Joker Bulandet.

Julegava 2011, frå Joker Bulandet til alle kundane sine, var ei supermoderne og flott brødskjæremaskin.
22.12. stod den og skjein i butikken og berre venta på å verte innvidd. Den ihuga brødskjæremaskinentusiast Ruth Landøy fekk æra av teste ut maskina.
Under her kan ein sjå litt bilder frå tildragelsen.
 


Butikkinnehaverane på Joker Bulandet, brødrene Ruben og Daniel Fedøy, ved sidan av brødskjæremaskin vidunderet.
 


Ruth i djup konsentrasjon, mens ho klargjer ett brød for brødskjæremaskinskjæring.
 


Ho Ruth er så ivrig og kjapp at det er så vidt heimesidefotografen klara å knipse bilde, før ho har fått brødet i maskina. Da ser ut som brødet er av halvfint kveitebrødtypen, eit utmerka valg for å teste brødskjæremaskin.
 


Så venta både Ruth og Ruben spent på resultatet, mens da romla inne i brødskjæremaskina. Maria i bakgrunnen venta spent ho òg.
 


Så kjem brødet ut, fint oppskjært i akkurat passelig brødskjeve størrelse. Eit skikkeleg vidunder av ei maskin ditta her.
 


Ruth ser ut til å være godt fornøgd med både seg sjølv, brødskjæremaskina og resultatet. Her tester ho ut den enkle innretninga som gjere da lett å tre ein plastpose innpå brødet.
 


Med ei erfara hand trer ho Ruth plastikken inn på brødet. Ruben står berre å beundra handlaget hennars, ditta er ting ho har vore borti før.
 


Ruth er alltid smilande og blid, og ekstra blid er ho når ho har ett velforma og klargjort brød i neven. No er da berre å komme seg heim og nyte da med ei brødskjeve med godt julepålegg.