Referat frå styremøte i Værlandet Vel 2. august 2009

 

 

Til stades: Laila Blom, Audun Oddekalv, Roar Landøy og

Ann Iren Bauge.

 

                  

 

Forfall:       Astri Thorsen Landøy (vara vart ikkje innkalla)         

Tone N. Nybø (vara vart ikkje innkalla)

                  

 

 

 

Sak 1:        TT- TRANSPORT OG SERVICESKYSS

 

Skriv frå Fylkeskommunen om organisering av prosjektet.

Hovudmålet med prosjektet er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei funksjonshemma.

 

Skriv frå ordføraren vedk. TT-transport og serviceskyss – innspell til Fylkeskommunen.

 

Innspel og framlegg til rutetrasèar – møte i Rådhuset 6. aug. kl. 17.30.

 

Styret i Værlandet Vel var samde om at leiaren tek kontakt med ordføraren for å få meir informasjon om prosjektet. Værlandet Vel trur ikkje prosjektet vil føre til endringar for Værlandet/Bulandet sin transport av funksjonshemma.

 

 

 

Sak 2:        TILSYNSRAPPORT – GAMLESKULEN

 

                   Skriv frå brannsjefen i kommunen, vedlagd tilsynsrapport.

                   Styret gjekk gjennom rapporten og merka seg avvik.

Det vert utarbeidd ein tidsplan for utbetringar. Planen vert send brannsjefen.

Roar Landøy held fram som brannvernleiar.

Værlandet båt vert kontakta for samkøyring når det gjeld brannøvingar og branninsruksar gjeldande gamleskulen.

 

Div. informasjon.

Oppfølging av tidlegare saker;

 

 

         Musèet:

         Ny kledning på vegg, opprusting.

         Innhente prisoverslag frå ein snekkar.

Uteområdet – murar, plantar benkar.

 

Gangvegen:

Søkje Sparebankstiftelsen om tilskot til ”utsmykking” av gangvegen; lys, kjetting, benkar m.m.

Ta kontakt med Værlandet Båt og Askvoll Kommune om vedlikehald av gangvegen.

 

 

”Turistinformasjon”:

Oversiktskart over Værlandet/Bulandet; kan kanskje setjast opp ute på  venteromsveggen på ferjekaia?

 

 

 

 

 

Ann Iren Bauge

       -ref.-