"Titlandsberget"  - grunna som ingen fann att
 

  Klikka du på ditta små bilete vil du få sjå Titlandsberget avmerka på eit gamalt engelsk Decca kart. Grunna er avmerka som eit punkt eit godt stykke vest i havet, litt nord for Bulandet.


Ein fin vårdag i 1919 kom ein mørekutter på ca. 50 fot sigande inn på  Værøyhavn i Værlandet. Far min, Tomas Leite, som vart 12 år den våren fortalde denne historia:  
"Kutteren la til ved "Hittunsbua" øverst i Værøyhavn, der Bernt Hittun dreiv landhandel. På dekket til kutteren låg det liner. Bernt Hittun gjekk om bord i kutteren, og etter ei stund gjekk kutteren til "Nybua", som låg i nordre Værøyhavn. Bernt Hittun  som også eigde denne bua, dreiv blant anna med sildesalting her. Kutteren la til ved bua, og tok om bord eit par tønner med salta sild. Deretter seig dei ut havna og nordover sundet. Bernt Hittun var fortsatt om bord."
Det som seinare kom fram var at skipparen om bord på mørekutteren hadde fått tak i eit engelsk nordsjøkart. På dette kartet var det avmerkt ei grunne vest for Bulandet. Skipparen hadde fortalt om ærendet sitt til Bernt Hittun, som kanskje vart med som kjentmann utfor landet eller fordi han tykte turen virka spanande.
Skipparen på mørekuttaren heitte Titland, og han hadde bestemt seg for å prøve å finne denne grunna borte i Nordsjøen. Han hadde fått rede på at Bernt Hittun selde agn, både salta sild og brisling i Værlandet. Derfor starta han turen vestover herifrå.
Eit par dagar seinare kom mørekuttaren tilbake og la til ved "Hittunsbua". Inne på dekket låg det fisk i ein størrelse som ingen hadde sett før. Brosme så stor som kobbe, lange som var større enn dei sjølve og storsei som såg ut som niser.   
I ettertid vart det mykje snakk om denne turen. Alle som var på butikken ville ha "Hittunen" til å fortelje om turen. "Hittunen" la ut om "eventyret" han hadde vore med på. Sjølv om han var ei kjempe, så hadde han problemer når han skulle vise kor store fiskane hadde vore. Dei lange armane hans strakk ikkje til. Han sa: "Så store var dei", mens han nikka mot eine handa og så mot veggen. Avstanden mellom handa og veggen var ikkje reint liten! Tomas Leite og Johannes Kristoffersen som hadde sett dei største langene var ikkje heilt ueinige med han. Dei to gutane på 12 og 11 år hadde fått med seg denne hendinga i Værøyhamn. Gutane fekk med seg det meste som skjedde på havna, men dei store fiskane brente seg nok fast i barnesinnet.
Fiskeplassen fekk snart navnet "Titlandsberget" etter skipparen på mørekutteren. I åra som har gått etter denne hendelsen i 1919, har mange freista å finne denne grunna angitt i Norskerenna.
Ein gang på 1930-talet vart det gjort ein ny tur ut til "Titlandsberget". Denne gongen var det med kuttaren "Velkom Heim" på 61 fot med ein 2 -sylinder Hein. Eigarane av denne båten var Jens, Johannes og Halvdan Værøy. Dei henta "Velkom Heim" i Great Yarmouth på nordkysten av England i 1911. Eit engelsk sjøkart følgde med båten, og også på dette kartet stod grunna i Nordsjøen avmerkt. Etter eit par dagar til havs kom"Velkom Heim" tilbake til Værlandet utan å finne grunna. Linene som dei hadde engt på hadde dei lagt inne ved kysten slik at dei hadde fått seg kokefisk.
Det vart framleis snakka om "Titlandsberget", men ingen herifrå som vi veit var ute i forsøk på å finne grunna på mange år. Men i slutten av 1950-åra kom det nye opplysningar. Ein størjebåt hadde gått sør gjennom renna ca. 4 timar til havs vest av Bulandet, og hadde gått med ekkoloddet på. Dei hadde registrert ei  grunne på ca. 90 favner og takserte grunna til å være 1 nautisk mil sør-nord. Desse opplysningane kom Edmund Værøy for øyra ein kveld størjeflåten hadde gått inn til Feie for natta. Edmund Værøy eigde skøyta "Gladys" saman med broren Jon, ho var på 42 fot med ein 20 hk Rubb. Etter 30 år utan særleg interesse vart "Titlandsberget" igjen samtaletema. Nokre år etter, ein forsommar på midten av 1960-talet stemna "Gladys" til havs med kurs for "Titlandsberget". Frosne liner stod egnde på dekk. Om bord var Edmund Værøy og Karl Kjempenes. Men heller ikkje denne turen gav oss noko nytt om "Titlandsberget".  "Gladys" kom innatt seint om kvelden same dag og hadde ikkje funne noko grunne der ute i havet.
Det gjekk no fleire år, men sida historia om "Titlandsberget" ikkje var lett å gløyme, stevna enda ein fiskebåt til havs på leiting med engde liner ombord. Dette var kutteren "Rodon" på 50 fot med ein 40 hk Volda. 
Båten var eigd av Magnus E. Kalvøy. Faren hans, Einar, var med som mannskap. Dei hadde fått lånt det engelske sjøkartet som vart brukt den fyrste turen værlendingane var ute med "Velkom Heim".  "Rodon" gjorde to turar. Den fyrste turen prøvde dei å finne berget. Veiret var fint på denne  turen og det var gode forhold. Dei måtte gjere vendereis utan resultat. Andre turen vart øydelagt på grunn av dårleg veir.
Hemmelegheita om "Titlandsberget" var framleis uløyst.
Det gjekk no ca. 10 år før det neste forsøk vart gjort. Dette forsøket vart gjort av meg sjølv og far min Tomas Leite i 1979. Det hadde no gått 67 år sidan Tomas Leite opplevde at mørekuttaren kom inn med kjempefisk, og endeleg skulle han få være med å  få prøve sjølv. Vi gjekk ut med m/g "Union" på 42 fot med ein 143 hk Mercedes. Vi hadde ideelle forhold med havblikk og god sikt, og gjekk med ekkoloddet på. Då vi hadde gått ut tida steig det plutseleg opp 10-15 favner før det svakt flata ut igjen. Vi fekk begge ein underleg følelse. Vi vende om og gjekk tilbake same kursen, men botnen var slett som ei pannekake. Var vi i kanten av "Titlandsberget"? Etter fleire timar fram og tilbake i området gav vi opp og satte kursen mot Alden, og la linene vi hadde med inne ved kysten.
Etter alle desse forsøka er det ingen som har lukkast i å finne "Titlandsberget" og få opplevde det eventyret mannskapet på mørekuttaren opplevde. Mange stiller spørsmål om "Titlandsberget" i det heile fins. Dei meste erfarne fiskarane meiner at berget er der, men på ein annan plas enn angitt i kartet. Kanskje dei moderne navigasjonshjelpemidla som no er tilgjengelege ein gong kan gje oss eit svar på denne gåta...
 
Denne historia stod i Sogehefte for Askvoll kommune nr.16 - 2003.