Telegram frå Einar Gerhardsen

Bjørn Landøy har vore så snill og sendt kopi av eit telegram bestefaren hans, Jonas Landøy, fekk frå Einar Gerhardsen i 1947.

Jonas Landøy sat i fleire år, under krigen, i fangenskap saman med Einar Gerhardsen, som blei statsminister i 1945.
Som vi alle veit var det smått med mat i fangenskapet, og Jonas lovte at dersom dei kom levande heim så skulle han sende heimefanga sild til heile stortinget. So vart gjort i februar 1947.

Telegrammet under, kom tilbakers som takk frå Einar Gerhardsen.

Lars Moen, som var kirke og undervisningsminister i Gerhardsens regjering, sendte óg eit takke telegram.
Her er sitat frå kva Lars Moen skreiv:
"Ti tylfter tingmenn og statsrådar sju heldt fest på den silda du sende. Goe og mette og milde i hu sender vi deg og din gavmilde fru stor takksemd attende. "

Severine og Jonas Landøy. Bildet er frå takkekortet dei sendte på gullbryllupsdagen sin.

Utklypp frå Aftenposten den 26.februar 1947.


Telegrammet som kom frå Einar Gerhardsen.