Her er forskjellige bilete frå Bulandet, Værlandet og nærområda.
Berre send inn om du har noko fint på lur.


Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Bilde frå Sandøy i Bulandet, den 29.09.12. Ein bitteliten gjeng av sikkert fleire hundre tusen gås gjere seg klar for tur til syden. Det såg ut som at dei samla seg i hop for å finne familie og venner, og så for dei avgårde mot syd. Eine gjengen føre og hin etter.

Bilde frå Melvær 04.10.12. Da sit flokka med gås overalt, klar for ein tur til sydligare strøk.

20.07.12 Ein haug med hjort koser seg på bøen i Melværen. Her representer ved fem av dei.

20.07.12 Storsjefen sjølv held ett vaktsomt blikk på heimesideskrivaren, og fem sekunder seinare fekk han nok, og alle forsvant.

Bengt Landøy Midtbøen har teke bilde ute på Trollfeltet, frå supplybåten Volstad Princess. Det er fineveir og vi kan sjå Alden i bakgrunnen. Bildet er teke 26.september 2010.

Bengt Landøy Midtbøen har teke bilde ute på Trollfeltet, frå supplybåten Volstad Princess. Det er fineveir og vi kan sjå Alden i bakgrunnen. Bildet er teke 26.september 2010.

Ein fornøgd sommerturist, Bjørn Hundershagen, ved Gjørøyneset, juli 2010. Han fekk ein laks på 7 kg. med kaste-troa si, mens han prøvde å få seg ein lyr med lyresluken sin.

Stilt og fint og flott solnedgong. Utsyn frå Halsøyhågjen, klokka 23:30 den 26. juli 2010.

23. juli 2010, kom da endeleg litt sommer til Bulandet. Da skal ikkje mange solstråla til før ungdommen hiv seg i havet. Her er Janne midt i svevet, mens Monica står klar til å hive seg uti.

Hurtigruta passerer Alden.Arvid Fimreite er fotograf.

Utsikt frå Høkletten ein fin november kveld 2009. Arvid Fimreite er fotograf.

Værlandet og Bulandet, sett frå Alden, 20.mai 2008. Arvid Fimreite er fotograf.

Trollsk himmel, yttersk ute på Bulandet, 19.mai 2008. Arvid Fimreite er fotograf.

Sola på veg ned bak Sandøyna. Bildet er teke frå Halsøyhågen 20. mai 2008. Arvid Fimreite er fotograf.

Tøft bilde frå undersida av Olsundbrua 17.juni 2007. Steinar Bauge er fotograf.

Bilde teke vestover frå Gjørøykletten, 29. juni 2007. Steinar Bauge er fotograf.

Bilde teke sørvestover frå Gjørøykletten, 29. juni 2007. Steinar Bauge er fotograf.

Vinterstemning i øyane,vinteren 2009/2010. Vi ser Gjørøylykta og litt til. Sissel Værøyvik er fotograf.

Vinterstemning i øyane,vinteren 2009/2010. Sissel Værøyvik er fotograf.

Vintermotiv frå Nordre Gjelsa,vinteren 2009/2010. Sissel Værøyvik er fotograf.

Alden og Værlandet sett frå søraust. Biletet er teke i påska i år og det er ho Ruth Bakke som har sendt det til oss.

Olsundbrua og innøve mot resten av verden. Bilde teke 13. mai 2010

Grågås foreldre er ute og lufter dei 5 nyklekka ungane sine, tidleg ein morgon. Bildet er teke 15. mai 2010.

Stor aktivitet ved Fiskeindustrien i Bulandet. Bildet er teke 14. mai 2010.

Skjæret, Nikøya, litt av Søre Gjelsa og litt til i Bulandet. Bildet er teke 14. mai 2010.

Hobbyfiskarar på vei frå vest, og på vei gjennom Thistelsundet. Bildet er teke 14. mai 2010.

Morgonidyll i Bulandet 13.mai 2010

Dei siste restane av bua som stod i Guriøyna, inntil tyskerane brende den ned under siste verdenskrig. Bilde er teke 14. mai 2010.

Kjeringhola i Alden. Da var eit navn alle brukte, men ingen fekk lov å sei offentleg. So ditta navnet står ikkje i noko kart. Bilde er teke 13. mai 2010.

Steinsundet synnai Guriøyna. Heimesideskrivaren har fått seg fortalt at ditta og vart kalt Kjeringhola av dei i Bulandet, mens i Melværen heita da Steinsundet. Steinsundet kjem seg nok av at da ligg ein stor stein midt i sundet, so dei i Melværen tenkte praktisk. Dei i Bulandet tenkte tydeligvis på heilt noko anna når dei kalla dinna sprikka for Kjeringhola. Bilde er teke 14.mai 2010.

"MS Vestøy" kjem sørover Olsundet, på vei for å levere ei last med pale på Fiskeindustrien i Bulandet. Bilde er teke 13.mai 2010.

"MS Vestøy", trakkande full i pale, på vei under Olsundbrua. Bilde er teke 13.mai.2010.

"MS Vestøy" har vore på fiskeindustrien og levert palefangsten sin; Til stor glede for svoltne folk rundt om i verden, fiskeindustriarbeidarar, mannskapet og skattefuten. Her er dei på full fart nordover igjen, for å skaffe fleire verdia til samfunnet. Da vil sei pale. Bilde er teke 14. mai 2010.

Vårstemning på Værlandet, nyfødde lam kosa seg i sola saman med mora si. Bilde teke 3. mai 2010.

Vårstemning i Melværen.Grågåsa nyt livet på morgonkvisten, sjølv om morningen er grå og kald. Bilde teke 12.mai 2010.

To hjorter står å lure på kva ein heimesidefotograf putla med i 7-tida om morningen. Bilde er teke litt nordaust frå floren i Melvær 12. mai 2010.

Da var ikkje berre to hjorta som lurte, da var ei heil rue. Ser ein etter så ser ein 10 hjorta på dette bildet, og enda fleire sirkulerte utforbi kameralinsa. Bilde er teke 12. mai 2010.

To traner har funne seg godt til rette i Melværen. I fylgje internett so held sånne trana seg stort sett i skogsområde i Trøndelag og på Østlandet, utanom da so lika dei seg godt i Melværen og. Bilde er teke 26. april 2010.

Dei same tranene nyt livet rett austai floren i Melværen, tidelig på morningen 01. mai 2010.

So har tranene fått nok av fotografering. 01.mai 2010.

Ørnene Aud og Nils, sit og diskuterer om ikkje da snart er på tide å begynne å hekke litt. Reiret er klart, da er tidligare observert vårlige aktiviteta, mylja disse to, som ofte medføre graviditet og veiret er fint. Ørnene kan ein lese meir om på heimesida, under "Nyheiter" frå 03.07.09. Dette bilde er teke 01.mai 2010

Gold Dollar på veg nordøve på silda. 4. januar 2010

Gold Dollar på veg nordøve på silda. 4. januar 2010

Tre helikopter på rekke og rad, på vei sørover, over Bulandet. 30. september 2009

Fullmåne over Hillersøyna. 7.juni 09

"Hillersøy" ved Fiskeindustrien, og ein brønn båt ved butikkaia. 7.juni 09

"Hillersøy" ligg og leverer pale til Fiskeindustrien, og bittelitt til måsen. 7.juni 09

"Gold Dollar" på vei ut Thistelsundet. 13. april 09

Thistelen i skodde, sett frå Veineset, ein ser ikkje eingong bort til ho Oddlaug. 13. april 09

Sola står opp under Olsundbrua sånn i 7 tida om morgonen 19.mars 2009

Bilde teke nordover frå veien mylja Hillersøy og Kjempenes, 09.02.09

Ytre Melværsundbrua og toppen av Olssundbrua. 11.02.2009.

Ei ørn sit på ein topp i Melvær og skua øve riket sitt, kanskje skua den etter ein eller anna likesinna partner og. 13.02.2009

Da er so mange flotte motiv ein finn når ein er ute etter å fotografere ørner og bruer. Her er alt kombinert, to flotte smilande jenter på Ytre Melværsundbrua, her ved Sissel og Torhild, og på toppen bak til venstre sit da to ørner. 13.02.2009.

Ein mink kikka fram bak ein snøhaug i Gjørøyna, og han lure nok fælt på kva dinna karen som kjem humpande gjønna snøen med gipsa fot og kamera er ute etter. 13.02.09

Ungane i barnehagen på Værlandet kosa seg skikkelig med all snøen, 12. februar 2009.

Doktorskyssen kjem sør i fjorden, 10. februar 2009.

Godt skiføre nordover til Gjørøylykta, 10.februar 2009

Kalvøyna og Alden delvis dekka av snøkave, 12.februar 2009.

Frå Kjempenesbrua og nordvestover, 10. februar 2009.

Alden og Ytre Melværsundbrua, 8.februar 2009

Alden og Ytre Melværsundbrua med litt meir snø, 10. februar 2009

Hestane på Værlandet står og lurer på kor all dinna snøen kom frå, 10. februar 2009

To ørner sit i Hovden,da ser ut som det er ein heit flørt på gang i vinterkulden, 10. februar 2009.

Nokre skarvar sit og hutrar og frys i Nikøyosen, 10. februar 2009.

To spreke og flotte jenter er ute og tester skia i fineveiret. Målfrid og Kjellfrid på vei mot Gjørøylykta. 10.februar 2009.

Ein flott dag med sol og snø. Veit ikkje kva holmen med varden heiter, men den ligg rett nord for Langøysund brua. 10. februar 2009.

Damene på Nordavindshågen på Hillersøyna ser ut som dei frys litt, 9. februar 2009.

Gjørøykletten, 9. februar 2009

Noko av vegen frå Soknavågen mot Værlandet. 8. februar 2009.

Ei kløft på Landøyna, 5. februar 2009.

Is på Gåsevatn, 5. februar 2009.

Siv og islagt vatn på Værlandet. Veit ikkje kva vatnet heiter, men da ligg rett ved ungdomshuset. 5. februar 2009

Indre Melværsundbrua bukta seg som ein orm gjønna vinterlandskapet, 5. februar 2009.

Stor sjø sør for Brattholmsundbrua, 13. desember 2008.

Slik ser det ut sør for Brattholmsundbrua i flott veir, 12.februar 2009.

Ein sein ettermiddag mot sørvest, 13. desember 2008.

Alden, med Melværrånane i framgrunnen. Bilde teke frå Gjørøy tidelig ein mai morgon, 2008

Skulebussen på vei ut til Bulandet. Bilde teke ein mars morgon, 2008, frå ein topp i Melværen

19.april 2008. Bilde mot Alden, teke frå Halsøyosen

19. april 2008, Vestøy leverer pale ved Fiskeindustrien.

24.mai 2008, Kristian og Oddhild nyt fineveiret med ein båttur.

Ei ørn sit og kosar på ein topp i Melværen tidlig ein mars morgon 2008, bilde er som ein ser teke frå Brattholmbrua.

19.april 2008 hadde den mannlege heimesideskrivaren og gutungen Johannes seg ein båttur i fineveiret. Her er litt av dyrelivet vi såg den lørdagen. Berre litt, vi såg mykje meir. Her er 3 hjorter som ikkje likte innpåslitne lørdagsturistar.

19.april 2008. Tre otrar kosa seg sør for Bjørnøyna. Dei leikeslest litt med ein kobbe, som dukka kvar gong kamera vart teke opp.

19.april 2008. Ei havørn lurer på kva den mannlege heimesideskrivaren og Johannes putlar på med.

19.april 2008. Ei havørn lettar ved nokre holmar nær Sandøyna

19.april 2008. Ei litt rufsete havørn. Har sett den fleire gonger, frå Værlandet til Sandøyna, og den er like rufsete i fjøyra kvar gong. Ein skikkelig slask antageligvis.

19. april 2008. Endene vil ikkje verte forstyrra av innpåslitne heimesideskrivarar og Johannes'a.

19.april 2008. Oteren er og lei av heimesideskrivarar med kamera.

Ein hegre lurer etter mat i fjæra hos Eva og Steinar, ein fin høstdag 2007

Ein oter i ei fjære ved skulen. Bilde teke vinteren 2007.

Ein hegre nyt vårsola og lurer på om ein sånn Yamaha er noko han skulle investert i. Bilde teke januar 2008

Januar 2008. Ein hegre og ei kråke er litt usikker på kven av dei som liksom er sjef.

Høst 2007. Ein oter, ei gamal bøtte og ein hegre. Alle tre samstundes. må være eit skjeldan bilde.

Ein vakker januardag 2008. Hegren er veldig vanskelig å komme nært innpå. Denne her stod heilt i ro og let seg fotografere av ein snikande fotograf. Den mannlege heimesideskrivaren trudde att han var heilt makelaust flink til å snike seg innpå hegra, heilt til han neste dag fant hegren daud på same plassen. Hegren var nok sjuk og klarte ikkje bevege seg, men bilde vart no fint då.

Fix'n på vei heim frå fisketur, vest av Sandøy. 12. april 2008

Nokre skarvar står og nyt livet i sola vestom landet. 12.april 2008

Tjeld er eit velkomment syn, då veit vi att våren er på vei. Da er no ei god stund sidan han har komme då, men han har ikkje parkert seg framfor linsa til heimesideskrivaren tidligare i år. 12.april 2008

To ørner flørta og kosa seg nord over Melværen. 12. april 2008

Ei ørn fyk rett over haue på heimesideskrivarane, berre synd ho ikkje stod sopass iro att vi fekk ho zoome ho skikkelig inn. 12.april 2008

Ørnebilde 12.april 2008 Da er ikkje so lett å få dei heilt i fokus, men ein lære vel etter kvart.

Ørnebilde 12. april 2008

Ørnebilde 12. april 2008

Ørnebilde 12. april 2008

Ørnebilde 12. april 2008

Ørnebilde 12. april 2008

Ørnebilde 12. april 2008 Ein kan sjå att ørna er merka på føtene. Linda har sjekka opp, og blått merke som her, betyr att den er merka i Noreg. Merket på den andre foten seier noko om alder.

Ein av dei mest fotograferte plassane i Bulandet, Pilestredet. Eli Sandøy har teke bilde 2. påskedag 2008

2. påskedag 2008, teke frå Halsøyhågen. Eli Sandøy er fotograf

Olsundbrua med Alden i bakgrunnen. Torunn er fotograf.

Ei ørn har fått nok av ein innpåsliten heimesideskrivar, og stikk avgårde. I Langøyna 02.02.08

Den mannlege heimesideskrivaren rigga seg til på Gjørøykletten for å ta panorama vinterbilde, men so rauk da opp på eit blunk med synnavind og snø. Eit litt tøfft bilde vart da no likevel. 02.02.08

Sjøen vert pressa opp gjønna ristene på kaia ved AS Nikøy under stormfloa 25.01.08

Stormen "Sondre" bryt godt ved Gjørøylykta. Bilde teke av Torunn Kvaløysund frå Halsøyhågen. 25.01.08

Alden sett frå Gjørøylykta. Stormen "Sondre", 25.01.08

Sandøy sett frå Gjørøylykta. Stormen "Sondre", 25.01.08

Vegen er rydda minst 3 gonger for dagen, men da bryr ikkje stormen "Sondre" seg om, den hiv stadigt nye steina opp på vegen. 25.01.08

Skumsprøyten står innøve land ved Gjørøyna. Stormen "Sondre", 25.01.08

Måsen gjer seg blanke i om da er litt storm, den ser forundra ned på den mannlege heimesideskrivaren og lure på kvifor han fer å vasa med eit fotoapparat fordi om da bles litt. 25.01.08

Måse er da nok utav her ute i øyane våre, men jammen er dei no flotte når ein ser dei på nært hald i fri utfoldelse i stormkasta. 25.01.08

Ein idyllisk laurdagskveld ved Gjørøy. Hegrar og ender nyt kveldsstemninga. Bilde teke av Torunn Kvaløysund. 12.01.08

Kinnaklova sett frå Ytre Melværsundbrua. 22.01.08

2 ørner står inne i Melværen og diskuterer eit eller anna. 17.01.08

Snø på Alden. Bilde teke 17.januar 2008

Ein hegre står og lurer på om han skal tore seg ombord i snekka til Bjørn. 17.01.08

I nordaråk bles da sjøskum øve vegen i Gjørøyna

Soloppgong bak kyrkja i Bulandet.

Bussen på vei over Olsundbrua

Kenneth Landøy er bortom butikken på Værlandet med supplybåten han er skippar på

Krabbefiskarar i Langøysundet

Rett før sola går opp sett frå altanen til den mannlege heimesideskrivaren

Kristian ligg og sløyer fisk

Alden sett frå Høkletten

Fasinerande bilde teke frå Halsøyhågen ein uværskveld

Sol på vei ned ute i nordvest

Idyllisk bilete, er ikkje heilt sikker på kvar bilete er teke frå

Pernillestø sett under brua over Hita

Sett sørover frå Kjempeneset tidlig ein morgon

Eit forsteina troll antageligvis, ein finn da på Norheim.Ser ein itte so kan ein sjå konturane av eit ansikt.

Bilete teke mot Alden på Olssundbrua ein tidelig morning i mars 2006

Frå Olsundbrua mot Gjørøy 15. mars 2006, sånn i 7 -tida om morningen.

Morgenstemning på Olsundbrua, bilete teke mot sørvest.

To måker har ein flørt på gang under Olsundbrua sånn tidelig på morningen.

Gjørøyklettane teke fra Nikøyna

Ein ser Gjørøybua, Fiskeindustrien og bakenden på Buefjord

Nordover havet ein sommarsdag i juli 2005. Sola skin men den forbaska nordavinden gjer det kaldt og utrivelig å være på sjøen.

Pilestredet. Gjelsa til venstre og Likje-nikøyna til høgre

Vestervon på vei nordover for å fiske pale ein Aprildag 2005

Vestøy sleper ein mær med pale for å levere til ein brønnbåt, bildet er teke frå Olsund brua tidelig ein Mai morgon 2005

Soloppgang og ein ser innover mot Alden og Værlandet.

Soloppgang og ein ser sørover mot Buefjorden og Solund.

Ein flott regnboge sør i havet.

Ein dobbel regnboge. Regnbogen går ned akkurat i huset hans Elmer, so der må da antageligvis ligge ein skatt begraven.

Her er han Olai ute på båttur.

Her er eit Cruise skip som pleier å vitja oss om sommaren, med turistar frå Skottland og Hebridene.

Her er Cruise skipet på vei sørover.

Cruise skipet og ein sjark møtast.

Litt større Cruise skip ser ein støtt og stadig sør i Buefjorden

Ikkje berre Cruise skip, men mykje anna rart farter rett utanfor stovedøra vår.

Vakker solnedgang over kirka.Det er noko relegiøst over dette bilete.

Solnedgang over Sandøyna, bilete teke frå Halsøy hågen.

Sola går ned i sjøen nord for Gjørøyna.

Styggeværs dager har vi og, men jammen har det sin sjarm og. Bilete teke vestover frå Gjørøyneset.

Det er aldri lett å få med seg skikkelig ruskevær på bilete, men her ser ein at det kviter godt på sjøen. Bilete er teke innover frå Gjørøyneset.