Jakteleia frå Reksten til Skomakaren
Harald
Leite har laga eit illustrasjonsbilete av ei typisk jekt i jekteleia.
Du må klikke ein gong på bilete for å få da større
Dei kom ifrå nord nedover langs kysten når
nordavinden var friskast om våren. Lasta ombord var tørrfisk
og klippfisk som skulle til kjøparane i Bergen. Eg snakkar om jektene og seinare jaktene som trafikkerte
kysten vår i århundrer. Dei einaste spora som enno finnast etter dei er spredte
navn langs kysten vår, som
Jaktelifallet, Jaktehamnen, og Jakteleia.
Desse navna spesielt Jakteleia vart brukte av
oss fiskarane heilt til nyare tid. Jakteleia var den ytre leia
mellom Reksten vest av Florø til Moldvær nord for Alden, og vidare sørover til
Skomakaren. Vi brukte dei
same me' som vi hadde arva etter våre forfedre.
Etter at vi fekk moderne navigasjonsutstyr ombord vart desse me'a avlegs. Eg
trur difor at min generasjon er
den siste som har nytta desse gamle seilingsme'a.
Jektelifallet står i kartet, men det riktige
navnet skal nok være Jakteleifallet.
Dette viser berre at dei som sette
navnet i dei nyare kart ikkje kjende historia kvifor dette fallet bar eit slikt
navn.
I Austneset på Værlandet ligg
Jektehamnen, berre lokalkjende folk kjenner til kor denne vika ligg.
Men ikkje alle jektenavn har med jaktelei å gjere, det er heilt klart at ein del
av desse "jekte" navna også har
tilknytning til dei lokale jektene i kvart distrikt, deira tilhaldstad og
trafikk. Eit typisk døme på dette er hamna i
Værlandet som i tidlegare heitte Jektevik.
Namnet Værø hamn vart her fyrst benevnt i slutten på 1800-talet. Dette
navneskifte vart gjort i forbindelse med
oppretting av dampskipsekspedisjon i Værlandet.
Det var mest sannsynleg at her var nærmaste og beste hamnen til jektene for
folket i bygda. To naust, eit i nordre
og eit i søre Værø havn bar navnet Jektenøstet.
Eg trur at desse jektenavna her er tilknytt den lokale jektetrafikken og
har ikkje noko med "Nordlandstrafikken"
å gjere.