REFERAT FRÅ ÅRSMØTE  I VÆRLANDET VEL LAURDAG 24.JANUAR KL.15.00.

 

Årsmøtet talde 18 deltakarar.

Linda Landøy ynskte velkomen, og tradisjonen tru hadde vi eit minutt stille for å minnast avdøydde i 2008.

 

Linda Landøy vart vald til møteleiar og Astri Thorsen Landøy til skrivar.

Møteinnkallinga vart godkjend.

 

Sak 1) Årsmeldingar

·       Linda Landøy gjekk gjennom årsmeldinga frå styret. (vedlegg)

·       Elin Blom Vesterås las årsmeldinga til Værlandet Gjesteheim.(vedlegg)

·       Sølvi Blom orienterte om parknemnda sitt arbeid.

·       Sølvi Blom las årsmeldinga til Bygdetunet.

·       Inger Blom las årsmeldinga til museumsnemnda.

·       Badeplassnemnda har hatt liten aktivitet. Inger og Sigmund Blom har gjort dugnad.

Alle årsmeldingane vart godkjende.

 

Sak 2) Rekneskap

·       Styret sitt rekneskap vart gjennomgått av Bjørg Tysse Landøy.

·       Værlandet Gjesteheim sitt rekneskap vart gjennomgått av Elin Blom Vesterås.(vedlegg)

·       Museumsnemnda sitt rekneskap vart gjennomgått av Inger Blom.

·       Bygdetunet sitt rekneskap vart gjennomgått av Sølvi Blom.

·       Linda refererte frå Peder Hansen sin gravminnekonto.

Alle rekneskapa vart godkjende.

Årsmøte valde å auke inngangsbilletten til Engelbua. Kr. 50,- for alle over 16 år. Kr. 20,- for born. Dei nye satsane vert ikkje gjeldande for allereie planlagde aktivitetar i 2009, t.d. utsende guidepakkar.

 

Sak 3) Ny drift av Værlandet Gjesteheim. (sjå vedlegg)gjeldande frå 1.februar 2009 til 31.01.2010.

Linda Landøy gjekk gjennom utkastet til driftsavtale mellom Værlandet Båt DA og Værlandet Vel.

Årsmøtevedtak:  

·       Værlandet Båt DA vert disponent av kontoen til Værlandet Vel/værlandet gjesteheim, og kan nytte den som sin driftskonto. Dei midlane som står på kontoen pr. 1 februar 2009 vert overført til anna konto under Værlandet Vel.

·       Værlandet Bår DA nyttar Værlandet gjesteheim sin vakttelefon.

 

Årsmøtet godkjende leigeavtalen samrøystes. Elin Blom Vesterås fekk rosande ord og lovnad om påskjønning for alt det arbeidet ho har nedlagd i Værlandet gamleskule/Værlandet Gjesteheim.

 

Sak 4) Felles velforeining/grendalag i framtida?

Årsmøtet hadde ein kort diskusjon om temaet, og var samde om at vi ynskjer å halde fram det tette samarbeidet vi har med Bulandet grendalag i felles saker, og så får tida viser om vi vert eit lag ein gong i framtida.

 

Sak 5) Revidering av vedtektene til Værlandet Vel.(sjå vedlegg)

Endringane vart samrøystes vedteke.

 

Sak 6) Nordsjøporthelga 2009.

Så langt er det ingen respons under ”knappen” på heimesida til Bulandet Grendalag/Værlandet Vel. Styret i Værlandet Vel må ta seg av kulturarrangementet søndagen.

Det vert ikkje deltaking frå Skottland i 2009. Shetland ved ”Swan” har signalisert at dei ynskjer å delta i 2010. Linda Landøy sørgjer for at dei vert invitert.

Så må vi får avklart om arrangementet i Floren er eit fellesarrangement.

Det nyvalde styret er klare til å starte arbeidet med Nordsjøporthelga 2009.

 

Møte slutt kl.17.45.

 

Astri Thorsen Landøy

-skrivar-