Vikinggravene i Alden

English

Der finst 12 påviselege vikinggraver på den sydaustlege stranda av øya Alden. Der finst òg ei grav som er utsletta. To av gravene har bautasteinar ståande. Dei ni gravene som ligg på «Gjotene» (skara som strekkjer seg frå sjøen og opp på fjellet) har alle vore oppkasta og plyndra. Den siste gongen var rundt 1865 då to menn som utga seg for å vere «fra Universitetet» føretok utgravingar. Ein påstår at resultatet vart ei urne med brende bein og dessutan restar av våpen. Den 13. grava, den som er utsletta, låg under hovudhuset på bruk nr 1 i Alden. Bautasteinen som høyrde til grava vart brukt til å mure med.

Sommaren 1936 føretok diplomingeniør Axel Landsem (bestefaren til Torhild B. Landøy) ei undersøking av vikinggravene på oppdrag frå Oldsaksamlinga ved Bergen Museum.

Axel Landsem sitt kart kan du sjå her. Han har teikna inn med stipla strek der han trudde havnivået stod for 1000 år sidan.


Undersøkinga kan du laste ned i PDF -format her.


Undersøkinga kom i stand etter at Johan Fredrik Alden fann ein pilespiss/dolk av raudbrun flint då han skulle grave ut større kjellar til huset sitt. Han gav dolken i gåve til Oldsaksamlinga .


Det er grunn til å tru at Axel Landsem fann det merkverdig at ikkje Bergen Museum/Universitetet var interesserte nok i dette funnet og i dei 13 (14) vikinggravene til at dei sende eigne folk for å dokumentere desse fornminna. Difor tok han 'skeia i eiga hand'. Han skriv i følgjebrevet til dokumentasjonen sin : «Innberetningen må tas med alle de forbehold som tilsies av at undertegnede ikke er arkeolog, men kunde den kanskje inspirere rette vedkommende til en sakkyndig undersøkelse.»

Axel Landsem tok på seg ei stor oppgåve som eigentleg var staten sitt ansvar. Takka vere han, har vi no i det minste litt dokumentasjon på noko som burde ha vore vitskapeleg undersøkt og dokumentert for lenge sidan!


Johan Fredrik Alden som var grunneigar då Axel Landsem gjorde undersøkingane sine meinte at gravene måtte stamme frå eit stort slag som hadde vore i nærleiken av Alden for omlag 1000 år sidan.

So vidt heimesideskrivarane veit,  har der ikkje vore gjort vitskapelege undesøkingar og arkeologiske utgravingar omkring gravene i Alden. Gravene har ikkje vorte daterte. Kan vi vere sikre på at dette er vikinggraver?

Det kan vi ikkje! Det er meir sannsynleg at gravene stammar frå jernalderen. Les her kva Gaute Losnegård skriv i første bind av allmennsoga for Askvoll 'Havfolk og fjordfolk'


Det er Harald Leite som har hatt kontakt med Universitetet i Bergen for å finne fat i dette som Axel Landsem har skrive.