VÆRLANDET GAMLESKULE

Årsrapport 2005

 

Værlandet Vel vart huseigar tidleg på sommaren. Huset vart kjøpt for kr 15000,-  + gebyr, og avtalen med kommunen er at dei kan bruke lokaler til Kulturskulen vederlagsfritt i 5 år, men betale kr 8000,- i året for straum og vask. Kulturskulen driv Musikkverkstad og Kunstskule i øverste etg.

 

Når det gjeld overnatting i Gamleskulen har det vore ei kraftig auke frå året før. Vi har hatt ca 800 overnattingsdøgn! Dei som har nytta tilbodet er skuleklassar, barnehage, klubbar, musikkorps, familiar, Vesle Daniel (internasjonal ungdomsutveksling), o.a.  I tillegg til overnatting inne i hus, har det vore ein del camping ute med bubil/campingvogn og telt. Og ikkje minst: Vi har fått mykje ros både muntleg og i Gjesteboka!

 

Aktivitetar elles i/ved huset har vore 17.mai, kafèar, julegrantenning, møter, bryllup, slektstreff, tyskkurs, øving Værlandet Brass, konsert i parken ved Bygstad skule- og musikkorps, “Skottelunsj”, Stortingsval med meir.

 

Det har vore gjort ein del ombygging/utbetring av huset. Her ligg det MANGE dugnadstimar! Kjøkenet vart pussa opp til 17.mai, og det vart laga til eit nytt soverom. Ei ny utgangsdør ved soveavdelinga vart sett opp i tilknytning til ny korridor, og brannvarslingsannlegget er kome på plass. Elles er det gjort litt utbetring på sanitærannl., og laga til stikkontaktar ute til campinggjestar.

 

Husstyret sendte søknad til BU for å gjere desse utbetringane. Søknaden var på kr 241500,-. BU gjekk inn med kr 100000,-.

Det vart innvilga eit lån på kr 200000,- i tillegg frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

`

Pga at nødvendige branntekniske utbetringar ikkje var klar, vart overnattingsdelen driven på dispensasjon dette året òg. Det har teke lang tid å få avklart kva krav vi kjem innunder i Brannlova. Hausten 2005 vart saka vår sendt til eit firma i Førde for eksternvurdering. Det er enno ikkje komme noko rapport frå dette firmaet, men vi håpar at ting er klart ein gong på våren 2006.

 

 

 

 

PLANAR FRAMOVER

 

 

Vi i husstyret har ein del planar, både på kort og lang sikt. No held vi på med å gjere ferdig soveromsavdelinga. Etter det håpar vi på å få til ei flytting av kjøkenet til gamle sløydsalen for å få ei meir praktisk plassering. Salen vil då verte eit kjekkare lokale å bruke til selskap, møter, konferansar med meir.

 

Sanitærannlegget er òg noko som bør utbetrast. Det er mogleg å lage til 2 toalett på gangen utanfor soveromma, og 1 toalett ved sida av salen. Garderobar/dusj treng ei oppgradering, og toaletta ute bør pussast opp og få varmt vatn i vaskane og nye varmeovnar. Desse tiltaka vil heve standarden betrakteleg!

 

For å kunne finansiere alt dette, prøver vi oss att med ein søknad til BU. Her vil vi spesiellt legge vekt på sanitærannlegget. Når det gjeld kjøkenet, so har vi fått signal frå Vesle Daniel om at dei er villige til å betale kursopphalda sine i 2006 på forskudd. Då kan dette komme fort på plass.

 

Med allereie ca 800 bestilte overnattingar i 2006, (faktisk er det òg ei bestilling i 2007!) har vi god tru på det vi held på med! Det vert nok ein del dugnadsarbeid ei stund framover enno, men tanken er at det om ikkje so lengje kan verte ei drift med moglegheit for lønstubetaling.

 

Vi satsar elles vidare på godt samarbeid med andre reiselivsaktørar og bedrifter her ute, og håpar å kunne vere eit tiltak som fører med seg positive ringverknadar for området her ute i øyane. Dette trur vi òg er grunnen til at so mange har stillt opp på dugnad, og nyttar høvet til å seie: Tusen takk for hjelpa!

 

 

Husstyret 12.02.06:  Elin Blom Vesterås, Laila Blom, Linda Landøy,

                                 Janne Ytterøy og Erna Nekkøy