No er det velstand i ørnereiret på Værlandet igjen : )

Ørnene ”Aud” og ”Nils” har godteke det menneskelaga ørnereiret og er i full gong med vidare bygging. Vi kan fylgje dei frå dag til dag i byggjeprosessen, som er eit møysommeleg arbeid.  Det er veldig fasinerandes å sjå kor eit godt samarbeid dei har når dei kjempar med dei store kvistane i reiret.  Det er òg romantikk i lufta... Kan ikkje akkurat kalle det ”sløra” blikk når dei ser på kvarandre : ) men eit kyss no og då blir det. Ørne-beibien frå i fjor: ”Per-Ørne” er ikkje observert i reiret, men held seg likevel i nærleiken. Sjølv om snøbyene  har vore tette i år, ser ikkje det ut til å hemme dei i arbeidet. Vi syntes å sjå forandring i reiret i januar, men var ikkje sikker, så gleda var stor når vi fekk bekrefta at dei er igong.

Utruleg kjekt at vi i år òg kan vise ørnefamilien ”live” på  storskjerm på Værlandet Båt.

I starten av april er det rugetid, og vi er veldig spente på resultatet.

Helsing

Værlandet Båt

v/ Gry Leite