Nytenkjande satsing på Værlandet Fiskeredskaper

Heimesida har fått bilete frå dagen då det nye garnhotellet på Værlandet Fiskeredskaper vart teke i bruk.

Audun skriv:

MS Sulehav kom på mandagsmorningen direkte ifra Nord Norge, og på ei hektisk morrastund hadde vi tatt imot 500 torskegarn for lagring i silo. (Garna vart spola direkte ifra båten og inn i bygningen. )

Inne stod Gard`n, og ved hjelp av garnspolar og travers vart garna lagt lagvis i garnbingen.

Før Sulehav forlet Værøyhavna hadde dei tatt om bord 600 seigarn med kurs nordover på mørekanten etter sei. Rederiet ifra Solund har også ein liknande båt ved navn Novi. Dei har tinga lagerplass til alt garnbruket i garnhotellet vårt.

Garnhotellet kan samanlikast med eit dekkhotell/varehotell der ein kan leige plass til garna for ei viss månadsleige. Vi har 24 garnsiloar som totalt tek om lag 15 000 garn.

Enkelte av siloane skal delast opp i mindre etterkvart, så antallet siloar vil auke til om lag 30.

Garnhotellet er det einaste i sitt slag i Norge, so det er også ei nyheit.

Værlandet har nok ikkje så mange fiskebåtar som før, men vi har viktige og trivelege arbeidsplassar knytt til redskapsdelen. Her arbeidar 4 kvinnfolk og 3 mannfolk. Fordelt på 3 heiltids- og 4 deltidstilsette.

Her er han Gard i gang med å styre garna fint ned i garnbingen.

Sulehav leverer torskegarn til lagring.

Reidun ser etter skader på garna.

Audun plukkar ut garna som skal i sprettemaskina.

Garnsiloane. Dei er 36 kubikkmeter kvar