Styremøte i Værlandet Vel

Tid: 4. juli 2005, klokka 19.00

Stad: Værlandet Gamleskule

Tilstades:

Astri Thorsen Landøy
Per Vidar Nybø
Arnt Henning Blom
Signe Marie Landøy
Linda Landøy

Saker:

1) Evaluering av Nordsjøporthelga 2005

* Hovudinntrykk: Alt klaffa bra!
* Namnet Nordsjøporthelga er litt tungt, skal vi endre det?
* Sende takk til Jarle Veland for gudstenesta (Linda kjøper ei steinfjøl hos Jermund og sender)
 

Neste år:

* Marknaden i hamna på Værlandet. Om vi skal ha tombola, bør inntekta frå denne gå til Værlandet Gamleskule v/ husstyret. Linda snakkar med dei andre i husstyret om dette.
* Pubkveld om fredagen. Vi bør få tak i ei irsk folkrockgruppe.
* Etter gudstenesta bør det informerast om kva som skal skje vidare utover dagen.

2) Rutene

Problem: Å komme seg frå Bergen og ut hit med bil om laurdagen er vanskeleg på grunn av at det ikkje er ferje frå Fure denne dagen. Dette fører til at alle må reise om Førde.

Applaus i Firda til Fylkesbaatane og Firda Billag for tilfredsstillande trafikkavvikling under Nordsjøporthelga! Linda ordnar.

3) Buet etter Peder Hansen

Værlandet Vel har arva det som er i bua hans. Alle må følgje med i avisene og sjå etter om det står proklama.

4) Safe

Arnt Henning skaffar ein liten brannsikker safe til Værlandet Vel.

5) Bygdesamling 2005 i Holmedal 13. august.

Sjå pressemelding. Astri har lyst å reise. Ho blir påmeldt.

5) Tur til Skottland 22. - 25. september 2005 - kven reiser?

To frå øyane kan reise. Værlandet Vel vil prioritere slik:

1) Gry Leite

2) Elin Blom Vesterås frå husstyret.

3) Ruth Bakke

6) Forskingsprosjekt - bygdeimage

Værlandet Vel er interesserte i å vere med på dette.

Møtet slutt klokka 20.09