Sverre J. Landøy


 


 


 

Den kloke grisen


 


 


 

Året var 1932. Ein vårdag fekk vi ein ny grisunge som eg trur hadde meir enn vanleg godt grisevit. Vi vart gode vener, eg og den grisen. Det såg ut til at den forstod mykje av det eg sa. Kvar morgon gjekk eg til fjøset og slepte den ut, og den følgde meg som ein hund fram over dagen. Eg var 9 år, og ut på sommaren var vel grisen om lag på same nivå, i grisealder.


 

I Pervågen på nordsida av Landøy, er ei fjøre med sand og grus. I grusen er også nokre flate steinar som kan hoppe bort over sjøen når dei vert kasta på rette måten. Ein dag eg og grisen var der, tok eg til å kaste slike flate steinar, og fekk dei til å hoppe. Grisen følgde interessert med i dette, til dess eg sa: ” Dette greier du ikkje.” Då gav han frå seg eit lite snøft, gjekk heilt ned i sjøkanten, bora trynet ned i grusen og prøvde å sprette nokre småsteinar bort over sjøen, om lag 1 meter, gong etter gong. Dette tykte eg var så komisk at eg tok til å le åt han, meir og meir for kvar gong han prøvde. Då vart han fornærma og gjekk frå meg, bort over stranda. ”Vent litt, sjå her,” sa eg, og grisen stoppa. Eg viste han hendene mine, og sa: ”Du må no forstå at du kan ikkje klare det same med trynet ditt, som eg kan greie med desse her?” – Då stod grisen nokre sekundar og tenkte seg om, så sette han i eit grynt, sprang i full fart opp frå stranda, opp ein jordbakke, der brukte han trynet til å grave opp ei hole i rasande fart. Så stoppa han og gav seg til å gryle mot meg. Eg tykte han bar seg litt underleg åt, så eg gjekk opp til han, og såg på denne hola. Ho var om lag 20 cm djup og 30 cm i diameter, og brått gjekk det opp for meg kva meininga var: Han ville vise meg at han kunne greie noko med trynet sitt, som eg ikkje kunne greie med hendene mine, – i allfall ikkje så fort.


 

Det kan vel høyrest rart ut, men det er eit faktum at vi mellom anna dreiv og hoppa lengde, både med og utan tilsprang. Det tok til smått og pent ein dag eg hoppa over ei grøft i ei myr. Grisen kom etter meg og gjorde det same, satsa akkurat der eg satsa, og landa der eg landa. Dette måtte prøvast meir, så tok vi til å hoppe i kross og krok over grøftene, med lenger og lenger hopp. Når desse hoppa kom over ei viss lengde, sette grisen i eit slags irritert gryl før den starta tilspranget. Etter litt øving stilte vi oss opp i passeleg avstand frå grøfta, og eg sa: ”Stå i ro til eg har hoppa!” Grisen stod. Etter å ha hoppa over grøfta, ropte eg: ”Kom an!” Grisen kom i full fart og gjorde same hoppet. Dette vart ein fast post på programmet i mange dagar.


 

Så fann eg på å setje ein strek i marka, stilte meg på streken og hoppa stille lengde, vi kalla det å hofta. Grisen gjorde det same, og greidde hoppet mitt, men så vart vi ueinige. Eg forlangte at han skulle ha framføtene på streken, men grisen ylte og bar seg og sette bakføtene på streken. Differansen var så liten at eg leda litt når eg fekk det som eg ville, men grisen greidde hoppet mitt når han fekk setje bakføtene på streken. Akkurat på det punktet vart vi aldri einige.


 

Utan at vi visste om det, hadde far sett oss ein dag vi dreiv med denne hoppinga, og han hadde visst hatt stor moro av det. Likevel hadde han hjarte til å stenge grisen inne for godt, litt seinare på sommaren. Det vare ein sorgens dag for meg, men det var vel mest mi eiga skuld.

Grisen og eg hadde lenge drive med å ta litt nypoteter frå åkeren vår, det var grisen så glad i. Første gongen viste eg han korleis det kunne gjerast, sidan greidde grisen det sjølv. Men dette var slikt som vi ikkje hadde lov til, så eg passa godt på at det ikkje vart oppdaga. Når farvatnet var klart, peikte eg på åkeren og sa: ”No kan du gå i åkeren.” Og grisen for som ein strek mot åkeren, rota og jafsa i seg nokre poteter, til dess eg sa: ”Haldt opp, kom her!” Då kom han med det same.


 

Nabokona hadde nokre høns i eit tilbygg til fjøset. Dei kunne gå ut og inn gjennom eit hol i veggen. Ein dag eg og grisen kom ruslande forbi der, gjorde han seg ein rekognoseringstur inn det hønseholet. Eg venta litt, men til slutt måtte eg bort til holet og rope at han skulle kome ut att. Han kom ut, med eit lukkeleg grise-glis og noko gult slafs om trynet, så eg forstod at han hadde ete egg. Eg sa at dette fekk han slett ikkje lov til, men det såg ikkje ut til at han angra på det han hadde gjort.


 

Dagen etter la eg vegen forbi dette fjøset igjen, berre for å sjå om han våga å gå inn på nytt. Då vi nærma oss fjøset, for han som ein strek inn i holet. I grunnen tykte eg det var berre gildt at grisen fann seg litt god mat, så eg skjende ikkje meir på han for dette, passa berre på at vi kom for bi der på ei tid ingen hadde ærend i fjøset. Og grisen fekk ete egg, dag etter dag, til dess det gjekk gale.


 

Den dagen var grisen nett gått inn i holet; eg sette meg på avstand og venta, då nabokona uventa kom gåande mot fjøset. Eg kunne ikkje rope på grisen, for då ville ho oppdaga det. Eg sat som på nåler til dess ho opna fjøsdøra. I det same kom grisen skjotande ut holet og sprang i full fart bein mot meg. Men ho må ha fått eit skimt av han, for ho kom farande ut att og såg at grisen søkte dekning hos meg.


 

”Det må vere grisen som har teke egga mine, eg har mist ein masse egg, har du visst om dette Sverre?”

Eg nekta blankt, men ho gjekk til far og fortalde kva ho hadde sett. Den dagen vart grisen arrestert og innsett for livstid, og far tok meg i forhøyr. ”Dette har du visst om lenge, hæ?” – ”Korleis kunne eg vite kva grisen dreiv med inne i floren?” Eg var aldri inne når grisen var der.”


 

Men han dreiv på til dess eg måtte vedgå at eg hadde nok hatt ein viss mistanke om kva ærend grisen hadde i nabofloren, men når eg ikkje hadde sett det, så -. Elles hadde far i dette høvet eit glimt i augekroken som sa meg at det var inga stor synd seg hadde gjort. Til slutt sa han liksom til seg sjølv: ”Hadde endå grisen hatt vit til å ete opp alle hønsene på øya.” Men då tende mor, og dei tok seg ei ny runde om eit tema dei av og til småkrangla om. Høns og hest. Mor likte ikkje hesten, den hadde vel skremt henne, for den sprang ut av og til. Ho stelte vel med tippene sine og var sikkert glad i dei. For far var hesten det kjæraste dyret, men han hadde eit ilt auge til hønsene. Dei rota av og til ved foten av steinmuren ved løa, og han var vel redd for at steinmuren skulle rause ut, om dei fekk drive på lenge nok. Såg han dei der kasta han eit kvart so dei flaksa til alle kantar. Vart han då oppdaga av mor ropte ho, ”desse skal eg passe, du kan passe dette villdyret ditt du.”


 

Ein einaste gong tvilte eg litt på den gode forstanden til den kloke grisen. Hesten gjekk og gnog på toppen av ein bakke, då eg og grisen kom forbi. Grisen kunne av og til gjere ei prette med andre dyr. No stiltra den seg inn på hesten bakfrå og nuppa i hårduskane på eine bakfoten. Det må ha gjort vondt, for hesten kvapp til og slo bakut med begge føtene, so grisen for trillande og ylande heile bakken ned.