Joker Værlandet



 

 Joker Værlandet  (etab. 1. september 1999) flytta inn i sine nye lokale ved ferjeleiet på Værlandet
den 1. november 2003.
Butikken femner over fleire funksjonar:  daglegvarehandel; jernvareavdeling, småelektrisk, drivstoff,
apotekutsal, tippekommisjonær og gåveartiklar, dessutan har vi pakkedepot for værlendingane.
I tillegg finst der ein kaffikrok som vert nytta som venterom for dei reisande, og som ein høveleg stad til løysing av
verdsproblem for alle dei andre.

Den oppmerksame sjåar vil sikkert sjå ei dør og eit overbygg heilt til venstre på bilete. Dette er eit lenge etterlengta
toalett tilknytta butikken og ferjekaia på Værlandet. Etter kva dei som etablerte ferjekaien sa, so var da ikkje behov
for noko toalett her, då ein berre skulle bruke ferja til å reise herifrå.
No viste da seg etter ei tid at mykje folk kom reisande hit ut til oss og.
Trengande problem gjorde at naboane til ferjekaia blei meir og meir vande til å sjå bleike romper stikke ut bak
annakvar busk. Dei har ikkje noko problem med da, men no har da seg berre sånn at da hadde ein tendens til å
verte litt vel mykje overgjødsling etter kvart. Værlandet Handel tok her ansvar og bygde på eiga hand eit lite
avtrede for både lokale og reisande.
Eit sånt godt initativ har selvfølgelig fått eiga omtale her på heimesida.

Joker Værlandet er og ein av dei næringsdrivande her i kommunen som har sett at heimesida for Bulandet
Grendalag og Værlandet Vel er eit viktig bidrag for å profilere øysamfunnet vårt. Dei er derfor ein av
sponsorane som gjer da mogeleg å drive denne heimesida.

Oppdatert liste over vareutvalg og funksjonar finn du her

Eigarane heiter Gunnar Hopen og Arnt-Henning Blom, og dei held ope måndag til fredag frå klokka 10 – 17,
og på laurdag har dei ope frå klokka 10 til klokka 14.

Telefon:  57730120
Fax:       57730121
e-post:   joker.verlandet@ngbutikk.net


Kunde nr. 100 000

Laurdag 23.06.07 var kunde nummer 100 000 innom butikken. Da var Magni Blom som fekk den æra.
Ho fekk høgtideligt overlevert blomar, diplom, gavekort på 500,- til bruk i kafe'en og ein klem.

Du må klikke på bileta ein gong for å få dei større.

Arnt Henning overleverar blom til Magni Blom

Diplom og gavekort vert overlevert

Her overleverar Arnt Henning da han har gleda seg mest til, nemlig ein klem

Bente, Lene og Sondre er godt fornøgd at Magni blei kunde nr. 100 000.

Anja studere blomane

So må gavesjekken i kaffikroken sjekkast ut.

Gavesjekken på 500 kr. virka fint den, og da vart vafla på alle saman.

Presentasjon av butikken.
 

Ho Siri har vore å handla for dagen, like smilande og blid som vanlig. Gunnar'n set i kassen og er like blid han og.

Arnt-Henning står og lurer på om da er nok brus til helga. Skulle da no røyne på so har han ein heil reol med brune flasker på hi sida.

Ho Bjørg har komme for å hjelpe til med å halde styr i hyllene. Ho Bjørg er so fin og kjekk at da er no egentlig ein grunn i seg sjølv å komme på butikken for å helse på ho.

Her har ho Bjørg fått hjelp av han Arnt -Henning til å fylle i hyllene.

Ho Bjørg ville vise oss karane den fine T-skjorta som Nærbutikken har. Ho vrengde, i all truskyldigheit, av seg den vanlige skjorta for å syne oss. Han Arnt som stod nærmast hadde ,so ein ser, nokre knekkebrød i handa; Dei kunne ikkje seljast som som anna enn smuler til hønsene etterpå. Den stadigt gravande heimesidejournalisten stod litt lenger unna og kom noko lettare frå da, men fotoapparatet han hadde i hendene har ikkje vore seg sjølv etterpå.

Ho Bjørg i den flotte T-skjorta som tidligare nemt. Kamera er enno ikkje heilt i fokus, men ein kan i bakgrunnen sjå da store flotte kjølerommet so dei har inne på butikken.

Her kan ein kjøpe heilt spesielle souvinirar frå Værlandet. Frisk sjøluft og flo og fjære, eit minne for livet med andre ord.

Ikkje nok med alle kolonialvarene du kan finne nede, so har dei eit loft med alt mogeligt anna rart du kan kjøpe.

Frå loftet er da og mogeligt å stå å spionere på alt som foregår seg på kafeen nede i første etasjen

Kafe' med nystekte vafler og nytrekt kaffi finn du og på butikken. Torunn og Siri er i full sving med å stappe i seg vafler, mens Tiasen gjer seg klar.

På baksida av butikken finn ein alt som har med hage, jordbruk og sånt å gjere.Bensin til bil og båt kan ein og finne her.