Gjørøyna

Når du kjem langs landevegen så er det Gjørøyna du er på når du
ser skiltet som fortel at du har komme til Bulandet.

På Gjørøyna finn ein fleire overnattings mogeligheiter.
Det er og ei øy som er mykje nytta til spaserturar. Søndagsturar vert ofte
lagt til Gjørøy lykta eller på ein av Gjørøy klettane.
Da går no ellers fint an å ta seg ein spasertur på Gjørøyna på
kvardager og.

Ellers er det den einaste øya i Bulandet der dei fremdeles driv med sauer.

Her er bildearkiv for Gjørøyna.
Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Fyrlykta på Gjørøyna ein sommerkveld. Bilde er teke av Kjell Ivar Værøy.

Gjørøylykta sett frå Gjørøykletten. Bilde er teke 31.08.08

Søre Gjørøy, 10.02.09

Same motiv som neste bilde, berre vinterstid. 10.02.09

Her er da sørligaste huset på Gjørøy. Ei gamal sildesaltings bu som er ombygd til bolighus.

So har vi bevega oss litt nordover. Idyllisk med skog og greier.

Endå lenger nordover finn vi Bualemmen som ho Liv leiger ut.

So er vi heilt nord i vågen, og der kjem da trillande endå ein buss trakkande full i turistar som skal kikke på Bulandet og bulenningane.

Den nordligaste bebyggelsen på Gjørøy. Det er dei første husa du ser når du kjem landevegen.

Her er Gjørøy kletten, eit populær topp for spaserturar. Det er ei flott utsikt i alle himmelretninger.

Bilete frå innsida av Gjørøyna, og ein ser begge Gjørøy klettane. Dei liknar på to ----, ja du får bruke fantasien sjølv.

Her ser ein Gjørøy lykta helt nord på Gjørøyna.Eit populært mål for spaserturer det og.

Spesielt i storm og ruskevær er Gjørøy lykta ein fasinerande plass å kikke på naturkreftene frå.

Her er eit vinterbilete frå Gjørøy teke frå Gjørøy kletten.

Endå eit vinterbilete frå søre Gjørøy.

Bilete frå ein idyllisk vinterkveld. Bilete er teke frå Gjørøyna.