Ei reise på Garden Værøen gjennom fleire hundre år

Harald Leite har sendt kart, bilde og historie.
Reisa på Garden Værøen er ikkje ferdig enno, og meir vil komme etter kvart.

Kartet med oppmerking av bruka og husmannsplasser kan ein få opp i eit eige bilde ved å klikke på dinna teksten her. Eller ein finn kartet nederst på sida her.

 

                 Historikk om utskiftninga på Værøen 1875-78. 

Det er fredag 16de Oktober 1874.  I eit av dei største husa på Værøen på den tid,på bruk nr.  3. set Ole Eliassen og forfattar eit brev.  Gardbrukarane har vorte einige om at ordninga med felles utmark må gjerast noko med, og dei har arbeidd med myndigheitene om å få ei utskiftning i gong. Dei er no på dette tidspunkt komen so langt at myndigheitene har oppnevnt ein utskiftningsformann som dei må sende skriftleg søknad til kva dei ynskjer. Det er dette brevet Ole Eliassen set og skriv på, og ferdigskrive får det fylgjande ordlyd:

" Hr. Udskiftningsformand Nitter!
Undertegnede Ole Eliassen Værø, der eier et Bruk i Værø, Matr. 60, Lætr. 150 af Skyld 2 Dal. 4 Skilling i Askevold, tillader mig herved Ærbødigst at begjære denne Gaards Udmark udskiftet fra Fællesskab. Lodeierne ere Undertegnede, Bernt Pedersen og Enken Malene Abrahamsdatter.

Dessuden er der en Pladsmand Peder Olsen der har Beitingsrett i same Udmark.

Endvidere have følgende Personer Havnerett i nysnævnte Udmark, nemlig: Berent Henriksen, Johan Henriksen, Knud Mathiassen, Jonas Thomassen og Knud Hansen Landø samt Ole Olsen Landø.

Udskiftningen ønskes paabegyndt  jo  før  jo  heller.

Askevold,   den  16de Oktober  1874.       Ærbødigst  Ole  A.  Eliassen  Værø."

Vel 8 mnd. seinare får dei svar ifrå C. U. Nitter med Berammelse: 
 
"Den ovenfor forlangte Forretning berammes herved til Foretagelse i Reqvirentens Hus paa Værø Mandagen den 6te  September førstkommende  kl. 
9   Formiddag

Vik   i   Sogn,   7de   juli  1875.   C,  U.  Nitter."
 

Klikka du ein gong på bilde so vert da større.

Egiljorda kring 1900.
Han med ljåen: Bernt Olsen Værøy (Olaberen). På hans venstre side foreldra hans, Ole Eliassen og Petrine Berntsdtr. Værøy. På flankane tenarar, det er litt usikkert kven dette er, men det kan vere ekteparet Didrik Desideriussen Værøy og kona Anne Arnesdtr. Sletteland som var i teneste på garden i den tida.


Dermed var Utskiftninga av Værøen Gard nr.  60 i  Askvoll Herred ein realitet.  Mest tre år brukte dei på denne Forretningen, den 24de Juli 1878 var dei samla i Ole Eliassens Hus for siste møte der Forretningen vart avslutta av "Samtlige Lodeiere og Lagrettet, som Intet havde at erindre mod det Forhandlede og Protokollerede."

Protokollen har eg seinare makinskrive og den skal finnast på alle gardane på Værlandet. Kart over endringar og grenser vart og skaffa til protokollane.

Under utskiftninga fekk dei  6  hovedbruka på Værlandet eit bokstavnummer:  
A :   Ole  Eliassen  (Egiljorda)                             Bruk nr. 3.

B :   Gerhard  Olsen (Hamrajorda)                      Bruk nr. 5.

C :   Andreas Berntsen (Hittunsjorda)                 Bruk nr. 6.

D :   Johan  Henriksen  (Søre Myrajorda)           Bruk nr. 2.

E :   Bernt  Henriksen  (Nordre Myrajorda)        Bruk nr.  1.

F :   Jens  Andreassen  (Vikajorda)                     Bruk nr.  8.

Desse  seks  gardane ligg på austsida av Værlandet. Husmannsplassane  som låg under desse bruka på Værlandet har eg gitt same nr. bokstav som Hovedbruket, slik at ein kan sjå kven kvar enkelt eigedom låg under. Dei minste er markert  som ei kule, dei litt større med ein ring med bokstavnr. til hovedbruket  i ringen.
( Kart kan ein sjå her.)

Nokre av bebuarane var husmenn og eigde berre huset dei budde i, desse vart i gamle dagar kalla for ein "Innerst." Nokre budde ned til sjøen og vart kalla for "Strandsitjarar" Ein "Inderst" var han Martinus og kona Anna som budde i ei lita stove inn og nord for floren på norde Vikajorda br. nr. 24. Ein "Strandsitjar" var han Martinus i Landøyna, han bygde huset sitt på nordvestsida av Landøy ned til sjøen. Vi  skal komme innom han og ein gong på reisa vår på Værøen.

Landøy, som under Utskiftninga utgjorde  3 Husmannsplasser som tidlegare var utskift, vart  ikkje teke med i Forretningen (utskiftninga). Kalvøy derimot vart delt på dei tre oppsitjarane i "Nordgaren" D, E, F.    Myrvågen vart tildelt  Vikajorda (F).

Etter utskiftninga vart det lettare for unge par å få seg ein  plass og etablere seg. Fleire av tilflyttarane hadde vore med på Boniteringen og vart soleis kjende med kva som vart lagt ut og til kven. Difor visste dei kven dei skulle gå til når dei ville ha seg eit jordstykke.

Sivert Knutsen Værøy var den som var fyrst ute. Han var son til Knut Nilsen Rikheim i Lærdal. Knut vart kalla for "Gytten" fordi huset hans stod over ein gytt ved Massihågen på søre Vikajorda.  Kona til Knut ho Anne-Berte var syster til Pollen-Matias. Sivert Knutsen bygsla saman med kona si Berta, den søraustre delen av Kalvøy frå 1879 av Bernt Henriksen (gamle-Bernt på Myra)(E). Dei eldre kunne fortelje at huset han sette opp stod litt nord for huset til Arvid Vesterås, og var langt og lavt utan kjellar.

Fyrste eller andre året etter kom Knut Larsen Værøy og kona Nille Karine og etablerte seg på Kalvøy. Dei bygsla den nordaustlege parten som var lagt ut under Johan Henriksen (D)

I historia om Leiteslekta har eg lagt ut kopi av to bygselsetlar. Dei bygsla desse her nyetablerarane måtte ha  var mykje likelydande som bygselpapira på Leite. Sjølv om dei sat på bygsel, så var det skikk og bruk at ungane tok over, eller hadde ein viss rett til å ta over bygslet etter foreldra, dersom dei kunne svare forpliktelsane sine.  Sonen til Sivert han Olai Sivertson fekk kjøpe stykket i 1926.

I 1901 fekk Knut Larsen kjøpe sin part han hadde bygsla på Kalvøy.

Johan Jonasson og kona Rakel overtok Vikajorda sin del av Kalvøy i 1897. Dei flytte dit ifrå Melvær med tre born den yngste Einar var berre tre veker gamal og eldstejenta Anna var nesten sju år. Anna kunne seinare fortelje at ho hugsa den turen med flyttelasset inn frå Melværen, ho hugsa spesielt då dei rodde gjennom Blesundet.  Vi veit at mange har hatt hjartebank i Blesundet,  når sjøen bryt sundet igjen og ein likevel skal prøve og komme seg igjennom. Det har vel vore litt dramatikk i Blesundet på flytteturen, og slikt  hugsar ungane.

Johan fekk kjøpe parten til Vikajorda i 1901.
 

Kjelder: 
Statsarkivet.
Sverre J. Landøy.
Laila Vederhus.
Askvoll Bygdebok Folket II.B.
 

Klikk ein gong på bilda for å få dei større.
 

Knut Nilsen Rikheim frå Lærdal. Han blei kalla "Gytten" fordi huset hans stod over ein gytt ved Massihågen på søre Vikajorda

Knut Larsen Værøy og kona Nille Karine som etablerte seg i Kalvøyna


Nybrottsetablerarane på Landøy og Myrvågholmen.

Dei fyrste som bygsla og busette seg i Landøy var Knut Pedersen og Susanne Tomasdtr.  Værøy.
Han var frå Hamrajorda (B) og ho var frå Leite (E). Landøy var delt i to mellom «Sørgarden» og «Nordgarden» det var den sørlege parten desse to bygsla då under A, B og C.
Dei starta truleg i Landøy det året dei gifte seg, i 1842, det er truleg dei som bygde austre enden av «Gamlestova»
Susanna var 20 år og Knut 26. Dei fekk eit barn same året. - Om vinteren måtte Knut bort på fiske, så Susanne og barnet vart åleine på Landøy.
På den tid hende det av og til at folk tykte dei høyrde naudrop frå havet, særleg framfor sterk nordavind.  Det var vanleg tru at slike rop var eit slags ekko etter rop frå menneske som hadde drukna i tidlegare tider. ( J. fr. 1939- utgåva av Fiskarsoga for Sogn og Fj. s. 47 og 48.)
På Kylpa, vestfor Landøy, hadde det drukna to ungdomar frå Alden i 1777.Då Susanne vart åleine om vinteren 1843, tykte ho det ropte frå Kylpa i uveir.
Dette vart so pass nifst at ho tok barnet med og gjekk ein time gjennom utmarka til slekta si i Værlandet, for ei stund.
Susanne vart enkje i 1858. To år seinare gifte ho seg oppatt med Peder Olsen Gjørøy.
Sonen hennar i fyrste ekteskapet Sivert Knutsen gifte seg i 1880 med Karen Marie frå Høyvik. Dei tok over den norde delen av bruket og hadde huset sitt ved Karenmyra og fjøset nordvest for Tuhågen.  Då Sivert og Karen flytte til Nordland gjekk bruket deira til halvbroren Leonard som også hadde søre parten.
Leonard Pedersen fekk kjøpe sørgardsparten av Landøy fyrst frå «Hittun» (C) i 1885 og seinare  i 1889 hos Ole Eliassen (A) og Gerhard Olsen (B).

Den andre familia som flytta til Landøy var sogningen Ole Olsen Natvik og kona Helene.
Då dei gifta seg 1851 budde dei på Tistel i Bulandet. Eldste son deira Gerhard Johan var fødd der.
I 1852 busette dei seg på Landøy og bygsla dei to nordste partane som låg under søre og nordre Myrajordene på Værlandet. ( D og E).
Ole Olsen var bror til Sofie Olsdtr. Natvik som på denne tid var i tjeneste i «Hittun».
Ole frå Sogn hadde kjennskap til metoden å dyrke opp utmark ved hjelp av griser.  Det heiter seg at han sette ring i trynet på dei, når han ikkje ville dei skulle rote meir.

Den tredje familia kom til Landøy ca. 1853 og bygde hus der Hansafloren no står. Dei bygsla den mellomste delen som låg under Vikajorda (F).
Denne familia her var utflytte Vikafolk (F) som kom tilbake til Værlandet. Dei to yngste gutane i ein stor barneflokk på Vikajorda,  Knut og Ole fann seg kvar si Værlandsjente, Knut si frå Hamrajorda (B) og Ole si frå Hittunsjorda(C), dei gifte seg og flytte innom fjorden til Olset og Gjervik.
Det var Knut og Susanne som fyrst kom utatt. Susanne var syster til Knut Pedersen på søre Landøy så no fekk vi Knut og Susanne der sør og Knut og Susanne der nord.
Det er litt uvisst om det er deira familie som framleis sat med Vikajorda. Bror til Knut  han Bernt som hadde Vikajorda var død, og enkja Gjertrud gifte seg oppatt i 1840 med Lars Hansson på Tistelen
Far til Gjertrud kjøpte garden i 1817. I 1838 står Gjertrud oppførd som brukar av Vikajorda.
Den nye eigaren av Vikajorda Matias Villumson Tviberg står som eigar av Vikajorda i 1827.
Om ein leitar i arkiv kan ein finne om det er Gjertrud og Lars som Knut Hansen bygslar hos.
Son til Knut han Hans Knutsen kalla «Gamle-Hans» fekk kjøpe denne parten av Landøy i 1906.
Yngste son til Knut han Sivert gifte seg med dotter til Ole Natvik ho Larsine Olsdtr. Værøy.
Son deira (Sivert) Andreas gift med Anna Johansdtr. Kalvøy fekk kjøpe den parten som Ole hadde bygsla under nordre Myrajorda (E) i 1914, same året som Andreas og broren Johannes kom bort  med skøyta «Duen» på makrelldorging ved Doggerbank. Det er vel ingen som veit korleis «Duen» forliste. Værlandsbåten «Velkom Heim» var den siste som hadde kontakt med dei. Dei hadde heldt attåt dei og snakka med dei då dei hadde fått i tynnene sine, og ville gå til lands. Dei på «Duen» kunne fortelje at dei vanta berre noko lite so hadde dei fullt dei og.  «Velkom Heim» sette kursen mot land og det rauk opp med sterk nordavind.
Ein framand båt skal ha sett ei skøyte som lensa unda veiret med berre ei fokke, dei andre segla såg trapsa ut.
Det var regelen at i uveir gjekk dorgarane ned av Doggerbank på djupare vatn ca. 100 favner. Denne skøyta hadde kurs mot Doggerbank. Dei som såg henne skal ha sagt: «Dette går aldri bra».
Var det «Duen» på si siste reis dei hadde sett?

Den fjerde familia som kom til Landøy kring 1856 var Martinus Berntsen Værøy og kona Anne- Sofie.  Martinus som opprinneleg kom frå Vikajorda og var bror til Helene som kom til Landøy med mannen sin Ole Natvik. Martinus hadde gifta seg  i 1843 med enkja etter Henrik Berntsen på Nordre Myrajorda (E) og dei hadde sønene Henrik (Henrik med vatnet) og Lars (Lars i Landøyna).
Då eldste guten i fyrste ekteskapet til Anne-Sofie han Bernt også kalla «Gamle-Bernt» seinare, gifta seg i 1856, overtok dei garden.  Johan Henriksen bror til Bernt hadde overteke den Søre- Myrajorda (D).
Martinus og Anne-Sofie bygsla ikkje jord, men hadde huset sitt i Martinesneset, neset som fekk navnet sitt etter Martinus.
Anne-Sofie drukna i Aldefjorden 1. pinsedag i 1864 på veg heim frå Vilneskyrkja

Ein av sønene deira, Lars Martinusen vart i 1876 gift med Anna-Berte Berntsdtr. Værøy. Dei bygde det huset som seinare vart ein del av fjøset til Halvdan og Anny Landøy.
Lars bygsla heller ikkje noko i Landøy. Dei hadde ei ku i eit skjul ved sida av stova, og gras til denne kua greidde dei å samle i Yste Strokaholmen som låg under Nordre Myra (E). Denne holmen fekk  sidan navnet sitt etter Anne- Berte og heiter Anebertholmen den dag i dag.
Delen av Landøy der desse budde fekk Halvdan kjøpe hos far sin Hans Johanson Værøy i 1919.

Lars var halden for å vere uvanleg flink i båten. Det var han som først fann fiskeplassen Øynaberget. Me: Losnekollen frå Høgkletten til Sveneshammaren og Keipen på yste Skorpa. Dei fiska med snøre på Børekletten og Sveneshammarn og Keipen på yste Skorpa.
På grunn av tuberkolose i eit kne, måtte Lars gjennom 9 operasjoner, og til slutt vart foten amputert. Han dreiv sjøen likevel, brukte krykkjer til og frå båten.
Han enda og  sine dager i båten. Han hadde vore inne i Værøyhamna og handla hos Hittunen. Det var ein fin dag, ein liten nordabris stod ned sundet. Ungane på Leite var oppe på Fangetårnet og leikte, dei såg Lars for roande nord havna, i hamnaholet stoppa båten opp og han lena seg berre framover og vart sitjande på tofta. Båten kom rekande opp i støa ved Gyttanaustet. Ein av ongane sprang i bua til Hittunen og sa at det måtte vere noko gale med han Lars. Bernt gjekk nord i støa og tok Lars, la han over skuldrane og bar han sør i Leitehuset. Dette viser at Bernt må ha vore ei kjempe.
Far min Tomas Leite som berre var 5 år hugsa tydeleg at Bernt kom med Lars sør over ranen nord for huset, og når han nærma seg so ropte han: «Hent nafta». Det var medisinen dei brukte når dei skulle få liv att i folk. Dei heldt flaska under nasa. 
Naftaflaska vart vel forsøkt brukt, men dagane til Lars var talde.
Gravferda til Lars vart frå Leitehuset. Dei var same familia, han Lars var onkel til Dorthea «Tea» på Leite. Far min hugsa den gravferda. Bernt Hittun var  songar i gravferder på Værlandet i mange år. Han hugsa at Bernt song inne i stova, og på veg ut gjekk han framføre båra og song med stødig og kraftig stemme «Den store kvite flokk».

Den sjette familia som budde ei stund i nybrottstida på Landøy var son til ein av dei to Vikagutane som flytte innom fjorden, Sivert Matias Olsen Gjervik. Han gifte seg og budde ei tid hos sine på Landøy. I 1892 fekk han bygsle Myrvågholmen av Vikajorda  (F). Han dyrka opp denne holmen, og son hans Teodor fekk kjøpe bruket i 1923.

Den sjuende familia var Hans og Juditta. Hans vart kalla for «Skoga -Hans» fordi han var frå Skogen i Solund. Dei bygde eit hus nordaust for huset til Anny og Bjarne.
Severine Landøy, f 1892, kunne hugse at ho som lita jente såg inn døra til det huset ein gong, då sat der ei kone og spann. Johannes Landøy fortalde at ein storm braut det huset ned då det nett var oppbygt fyrste gongen, så Hans måtte byggje det oppatt på nytt.
Familien flytta kanskje til Solund rundt hundreårskiftet (ikkje sikker).

Alle som busette seg på vestsida av Værlandet både Myrvåg, Kalvøy og Landøy hadde fiske som viktigaste leveveg. Eit eller anna slag fiske dreiv dei mest kvar yrkedag heile året.
Ofte var kvinner med på sjøen. Etter kvart som dei fekk dyrke opp jord og fekk seg husdyr, vart det kvinnene sin jobb å stelle fjøset, karane hjelpte til med landbruket i onnene.  

Kjelder: 
Statsarkivet
Sverre J Landøy
Laila Vederhus
Teodor Myrvåg
Tomas Leite
Olav E. Landøy
Askvoll Bygdebok «Folket» II A og B.
 

Klikk ein gong på bilda for å få dei større.
 

Knut Pedersen og Susanne Tomasdtr. Værøy, dei fyrste som slo seg ned i Landøyna

Gerhard Olsen son til Ole Olsen Natvik. Han gifta seg med enkja på Hamrajorda og det var han som selde til Leonard Pedersen parten sin i Landøy.

Lars Martiniussen og Anne-Berte Berntsdtr. Værøy

Båten til Lars i Landøyna.Båten er bygd i Landøy.

Huset Lars og Anne-Berte bygde, og som seinare vart ein del av fjøset til Halvdan og Anny Landøy.


                                       «Gjøren»

Dei kalte han Gjøren der heime, men egentleg heitte han Georg Kristoffer Martin Ravn, eller Jørgen Ravn, når dei ikkje brukte Gjørennavnet.

Han var fødd i 1851 og døydde i 1932. Foreldrene hans budde i Lervåg, og Jørgen var berre liten gut då faren døydde. Mora gifte seg oppatt med ein lærar Systad, og der
vart fleire ongar som vart så mykje yngre enn Jørgen. Kor tid han kom og etablerte seg  i Nordnessundet på Værøen veit vi ikkje sikkert, men det var der han fyrst etablerte seg med handel. Han hadde egen båt og dreiv fiske i tillegg til handelen. Båten hans som heitte «Ravnkornet» må ha vore større enn ein slagkeiping  eller  femkeiping og kanskje, som vi veit dei brukte i den tida, det er truleg her snakk om det dei kalla for søring. Drektige båtar mellom 25-30 fot.

I eit brev som Henrik Martinussen (Henrik med Vatnet) skriv ifrå Flåvær i 1884 er båten til Jørgen nevnd, brevet lydde soleis:

                                     «Flaavær den 17. Februar 1884.
 
Til
Kone Petrine A. Værø.
Gode Kone og Børn:

Jeg maa sende dig en beretning om at vi er alle komne vel hertil. Vi kom hertil paa
Fredag og i gaar paa Lørdag var vi i Vaen. Da vi kom saa sent hertil paa Fredag, saa maatte vi vor Baader ligge ulosset og om Morgenen kastet alt vort Tau ind paa Jyttabaaden og saa reiste vi bare paa en Baad, nemlig Ravnkornet, og den fik ligge under Randgaren, vi var 7 Mand, vad Fisket vil bli herefter, er os ubekjendt.

Jeg ved ingen Nyhet at berette, vi ere alle med Helsen til Dato. Send det største Brev til Aneberte Landø og det andre til Karine Kalvø. Skriv tilbage naar det gives dere Anledning. Jeg ved ingen anden Nyhed at berette, derfor maa jeg slutte med en Kjærlig Hilsen, min Kjære Kjæreste.

Vænskabeligst
H. Martinussen Værø.»

På «Ravnkornet» er då Jørgen, Henrik, Lars i Landøyna og Knut i Kalvøyna.

På Jyttabåten er truleg Gytten og Sivert i Kalvøyna og Ludvik i Hola. Om ikkje Gytten sjølv er med so er bror til Sivert og Ludvik han Peder Johan (Pirre- Johan) med.
Det vert då sju mann.Alle desse sju reiste i Vaen og fiska på ein båt.

I Ole Eliassen Værøy si notisbok har vi funne dette:
Laurdag den 2. Februar 1889 leverer dei på Ravnkornet 30.5 Maal sild a  kr. 4.00 i Værøyhamna.
Dette viser at Jørgen hadde ein stor god båt. Dette viser at Jørgen tener gode pengar
på sjøen, men vi veit at det var som handelsmann at vi kjenner han best. Så er det noko vi ikkje har fått med oss. Kven passa butikken hans når han var borte på fiske? Kunne
det  vere ho Madsi på Leite? Jørgen var kjærest med henne Madsi. Det er truleg gjennom henne og mora hennar ho Sofie på Leite at han fekk etablere seg i Nordnesholmen.

Ho Sofie var i teneste i Vika etter at ho hadde vore ei tid i Hittun. Det var i Vika at han Jonas Tomasson gjekk på friarføter etter Sofie. Ho Sofie og han Matias i Vika og kona Madsi Knutsdtr. Gjelsa var gode vener. Sofie kallte dotter si Madsi oppatt etter ho Madsi i Vika som ho var i teneste hos i 4-5-6 år. Dei har nok gjort ein vri her for at Jørgen, kjæresten hennar Madsi, skulle få leige holmen som låg unda Vikajorda (F). Å få hustomt utan og jobbe for eigaren var eit sjeldent tilfelle. «Gjøren» dreiv fiske og handel noko anna veit vi ikkje. No kan det og vere at Jørgen var kamerat med  Vikaguten som budde på Vilnes. Vi veit at son til Matias og Madsi i Vika (F) han Knut Matiasson kjøpte ein gard til son sin Peder Johan inne på Vilnes. Jørgen og Peder Johan voks opp ilag der inne på Atløyna. Kanskje Jørgen allerede hadde papir på hustomt i Nordnesholmen når han kryssa Aldefjorden på veg utover med flyttelasset sitt.

Det er ikkje nokon av dei eldre som levde i vår tid som kan hugse huset hans ute i Yste Nordnesholmen. Men far min Tomas Leite visste kor huset ein gong stod, og vi var iland der og fann steinane som huset stod på. Nokre bitar av røde panner frå taket låg i tomta. I ei bukt på nordaustesida av holmen er ei steinfjære, øverst i den fjæra i søre kanten stod huset. Eg hugsar vi fann skjeljar heilt opp til steinane på nordauste hjørne av hustomta, så der hadde sjøen leika seg oppunder golvet under haust- og vinterstormane. Madsi på Leite og Jørgen var kjærestar som tidlegare nevnt. Dei eldre fortalde at dersom båten hennar Madsi låg i Nordnesholmen, då var butikken stengd.

No mangla det ikkje på varer i butikken hans Jørgen. Her var mjøl, sukker, sirup, erter, gryn, tobakk og skrå, grønnsåpe, tjære, anglar og forsyn, hampe – og bomulltråd o.s.v. Det vart fortalt at son til Ludvik Knutsen (Ludvik i Hola) han Leonhard også kalla «Resen» kjøpte for til brudlaupsdressen sin ute i Nordnesholmen. Vi veit han gifte seg i 1896 med Rakel Johanne Andreasdtr. Steinsøy.

Men so har det skjedd noko der ute i Nordnesholmen, for Jørgen flytta huset og handelen sin i Stroka i  Landøyna.  Har han vore ute for eit ekstremveir der ute i holmen, har stormen teke huset hans?  No leiger han Inste Strokaholmen som og ligg under Vikajorda (F). Han fekk seg ein ny Vikaholme.
Om det er veiret som har jagt han inn i smula, eller det er konkurrenten Iver Karlsen som dreiv handel i Værøyhamn, som var for nær, det er vel ingen som veit.

Jørgen bygde oppatt huset sitt i Stroka. Der fortsatte han med handelen sin i ein periode, truleg litt fram i det 19 århundre. I Stroka hadde han også god hamn til båten sin, men kanskje det vart altfor roleg, han forlet huset sitt kring 1905 og flytta til Bjørnøyna og starta med handel for tredje gong.
Dette veit vi, for ho Madsi kom i Myrvågen og spurde etter skyss, ho skulle på friarføter til han Jørgen ho. Ho fekk også låne båt i Myrvågen og rodde sjølv på Bjørnøyna.

Tida og plassen  hans ute på Bjørnøyna veit eg ingen ting om. Han skulle omsider flytte innatt til Atløy (Grov Øvre) der han døydde i 1932.

Teodor Myrvåg hugsa huset hans i Strokaholmen, det stod i ei vik på nordvestesida der det og er ei lita stø. Det var bygd ei sval til huset. Om denne svala var tilbygd  av Peter Elias Knutsen Kalvøy som overtok (kjøpte?) huset etter at Jørgen flytta til Bjørnøyna veit vi ikkje.

Peter gifte seg i 1907 med Anne- Berte Ludvikdtr. Værøy. Peter var son av Knut og Karina i Kalvøyna. Vi veit at Knut var med på fiske på båten til Jørgen «Ravnkornet».

Johanne eldste dotter til Peter fortalde at ho var ti år då dei flytta inn i Værøyhamna og bygde hus på sjøhustomta som svigerfar til Peter han Ludvik i Hola hadde fått leige  av Jens Andreassen på Vikajorda (F). Alle borna til Peter og Anne- Berte er fødde i huset i Strokaholmen.

Teodor Myrvåg hugsa at det låg ein liten fin båt der ved huset, han hadde settbord som var malte kvite. Båten skulle vere bygd i Landøyna og kan vere liknande båten til Lars i Landøyna. Denne båten brukte ho Anne-Berte til og komme seg til og frå når Peter var borte på fiske.Var veiret fint rodde dei i Værøyhamna og handla. Teodor var med dei utatt ein gong ho og ungane var eit slikt ærend. Det korta mykje på vegen til Myrvågen for Teodor. So sparde ho og roturen utatt.

Johanne fortalde at ho var med mora  som lita jente inn på Værlandet. Dei skulle gå med mat og bakelse til han Martinus og Anne i Vika (F). Desse to gamle budde i eit lite hus nord for floren i nordre Vika. Dei var på fleire slike turar. Desse turane med båt inn i Værøyhamna hugsa ho serleg godt. Dei la båten ved «våren» sør for Hittunsbua og so gjekk dei til fots sør i Vika. Det var vanleg på den tid at dei såg til dei eldre med både mat og brendsel.  Det var eldreomsorga i dei dagar.

Kjelder: 
Sverre J Landøy
Laila Vederhus
Teodor Myrvåg
Johanne Kristoffersen
Tomas Leite
Anders Værøy
Henrik Leite
Ole Eliassen «Notisbok»
Bodvar Værøy.
Askvoll Bygdebok "Folket" II A og B

Her på nordvestre sida av Inste Strokeholmen hadde Gjøren hus og handel etter att han flytta frå Nordnesholmen. Huset vart bygd på slutten av 1800-talet og stod der dei fyrste 10-åra inn på 1900 talet. Bilde er teke frå brua over Stroka


Utskiftinga i Værlandet  1875-1878.
 

I brevet som Ole Eliassen skreiv dat. 16De October 1874 vart det søkt om å få utskift utmarka på Garden Værøen frå Fellesskab.

Då denne Forretningen kom i gong den 6 te September 1875 vart det av Ole Eliassen sett fram forslag om også og utskifte innmarka: "yderligere begjærede han Værøens Indmark udskiftet".

På innmarka vart det gjort nokre grenseendringar, her vart utlagt ein Hovedvei frå utmarksgrinda til Ole Eliassen på "Råka". Denne vegen hadde ei bredde på 3 alen. Den gjekk frå "Råka" ned til huset til Agnar Værøy på vestsida av dette og litt vestom huset til Ståle Værøy og ned til "Kloppa" (Brua over elva), vidare nordover litt aust for vegen idag, ved Arne Blom sin oppkjørsel kom den inn i vegtraseen som er i dag og fylgjer den nordover til ned for Arve Kjempenes sitt hus der den deifrå gjekk i nordaustleg retning mot søre hjørne på Eldresenteret  og langs med dette i ein liten bue østover til den tok retningen på Landøykrysset. Frå dette krysset gjekk den nordover langs med austre hammaren også her ein bue austover til den møtte sørhall då gjekk den mot "Kloppa" 4-5 meter  sørvest av sørvestre hushjørne til Meyerhuset. Vidare langs dette huset på vestsida og ned til Havna i vestkant av Bua til Unni Meyer.

Gardsbruka fekk kvar sin del av vegen og kloppene å opparbeide og vedlikehalde: "Hovedveien.  Fra Søen ved Havnen oparbeider og vedligeholder Andreas Berntsen Veien sydover i en Længde af 126 Alen til en nedsat Sten paa vestlige Side af Veien; Bernt Henriksen herfra 163,5 Alen til en nedsat Sten ligeledes paa Veiens Vestside; Jens Andreassen herfra 334,5  Alen til en nedsat Sten; Johan Henriksen herfra 200  Alen til en nedsat Sten;  Gerhard Olsen herfra 266  Alen til en nedsat Sten ovenfor sit Fjøs og Ole Eliassen herfra til Grinden 189  Alen."

"De 2de Kloppe, som paa denne Veilinie blive at oparbeide, opføres af de Lodeiere til hvis Veistykke de ere henlagte".

Den fyrste vegen på Værlandet var som vi ser gode 800 meter.  Det gjekk an og køyre med hest og kjerre like til den nordre Kloppa, men derifrå og ned til Meyerbua var det heller tvilsomt. Vegen har her frå Kloppa vorte omlagd og lagt nordover slik vegen idag ligg, men svinga ned til sjøbuene mellom Hittunsnøstet og "Berget". Den siste stubben frå hamna og opp til Hovedvegen vart fiksa og opparbeidd på 1950 talet etter at Hittunsnøstet vart rive. Sjef for prosjektet var Johan Hittun og skytebas var Magnus Værøy. Vegen vart døypt for Røyrgata.

Grenseendringane på innmarka gjorde til at to heile tun i Sørgarden vart flytta.

Tunet til Andreas Berntsen (C) vart flytta og  bygd oppatt der Hittunstunet  er idag. Naustet nede i Skrøpelestøa vart flytta nord i hamna og oppsett på den tildelte naustplanen til Andreas Berntsen (C).

I søre stova på gamle Hittunshuset kan vi sjå tømmeret i veggane frå det fyrste huset deira nord på Egiljorda (A). Det var dette tunet litt nord for gjerde nord- aust for Borgnyhuset som fyrst vart kalla for Hitt Tunet.

 

Kopi frå Utskiftningsprotokollen om flytting av Hittunhusa.


Brukarane av to av jordene i Sørgarden i fyrstninga av 1800 heitte begge Peder.

Peder som dreiv "Hamrajorda" (B) budde i tunet som låg vest-sørvest for huset til Agnar Værøy. Denne plassen vart kalla for Tunet i Sørgarden.

Han vart kalla for Peder i Tuna.

Den andre Peder i Sørgarden budde i tunet som Andreas Berntsen måtte flytte etter grenseendringane. Han vart kalla for Peder i hitt tuna.

Tunet i Sørgarden der Gerhard Olsen sat under utskiftninga vart etter grenseendringane flytta nord "Under Hammaren" der Gunhildhuset står idag.

Huset til Abraham svigerfar til Gerhard Olsen var ikkje med i den flyttinga, dette stod lenger nord om Tunet eit lite stykke nord for gamle Fjøsen til Ole Eliassen som no kom på Hamrajorda og vart med i flyttinga.

Dette huset til Abraham som nærmare bestemt stod i bakken sørvest for Ståle Værøy sitt hus vart seld til Henrik Martinussen (Henrik med Vatnet). Dei reiv det ned og bygde av dette på søre enden av Vatnahuset. Abraham og kona flytta ut til Vatnet og budde der hos Henrik og dottera deira Petrine.

Den formelle kontrakten på at han "har overladet sin eiende stue" til Henrik skreiv dei same året som Abraham døydde, men vi veit at dei budde fleire år hos Henrik og Petrine med vatnet.
 

Kontrakten:


Kopi frå Utskiftningsprotokollen viser arbeid og kostnad med desse prosjekta.

 

Alle holmar og skjer vart og teke med i Utskiftninga.  Men ikkje alle holmar og skjer rundt Værlandet er nemde med navn i Utskiftningsprotokollen. Dei som ikkje er nemde er tekne med soleis:

 "De Holmer eller Skjær,  som ikke her ere nævnte, eies af den Lodeier,  hvis Eigedom er nærmest beliggende".

Landøen er også nevnt: "Under nærværende Forretning undlot Retten at udskifte Landøen, som for tiden udgjør 3  Husmannsplads, der tidlegere ere udskiftede».  Dette  Utskiftningsdokomentet for Landøen har eg tidlegare sett henvist til i andre dokument  der denne utskiftninga er datert 26. Mai. 1827."
 

Kopi frå Utskiftningsprotokollen.



Her kan ein lese utskriftprotokollen i Adobe Acrobat
 

Ein gong i byrginga av 1900 var det tvist om kven som eigde Håskjeret, det er skjeret med seglmerke på nordsida av Værlandet. Dette skjeret er ikkje nevnt med navn i utskiftninga og då vart det spørsmål kven sin eigedom som låg nærmast her.  Dei hevda at nordre Værøyholmen låg nærmast, men også yste Nordnesholmen var aktuell. Værøyholmen låg under (D). Nordnesholmen under (F).  Avgjerda i saka vart at Nordste neset på Mårkletten det som vert kalla for "Pernela" (E) hadde rett til Håskjeret. Lodeigaren på fastlandet gjekk føre dei som eigde holmane som grensa til Håskjeret.

Kjelder:
Statsarkivet
Utskiftningsprotokollen frå Utskiftninga av Garden Værøen
Askvoll Bygdebok «Folket» II B
Sverre Landøy
Laila Vederhus
Egil Værøy
Gerhard Værøy


  Klikk ein gong på kartet for å få da større.