotter til Petrine og Henrik ho Cecilie Dorthea vart gift nord på Leite. Skiftepapira frå 1808 hadde ho med seg til Nordgarden  på plassen  Leite.  Frå foreldra sineTomas Leite og kona Cecilie Dorthea overtok Henrik Leite dei historiske slektsdokumenta, og underskrivne seinere etter han.

Vi har teke vare på desse dokumenta og medan Henrik hadde dei vart dei oversett.  No kan vi lett gå tilbake og lese kva som gjekk føre seg på Myra våren 1808. Auksjonen vart avholdt 14. Mai som var ein lørdag.

På side 4 i skiftet benevnt Huser: “En liden tømret sjøbu, stående nord i havnen” og “En halvpart i et jektenøst, af skogverk, stående nordenfor bøgarden mot hamnen,” Desse to viser på bilete av Værøyhamna 1905-1917. Dei ligg bak Leitebua. På bilete frå 1917 kan ein og sjå at huset til Elias til venstre på bilete er oppsett då av tømmer frå Myrahuset på Buaberget.

Videre: “Et båtnøst af skoveverk, stående sønnenfor Bygarden i den såkalte Krabbevigen” Dette nøstet stod i Sørgarden og må vere Knut sin eigedom frå Hamrajorda (B ) der han kom ifrå, og som dei no flytte tilbake til som kårfolk.

Naustet som er benevnt i hamna vart nedrive ikke so lenge etter at bilete frå 1917 vart teke, og flytta til Nordnessundet i Humannstøa der det den dag i dag står vest for “Jens-nøstet”.  Torvtaket er erstatta med jern., men “Skogverket” er det same.

Dokumentet frå 1808 gjev oss og eit godt innblikk i kva dei hadde å rutte med i kampen for tilværelsen på Garden Værøen for to hundre år tilbake. I historia om “Fiskeriet” har eg  brukt kapittelet “Sjøredskap” frå dette skifte som eksempel.

Vi vil rette ei stor takk til Laila Vederhus som har oversett desse dokumenta slik at  dei no er leselig for alle og ein kvar.

Kjelder:  Henrik Leite

               Laila Vederhus

               Sverre Landøy

               Tomas Leite

               Anders Eliasson Værøy

               Askvoll Bygdebok Folket II B.
 


Den store bygningen midt på bilete er hovedbygningen på Buaberget som Anne Sofie og Henrik bygde. Dei siste åra vart huset brukt til løe og til smalen, difor var det i dårleg forfatning når det vart rive kring 1915.
Til høgre på bilete ser vi Vikafloren og Vikahuset. Mellom Vikahuset og Buaberghuset ser vi floren til Hans Johan de Bangesson Værøy. Til venstre på bilete ser vi fyrst Hansahuset, Jenshuset og Helenahuset og bakerst Engelhuset.


Slik ser motivet ut i dag. Fotografen av da gamle bilde har kanskje stått litt lenger nord og litt høgre opp i terrenget, har kanskje stått på ei vogn eller noko slikt. Fjøset til høgre på det gamle bildet eksistera enno, men er skjult inne i skogen her. Engelhuset eksistera og i dag, Vi kan sjå litt av møne på da kvite Engelhuset her. Ellers er alle dei andre husa på da gamle fotografiet borte i dag