HEIMESIDA HAR FÅTT ASKVOLL KOMMUNE SIN KULTURPRIS FOR 2007!

 

Heimesideskrivarane vart ikkje lite forfere i jaftes, då da synte seg at da va sjølvaste heimesida so hadde fått Askvoll kommune sin kulturpris for 2007.

Den mannlege heimesideskrivaren spekulerte sterkt på kva slags fjordabrande da va ho Frida hadde tekje med seg. Itte kvert so kom han no onde veir med at da va leiaren i kultur- og næringsutvalet, han Anders Lien, men han forstod enno ikkje at da hadde nåke med heimesida å gjere.

Ittekvert so han Anders Lien prata, forstod beggje heimesideskrivarane at her va da nåke på gong. Vi vart meir og meir lerne i kne og alboga og skikkele låke i vombinje ittekvert so da gjekk opp føre oss at da va heimesida da gjaldt.

Då vi gjekk opp på scena, va vi skikkele i ekse innvendis, sjølv om da ikkje synte utvendis. Vi va namteda brikne då vi gjekk ned frå scena og vi va øye kry øve å ha gjort ei sleke tyne. Prisen bestod av ein akvarell av Elisabeth Harr, fine blomstre og 5000 kroner.

  

 

Da  hadde sjølsagt  vore på sin plass med ei sopande takketale, men da sto stilt i skolta på oss mesaminj, so takketala den kjeme her:

Heimesideskrivarane synst det er utruleg kjekt og ei stor ære å få denne prisen. Prisen er eit synleg prov på at det vi gjer har ein verdi for andre. Vi vil takke dei som har innstilt oss til prisen, Askvoll kommune ved kultur- og næringsutvalet som deler ut prisen, og alle dykk som kjem med bidrag til heimesida. Og so vil vi takke ho Heidi, som tvinga oss til å starte dette arbeidet og sjølvsagt alle som les og kosar seg med sida.

Prisen har gjort oss helt oppatespøta og no har vi fått ånda og nye gire til å halde fram med arbeidet. For at heimesida fortsatt skal  ha den kvaliteten den har, er vi heilt avhengige av lesarane våre. Det er de som gjer sida levande. Hald fram med å sende historier, bilete, tips, matoppskrifter, skryt, kritikk (ikkje so mykje) og gode idear til ting som kan gjerast betre. Om ikkje det de sender inn kjem inn på sida med ein gong, må de ikkje verte fortvila, vi har det på lur.

Pengane som vi fekk vil vi bruke til den daglege drifta av sida. breiband og serverplass blant anna.

Planane framover no er å få til den lenge omsnakte engelske delen av sida. Her vil vi ha den viktigaste informasjonen på engelsk, slik at turistar og andre framandspråklege kan orientere seg. Vidare har vi tenkt å lage til ei side som gjer det lettare for folk som kan tenkje seg å flytte her til. Her vil vi ha husformidling, liste med kontaktpersonar og så vidare. Denne sida vil òg finnast i engelsk utgåve.

Tusen takk for prisen og for at de er så kjekke folk å skrive heimeside til!

Helsing Kurt og Linda