Styremøte i Værlandet Vel

 

Tid: Måndag den 7. mars 2005, klokka 20.00

Stad: Gamleskulen

 

Tilstades:

 

Astri Thorsen Landøy

Roar Landøy

Per Vidar Nybø

Signe Marie Landøy

Linda Landøy

Arnt Henning Blom

 

Sak 1: Referat frå siste møte

Dette er lagt ut på nettet, slik at alle kan lese det.

 

Sak 2: Innkomne skriv

 

Skriv frå Kultur og næringskontoret. Innkalling til temakveld  om søknadsprosedyre for tippemidlar.

Det kan vere aktuelt at fleire organisasjonar på Værlandet går i lag for å dekke kostnaden med å lage nye orienteringskart.

 

Sak 3: Ruteplanarbeidet

 

Signal etter rutemøtet på Askvoll 23. februar:

 

 

 

 

 

 

Ein reknar med at ferja har hatt ein million meir i billettinntekter enn det som var rekna med. Dersom ein reknar at ein ekstra avgong på tirsdag og torsdag vil koste om lag 250 000 kroner og at den seine avgongen på sundagskvelden vil koste om lag 500 000, bør ein klare å få til dette innanfor dei kostnadsrammene som alt ligg der.

 

I ruteendringane som kjem 1. mai er det føreslått at den første ferja frå Værlandet skal gå kl 1040 på sundagar. Dette meiner vi er for seint. Ein bør behalde denne ruta slik den er no. Det er ikkje lagt inn ekstra avgongar på tysdag og torsdag. Desse meiner vi bør inn, slik at rutene blir like alle kvardagar.

 

Om sommaren er det bruk for ein avgong til sundag ettermiddag.

 

I forslaget er det òg tenkt at ferja skal gå frå Værlandet klokka 1245 måndag, onsdag, fredag, laurdag og sundag. Ei ulempe med dette kan vere at godsbilen får endå dårlegare tid enn han har no.

 

Det skal vere eit samferdslemøte på fylket den 16. mars. Administrasjonssjefen og ordføraren reiser på dette møtet. Vi bør ha eit møte til før dette møtet.

 

 

Sak 4: Ny Reguleringsplan for Brimmen Quarry

 

Laila Landøy orienterte om oppstarten av det nye planarbeidet. Ein treng tilgong på forekomstane frå aust og nord. Arealet skal aukast til om lag 65 dekar. Det er tenkt å planere ut eit område ned med sjøen og det skal lagast ein voll som skal skjerme mot støy. Utvidinga skal òg gje plass til deponiområde.

 

Styret i Værlandet Vel har som utgangspunkt at der må vere ein balanse mellom miljøomsyn og omsyn til arbeidsplassar.

 

Vi vil råde verksemda til å lage ei plan der dei estetiske omsyna er ivaretekne på best mogeleg måte. Når planen skal ut på høyring bør der ligge ved tredimensjonale teikningar der det blir synt korleis området faktisk vert sjåande ut og kva slags tidsperspektiv ein tenkjer seg. Det bør ligge føre god dokumentasjon på korleis miljøomsyn slik som støy og støv skal takast vare på.

 

Eit brev vert sendt til verksemda, Norconsult og Askvoll kommune frå Værlandet Vel

 

Møtet slutt klokka 21.59

 

Linda Landøy

- ref