Rydding i Kystarven 2011

Villnylon - svært vanleg i Sørværet...

I 2010 vart det rydda 95 m3 og 6620 kg søppel frå fjørene i Sørværet og i randsonene. 60 personar med smått og stort var med og rydda.

Ryddeaksjonen held fram i år. Ein kan rydde i fjørene både på Værlandet og i Bulandet. Det er først og fremst plast som skal ryddast, men også glas og metallgjenstandar kan takast med dersom det let seg gjere. Gjenstandar av tre let ein ligge, men pallar skal registrerast. Det er viktig at ein legg tau, trosser, trålposar og liknande i sekkar for seg sjølv. Dette er fordi slike ting øydelegg maskinene til SUM.

Nytt av i år er at vi skal føre betre statistikk. Dette for at våre funn og tal skal kunne samanliknast med tal frå andre stader og liknande prosjekt rundt Nordsjøen. Det er laga eit skjema og dette må ein fylle ut medan ein ryddar. Ein må også merke av på eit kart kvar ein har rydda. For å sikre god dokumentasjon viktig at ein tek bilete før, under og etter ryddinga. Bileta skal sendast til linda.landoy@enivest.net

Ein skal samle søppelet i 1 m3 storsekkar. Desse får ein ved å vende seg til Værlandet Fiskeredskap A/S. Skjema for statistikkføring og kart får ein ved å ringe til Linda på tlf 95773768

Alle kan vere med og rydde og det kan ryddast i alle fjørene på Værlandet og i Bulandet. Ein får 1000 kroner for kvar fulle storsekk. Pengane blir utbetalt når sekkane er frakta til oppsamlingstad i Soknavågen eller på allmenningskaia i Landøyna og skjema er ferdig utfylt. Hugs at det er høve til å føre opp kontonummeret til ein frivillig organisasjon og på denne måten støtte t.d idrettslag eller ungdomslag.

Vi har budsjett til å rydde 75 m3 og vi praktiserer «først-til-mølla-prinsippet».

Er det noko du lurer på kan du ringe eller sende sms til Linda på tlf 95773768

Saltredusert Country Life

Ressurs på avvegar

Krinsløp....

Tenk globalt

Greenhouse by accident

Ein rusten klode

Nature strikes back

"Han såg ut på dei ruskute strender...?"