STRANDRYDDING 2013

Dei som ynskjer å rydde søppel i fjørene må melde seg til Linda på telefon 95773768, eller på

e-post lindalandoy@hotmail.com innan 1. februar.

I år blir dei som vil rydde tildelt ein kvote. Vi startar med å fordele 40 sekkar.

Det vert utbetalt kr 1000, - pr sekk. Det skal førast skjema slik som før om åra og det er kjempeflott viss ein tek seg tid til å ta bilete for å dokumentere «før og etter» og om ein tek bilete av spesielle funn. Ein må også merke av på kart kvar ein har vore. Skjema og kart får ein hos Linda.

Sekkane får du hos Audun og dei kan setjast godt ute av vegen i området nord for garnmonteringa når dei er fulle.

Prosjektet «Rydding i Kystarven» er avslutta. Pengane vi har fått i år er ei ekstraordinær løyving frå Fylkesmannen.

Værlandet den 14. januar 2013

Linda