Ein liten stemningsrapport frå lyngbrenning på Værlandet 19.04.12

Pyrogjengen er klar til å ta seg inn i marka for å svi av litt lyng og råtegras.

Pyrosjefen sjølv, Arve Kjempenes, er i full sving med å sette fyr.

Arve har vært på kurs for å starte og stoppe lyngbranner, og held ein kort introduksjon om korleis vi andre pyrohjelperane skal halde dinna brannen under kontroll. Da er viktig å ikkje daske for hardt med dissa sløkkepinnane, passe seg for røyken og være observang på endringa i vindretning.

Pyrohjelperane er lærenemme og ivrige. Vi daska så hardt vi kunne med sløkkepinnane, unngjekk røyken når da passa seg sånn, og vindretninga fekk no berre være som den ville.

Slik ser kontrollert lyngbrenning ut, når pyrosjef Arve har fått både brann og hjelparar under kontroll.

Jarl kom på inspeksjon, og hadde masse gode råd å komme med. Trass råda så gjekk lyngbrenninga fint likevel.

Etter 3 timer så er bota med lyng brent vekk, og brennarane kan ta seg ein litt meir avslappa positur.

Brenninga er ferdig, og gjengen nyt sola, suksessen og nybakte muffinsa. Kjekt å brenne lyng på Værlandet i grunn.