Ekstraordinært årsmøte i Værlandet Vel

 

Tysdag den 26. april 2005, klokka 20.00 i gamleskulen

 

8 personar var til stades

 

Møtet hadde vore kunngjort ved oppslag på Værlandet Handel A/S ei veke før

 

Sak:

 

Låneopptak for å oppruste og vedlikehalde gamleskulen

 

Elin har snakka med banken om å få ta opp eit lån på 300 000 kroner. Banken tilrådde byggjelån fordi ein då berre betalar rente for det ein brukar. Det ein ikkje brukar betalar ein attende forholdsvis fort.

 

Det som hastar å få gjort er dei utbetringar som er naudsynte for å få halde fram med overnatting i bygget. Desse utbetringane er kostnadsrekna til om lag 200 000 kroner.

 

 

Vedtak:

Det ekstraordinære årsmøtet i Værlandet Vel godkjenner at Værlandet Vel

 v / Husstyret får løyve til å ta opp eit lån på 300 000 kroner.

Vi stiller huset som garanti for lånet, marknadsverdien er 500 000 kroner.

 

Møtet slutt klokka 21.15

 

Linda Landøy

- ref