ELEVAR VED HYLLESTAD SKULE PÅ TUR TIL BULANDET/VÆRLANDET

 

Ei spesiell helsing til Håvard

Tusen takk for ein flott tur.

Båten din var veldig fin og koseleg.

Alle saman hadde det kjempe kjekt!

Det var veldig kult at du kunne vise oss Noregs vestlegaste bebudde øy, Sandøya. Der vi møtte Oddny og vi fekk skrive oss i ei gjestebok. Vi likte og forteljinga om forliset med Ramfoss, du er ein flink forteljar! Det var kjekt at vi fikk fiske litt og. Ein balje med fisk er ikkje verst når vi berre heiv snøre uti tre gongar.

Tusen takk for fisken vi fekk.

Garnhotellet

Garnhotellet var ein lur ide, og vi er sikre på at ikkje mange andre hadde tenkt på noko så originalt! Dette er eit veldig bra opplegg for både garn og fiskarar.

Mottoet : ”Ikkje noko problem” passar perfekt til industrien.

Vi takkar Audun for ei interessant omvising og for at vi fekk sjå korleis ”gjestane ” hadde det på hotellet. Vi vil i alle fall budd der viss vi var garn.
Lykke til vidare!

Kvelden i Bulandet/Værlandet.

Kvelden i Værlandet var den kjekkaste delen. Vi gjekk alle godt overens og det var kjekt å sjå alle igjen! Inne satt vi blanda på forskjellige rom og spelte spel, snakka og lo. Andre spelte fotball på grusbana. Pizzaen vi fekk om kvelden var fantastisk og vi vil takke alle som laga den. Det var synd at Bulendigane og Værlendingane måtte reise so tidleg på grunn av symjinga dei skulle på neste dag. ”Dei skulle lært seg og symje før.” Hadde vi fått lov hadde vi kome tilbake, og det vil vi gjerne!.

Landøy Steinindustri

På avreise dagen etter frukost reiste 8 klassingane til Landøy Steinindustri. Der blei vi møtt av sjefen Laila som fortale om produksjonen av steinblokkene.

Vi fekk sjå diverse maskiner som brukast i produksjonen av den eksklusive Bulandssteinen. Til sist tok Laila oss med på ein tur med hjullastaren til stor glede.

Etter å ha sett korleis blokkene blir tatt ut, reiste vi til ”del to” av produksjonen, nemleg hos Laila sin far, Jermund.

Hos Jermund fekk vi sjå korleis han pussa steinane, diverse sals artiklar som; ostehøvlar, fliser, kjøkkenbenkar osv.

Vi hadde ein kjekk dag, og ynskjer begge to alt godt vidare.

Bulandet fiskeindustri


Vi hadde flaks at vi kunne komme inn på sparket. Dei hadde det veldig travelt då vi kom inn, men vaktmeisteren Malvin tok seg god tid til oss. Vi måtte ta på oss drakter, men det var greitt så vi ikkje stinka fisk når vi kom heim. Det fyste vi såg, var ein stor ’’boks’’ der dei hadde fisken før den vart til filet. Vi såg når fileten kom ut, men hovudet og beina ned på golvet. Etterpå kom vi inn i fryserommet, der vi fraus på sekundet vi kom inn. Vaktmeisteren fortalte at filetmaskinen tok 160 fiskar i minuttet, og leverte 50 tonn med ferdig pakkar i månaden.

 

Temaparken


Takk for omvisninga i temaparken! Det var veldig mykje å sjå og lære, og det var veldig kjekt å få høyre ei historie om noko som skjedde for lenge sidan i Bulandet\ værlandet.morosamt å sjå korleis ting ha endre seg med tida, og korleis folk levde før. Det var godt tillaga utstillingar, og vi hadde det kjempe kjekt. Nokon i klassen likte spesielt godt utstillinga av dei gamle skuletinga i loftet.

 

Værlandet Grendacamp


 

Vi blei tatt veldig godt i mot av Gry når vi kom. Gry har alle dei eigenskapane ein vert treng. Ho fekk oss til å føle oss velkommen, og det var eit veldig bra opplegg med tanke på at det berre var eit par dagars forvarsel. Gry viste oss romma , og dei var veldig fine. Toaletta var og veldig fine og moderne. Det var greitt at det var dyner og puter til utlån så vi slapp å drasse med soveposar og greier. Matsalen var og veldig koseleg, pynta med friske blomar. Maten vi fekk var kjempe god og det var utruleg kjekt å vere her! Tusen takk for at vi fekk komme og for at vi blei tatt så godt i mot. OG lukke til med Fuglemuseet ditt Gry!